4 nyansar av chenin blanc

Av alle vinverdas grøne druesortar, er chenin blanc ein outsider. Kjend, men ikkje elska, av vininteresserte. Det er ikkje mange chenin blanc-vinar som dukkar opp i feeden, samanlikna med riesling og chardonnay. I min eigen kjellar, er chenin blanc godt plassert på ein 8. plass med 2,8 % av all vin. Størst, rangert etter drue er riesling med 24,5%. Men i retrospekt skulle eg nok gjerne sett at nokon av druene lengre nede på lista mi hadde bytta plass med chenin. Eg veit ikkje om eg har heilt trua på chenin med lagring. Mange tørre er gode når dei er unge og friske, og nokre får vel mykje aroma av ull med litt kjellartid. Dei fleste chenin-vinane i kjellaren min er søte, og det er mange årgangar Moulin Touchais. Dei held stand i lang tid, så eg er ikkje så redd for dei. Men eg tenkte å sjå litt på tørre vinar av chenin blanc. Der har eg vore borti ein del skuffande flasker, og eg vegrar meg for å fylle kjellaren. Men eg vender stadig tilbake, for det er noko med tørre chenin blanc som vekkjer nysgjerrigheita. Vinane balanserer på ein knivsegg, på ein måte som ikkje liknar riesling eller chardonnay. Dei to har meir ei jamn stigande grad av kvalitet. Ein enkel eller keisam riesling glir ned. Med chenin blanc er det annleis. Der er det balanse i vinen, eller ikkje. Om det ikkje er det, er vinen katastrofalt dårlig. Kanskje er det på grunn av sein innhausting kombinert med litt botrytis og malolaktisk omdanning på nye fat.

Men chenin blanc er ein ganske stor spelar internasjonalt. Om lag 35 000 hektar (ha) finst det, og over 50% av dette er i Sør-Afrika. Dette gjer drua til den 26. mest planta av dei om lag 1500 kommersielle vindruesortane som finst. Av dei grøne druene er det fire inne på top 10, som også inneber druer til konsum og produksjon av rosiner. Det er airén 218 000 ha, chardonnay 210 000 ha, sauvignon blanc 123 000 ha og ugni blanc/trebbiano med 111 000 ha. Av desse er chardonnay den mest utbreidde, for han finst i 41 land!

Opphavet til chenin blanc er i Loire-dalen, og det er dei midtre delane med Anjou-Saumur og Touraine, at vi finn dei fleste og beste vekststadane. På sørsida av elva Loire, finn vi appellasjonane Coteaux du Layon, Quarts de Chaume og Bonnezeaux, som i hovudsak produserer chenin i halvsøt til dessertvinssøt versjon. Ein aukande mengde tørr chenin frå same område kan bruke Anjou Blanc som appellasjon, men ein del sære gubbar og sta kvinner vel å nytte Vin de France, for å skilje seg litt ut. På nordsida av elva ligg den potensielt mest spanande staden for tørr chenin, Savennières. Men her har det vore mykje opp og nedturar sidan phylloxera-utbrotet på slutten av 1800-talet. Appellasjonen dekkjer 342 ha, men i dag er det berre 146 hektar som er nytta til vinmarker. Mykje ligg brakk, og truleg finst det gode tilhøve i noko av dette. Lengre aust i Touraine, ligg Vouvray og Montlouis. Her vert det laga chenin i alle fasongar, frå musserande til tørr, halvtørr, halvsøt og søt.

I Sør-Afrika finn vi altså over 50% av verdas chenin-avlingar, noko som skulle bli om lag 18 800 hektar. Dette utgjer 14,5% av landets vinmarker, ein veldig nedgang sidan 1990, då chenin stod for 31,9%. Gjennomsnittsnivået til vin på chenin blanc er nok høgre i Loire enn i Sør-Afrika. Det er mykje simpel kvitvin laga på overproduktive vinmarker i litt for varmt klima. Ein god del går også til brandy-produksjon. Men dei aller beste flaskene med tørr chenin frå til dømes granitt eller glimmerskifer i Swartland er verd å kike etter. Det finst også flotte søte vinar frå lågt utbytte og med botrytis, eller laga som stråvin.

