Pinot of no return

Med naturvinbølgja fekk den rufsete vinbonden sin renessanse. På vinmesser vart skjeggete menn med svak duft av hest – tidlegare diskret gjort merksam på at Felleskjøpet-butikken ligg lenger borte i gata – no hylla som rockestjerner. Utfordringa dei ser ut til å gje seg sjølv er å leggja mest mogleg av kvalitetsgrunnlaget i åkeren og manipulera minst mogleg i kjellaren.

Innafor denne hands off-filosofien finns det ein subkategori som heiter Patrick Sullivan:

«For me, winemaking is simple,» explains Patrick, «you put the grapes into a fermenter, check to see if they smell OK, and if they do, then they’re probably fine… it’s all sensory.»  (thewineidealist.com)

Eksentrisk antipode-vin frå ein uvanleg vinbonde som heller ville studera botanikk enn tradisjonell vinmaking. Målet er minst mogleg innblanding i prosessane fram til det ferdige produktet. Han brukar heile drueklasar, vinen har spontanfermentert, er ufiltrert og det er gjort minimalt med svovling.

Patrick Sullivan Windy Cottage 2017

Jordbær, bringebærjuice, jordtoner, ørlite kardemomme  – mykje reinare og mindre funk enn eg hadde venta meg, men samstundes er den karakteristiske sursøte naturvinsdufta baki der.

Friskt anslag, får først tanken «kvifor smakar vinen tyttebær?» men etter eit lite minutt i glaset er det bitre erstatta av laserskarp bringebær. Ligg litt bitre urter bakom, men dette gjev berre ryggrad og meir kompleks vin. Luft og tid gjer godt – etter ei stund får vinen eit fyldigare preg med lekker blåplommesmak. Anstendig lengde i avslutninga.

Ein litt meir seriøs vin enn Bonkers og Half Full frå Patrick Sullivan – der desse vinane har koko drueblandingar har vi her hundre prosent pinot noir – ikkje superkomplisert, men smaksrik samstundes som vinen kjennes lett og forfriskande. Litt engstelege tanniner bygde forsiktig opp og fungerte fint i møte med lam – eit møte som også henta fram ein fin anis-smak  frå vinen.

Bon Jovi – Slippery When Wet

When I was 18, I decided that I wanted to lose my virginity to Jon Bon Jovi… (Moon Zappa)

Overgongen frå hardrock til hår-rock på midten av åttitalet medførde at no byrja også jenter å kjøpa tyngre musikk, og – tru det eller ei – i 1987 selde Slippery When Wet fleire eksemplar enn Bad, Appetite for Destruction og Joshua Tree, og denne tredjeplata har seld over 20 millionar eksemplar.

Skoten i hjarta og skulda er di…

Du gjev kjærleik eit dårleg ry…

Kva skal ein sei over 30 år etter? Desmond Child bør nemnast – som låtskrivar bak i kulissane har han  same betydning for hardrocken som Holland–Dozier–Holland hadde for Motown. Det same bør vel Hugh McDonald, som spelte dei berømte basslinjene medan den offisielle bassisten var opptatt med kjemi eller noko..

Let it Rock lét som ei blanding av Deep Purple, Kiss og Chrissie Hynde utan å vera særleg sjarmerande. You Give Love a Bad Name derimot, gjev ei barnsleg lyst til å synga med på refrenget.  Livin’ on a Prayer har framleis verdas tøffaste basslinje og verdas tøffaste gitareffektar.

Tekstmessig er det litt budsjett-Bruce Springsteen, men kven høyrer på Bon Jovi for tekstane sin del..? På slutten av låta skjer det noko interessant – nerd, eg veit. Det er ein klisje i rock og pop å skifte toneart heilt mot slutten for å vekka opp lyttaren. Dette er gjerne ein heiltone opp, noko som gjer at vokalisten må anstrenga stemmen sin litt meir, og keyboardisten får fleire svarte tangentar og blir gretten. Om du har teknikken, og subtil er eit ord du ikkje har i vokabularet kan du sjølvsagt velja ein annan strategi. På Livin on a Prayer har Bon Jovi nok sjølvtillit og stemmekontroll til å ta låta tre heiltoner opp – effekten er dramatisk for å sei det mildt.

Wanted Dead or Alive har ein slags moderne countrylåt møter powerballade som framleis er ganske tøft, men kunne like gjerne vore ein Guns ‘n’ Roses-låt. Pluss for heftig gitarsolo frå Richie Sambora.

Dei fem låtane på Side 2 følgjer omtrent same formular utan å overbevise så veldig. Allsangvenleg testosteronrock, lett seksuell innuendo – eg kan godt forstå at Jan Tore (16 år) likte dette, men i dag er det lite anna igjen enn hit-singlane som er verd å høyre på.

Kjelder:
backfencepdx.com/
Div Wikipedia
autentico.no
http://bonjovi.com/

Leave a Reply