Et tu, Brut?

Dei aller fleste har fått med seg at italienske bobler er meir enn berre prosecco. Frå Ferrari og Franciacorta heilt i nord, via Lambrusco i Emilia-Romagna, til sør hjå Donnafugata på Sicilia vert det laga musserande vin. I Piemonte er det Asti og dei søte boblene frå Moscato d’Asti som er mest kjend, men som vi snart skal sjå har området meir å by på.

I åsane søraust for Alba har Alta Langa sin eigen D.O.C.G. Kvalitetsgarantien krev mellom anna at druene er dyrka på over 200 meter – «våre» druer er oppvaksen på over 400 – og den ferdige vinen skal ha årgang.

På 1800-talet var den piemontesiske overklassa sjarmert av franske bobler som vart importert i stor monn. Etter eit opphald i Reims var Carlo Gancia overtydd om at methode champenoise kunne overførast til eigen region. Usikker på om han skulle gå for franske druer eller lokaltradisjon, heilgarderte han seg med både produksjon frå Moscatodruer, men fekk også dyrkarar med seg på å planta pinot nero (pinot noir) og chardonnay for å laga Spumante alla Francese…

Vår vin i kveld har 70% pinot noir og 30% chardonnay, og er laga med sjampanjemetoden. Fontanafredda-garden hadde ein litt snuskete oppstart som ei gåve frå Vittorio Emanuele II til elskerinna si, men sidan 1870 har garden vore mest kjend for vinproduksjon. I dag produserer dei over 8 millionar flasker årleg, og – i tillegg til eigen dyrking – kjøper druer frå 400 lokale leverandørar. Sjølv i dette gigantperspektivet – som også inkluderer hotell, restaurant, omvisingar og konferansesalar –  har dei forplikta seg til å driva eit berekraftig og miljøvenleg prosjekt.

Fontanafredda Bolla Ciao Alta Langa Brut 2013

Markant lukt av bakst ved flaskeopning. I glaset frå nyopna flaske er det eit gjærstikk som er ganske ubehageleg og overdøver alt anna. Heldigvis luftar det av seg i løpet av nokre minutt og overlet plassen til pære, nybakt brød, sitronskal, hasselnøtt og ørlite basilikum. Når temperaturen stig i glaset kjem søtlege honningtonar.

Juicy og leskande anslag, midtparti med syrleg Granny Smith-eple og litt bitter grapefrukt, før ei overraskande lang og markant avslutning som pøser på med sitron.

Ikkje verdas mest spanande vin, men reinare smak og med meir trøkk enn eg hadde venta meg. Supert kjøp til 180 kroner dersom du likar ein litt spiss og syrleg stil, og som haldt bra følgje med italiensk nittitalstallerken…

Building Instrument – Building Instrument

I november 2018 kjem ny plate – i mellomtida tar vi eit gjenhøyr med debuten frå 2014. Allereie i 2008 starta Mari Kvien Brunvoll (Spellemannsnominert soloartist), Åsmund Weltzien og Øyvind Hegg-Lunde (The Big Almost, Crab is Crap, The Sweetest Thrill) bandet som har synt seg seigliva. Frå intensjonen om å laga eit elektronika-prosjekt endra dei seg kvikt til eit meir akustisk uttrykk. Musikken er groovy og atmosfærisk pop-impro; mystisk molde-dialekt, men med melodiar som klistrar seg til cortex. Tenk Mike Oldfield møter Björk på fest hjå Lykke Li…

Historia dveler det heile i gong på roleg, ouverture-aktig vis, før eit (av mange) høgdepunkt.  Alt e Bra, sparkar frå med trommehistoria si mest komplekse melodisk-rytmiske konsentrasjonsøving frå Hegg-Lunde og ditto intervallhopping frå vokalist Brunvoll. Melankolske Kanskje har verdas tristaste melodika-solo saman med ein inderleg,  resignert tekst  – men samstundes ei melodilinje med umiddelbar hit-potensiale. Nydeleg avslutning på Side A.

Bli Med er groovy og frydefull oppvekstnovelle, Klokka Sju har sofistikert pop-teft så det heldt – kunne lett ha vore ekstranummer på Kate Bush-konsert. Ei genial plate avsluttar med ordlause Språk – nydeleg solo frå Weltzien, verdas mest funky klaske-zither frå Brunvoll og trommegalopp frå Hegg-Lunde. Gleder meg til neste lytting!

Kjelder:
altalangadocg.com
fontanafredda.it
hubro.no

Leave a Reply