Damien Laureau Savennières Les Genêts 2013

Strågul. Fin frisk ekspressiv chenin-nase frå nyopna flaske. Lemoncurd, salt stein og epleskrell. Frisk, lett og sitrusprega på smak. Både frisk og mogen syre, og med eit lite fatpreg. Lett bitter finish som også har litt eple. Middels kompleks og god chenin blanc. Vinen har mogna i to år på kombinasjon av brukte fat og glasfiberkonteiner. Malolaktisk omdanning vert gjennomført. Det er ikkje alle som gjer dette, og før 1990 var det ganske uvanlig i Savennières. Notat frå juli 2018.

12,5% alkohol. Pris kr 279,90, sett ned til 99,90 i oktober 2018, og dermed stort sett utseld.

Damien Laureau stelte familien sin fruktgard på sørsida av Loire, i Anjou. Etter kvart fekk han interesse for vindyrking og vinproduksjon, og han fekk leigd noko vinmarker med chenin blanc og cabernet franc. I 1999 var det på tide å kome over elva til ein storgard, Savennières, trur eg namnet var. Han fekk leigd nokre vinmarker, og var i gang. I dag har han 8,5 hektar, og lagar fire ulike cuvéear.

Chateau Soucherie Savennières Clos des Perrières 2014

Strågul. Smal og frisk på lukt. Grøne eple og kvit fersken. Munnen følgjer opp med ein syrlig, stram og litt grøn vin med heftig eplesyre og kart i ettersmaken. Eg likar friske vinar, men dette var utan sjarm. Hausta for tidleg og/eller blokkert malo? Vinen er gjæra på 500 liters fat, og sidan fått ni månader på fat og 9 månader på tank. Notat frå oktober 2018.

13% alkohol, kr 199,90 på polet.

Denne produsenten held til på sørsida av elva i Coteaux du Layon, der majoriteten av dei 28 hektar med vinmarker ligg. Her vert det laga Anjou Blanc, Anjou Rouge og søt Coteaux du Layon. 1,8 hektar ligg i Savennières, i vinmarka Clos des Perrières. Jordsmonn med sand, granitt og vulkansk stein.

Carinus Swartland Chenin Blanc 2017

Lys strågul. «Tørr» eple- og sitronlukt. Dette luktar som om det er godt mogne druer i sving, og 13,5% tilseier jo det. Her er gule eple og eit rikt preg. Chenin-typisk på smak med bra fylde og deilig frisk syre på den litt spisse sida. Eg finn eple, kvede og lanolin. Lettdrikkelig og balansert. Notat frå september 2018.

13,5% alkohol, kr 209,90

Danie og Hugo Carinus er i slekt, og eig svimlande 500 hektar vinmarker i Swartland. Og dei driv vinmarkene godt, for det er rift om druene. For eit par år sidan, byrja dei å setje sin eigen etikett på nokre vinflasker også, ved hjelp av unge og lovande Lukas van Loggerberg. Med den karen ved gjæringskaret, har også vinen deira byrja å bli populær. Men det er førbels berre produsert i liten skala. Vinmarka som gjev dene vinen vart planta for 36 år sidan, og er «dry farmed,» altså utan kunstig vatning.

Kottabos Chenin Blanc 2017

Lys strågul. Eit lite «salt» preg i lukta med noko i retning hummarskal. Tørr, frisk og seriøs chenin blanc med fin tekstur og litt bittersting i ettersmaken. Druer frå Stellenbosch. Notat frå september 2018.

13,5% alkohol, kr 249,90

Reenen Borman er arving til Boschkloof Wines, ein ganske solid vineigedom i Stellenbosch. Frå 2009 har han også ansvaret for vinmakinga på farsgarden. Men dette vert naturleg nok for trygt for ein av den unge garde på den ny-gamle vin-scena i Sør-Afrika. Han har difor alliert seg med nokre kompisar og starta Kottabos, der dei kan prøve ting som vert for smått og sært for den eldre generasjon. Druene til denne chenin blanc-vinen kjem frå Polkadraai utanfor Stellenbosch. Moro namn? Kottabos er forresten namnet på ein gresk drikkeleik frå 500 f. Kr.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *