Bleik bastard

Trousseau/merenzao/maturana tinta/maría ordoña/verdejo negro/bastardo, grøderike og uekte barn får mange namn. Drua kjem frå Jura i Frankrike, og analyser av arvestoffet viser at savagnin er mora. Men kven er faren? Han stakk av utan å leggje att namn og nummer.. Ja, det er nok ein bastard, dette. Uansett er sorten sett i skuggen av sine meir kjende søsken. Dei går under namna sauvignon blanc og chenin blanc og har reist verda rundt med suksess. Trousseau har også vore på tur, men sa ikkje i frå heime, og korleis han plutseleg var hamna på den Iberiske halvøy kan ingen gjere greie for. Nokon har notert noko skriftleg om bastardo i Portugal i 1531. Og han har skikka seg såpass vel at han var hamna i selskap med mencia i Galicia, gjekk under namnet verdejo negro i Asturias, og sneik seg med i DO Rioja sitt halvslappe regelverk. Han fekk seg ein seglas til Madeira, der det finst gamle vitnesbyrd i form av årgangsvinar frå før Gerhardsen var påtenkt. Men i Douro, folkens, i Douro, der har ikkje bastardo lege på latsida. Trass i sin bleike farge, klarte denne sorten å bli den mest planta av alle på slutten av 1700-talet.

Trousseau gjev godt foll og mognar tidleg. Treng godt med sol og er ein hardhaus i møte med sjukdomar. Klasane er små og tette. Druene små og med tjukt skal. Og dei har potensial for høgt sukkerinnhald. I Jura vert drua til både strukturerte og lagringsdyktige vinar, og lyse og lettare versjonar. Det er sistnemde eg stort sett har vore borti.

Tre vinar er smakt, og alle er frå område som er betre kjend for andre sortar. Douro er portvinens heimstad. Dei siste 15 åra har også raude bordvinar blitt lagt merke til. Men det er ikkje bastardo som dominerer i miksen. Touriga nacional, tinta barocca, tinta roriz og touriga franca er mykje meir utbreidd i dag. Bastardo var ein større del av vinmarkene som gav druer til portvin før phylloxera. Men framleis finst han. 1218 hektar totalt i Portugal, og ein del av dette er planta i Dao og Beiras. I Rioja er det tempranillo som regjerer, og maturana tinta som drua heiter lokalt, er knapt over sperregrensa med 154 hektar. Jura er det nok ein del som har vore borti, men truleg er det kvitvin på chardonnay eller ein type cremant. Den bleikraude trousseau dekkjer berre 8% av jura sitt vinmarksareal på 2100 hektar.

Her var det breidde i smak og stil! Men spørsmålet er: fødd sånn eller blitt sånn? Altså, er det genetisk variasjonar i druematerialet som ligg til grunn for desse vinane frå Rioja, Jura og Douro? Eller er det terroir som kan forklare skilnaden? I og med at både trousseau, bastardo og maturana tinta figurerer under same kapittel i boka Wine Grapes til Robinson, Harding og Vouillamoz, er det eit tungtvegande argument (boka veg 2526g) at det er same sort. Men dersom druene har lang historie på kvar stad, er det også tid til at genetikken kan endre seg. Trousseau kan ha blitt krysspollinert med ein annan druesort, eller det kan ha skjedd mutasjonar som har skapt særeigne karakteristikka.

Domaine Ratte Arbois Trousseau Les Corvées 2016

Fargen er medium burgundraud, ung og transparent. Reduktiv og funky på dag ein. Prikkande i munnen av CO2. Elles syrlige raude bær på lukt. På dag to framstår vinen i litt meir godt lune. Frisk, lett og open raud frukt. På ein måte rein, men også litt funky og naturvinsaktig. Tja.. ikkje heilt mi greie. Notat frå august 2018. 12,5% alkohol, kr 300,-

Folka bak Domaine Ratte har halde på med vindruer i generasjonar, men alltid levert til kooperativet Fruitière Vinicole d´Arbois. I 2015 fekk dei oppheva kontrakten og kunne byrje å vinifisere utan tilsyn av vaksne. Dei har hatt økologisk filosofi i lang tid og starta på Steinerskuleveg allereie i 1989. Vinmarkene ligg rundt Arbois og deira trousseau er ein spesiell variant som går under namnet trousseau à la Dame. Denne har ein lausare klase og svært lågt utbytte. Ofte som konsekvens av dårlig fruktsetjing etter vått vêr ved bløminga.

Conceito Bastardo 2017

Bleik lyseraud, nesten rosé! Fersk og fruktig lukt av syrlige bjørnebær. Noko grønt, eg tenkjer stilk. Frisk, ung og ganske lett vin med mykje bær og litt jord. Bjørnebær og raude eple. Litt tanninbitt i ettersmaken. Tja.. litt for enkel og keisam til prisen. Notat frå september 2018. 13% alkohol, kr 299,-

Langt inne i Dourodalen mot spanskegrensa, ligg eigedomen til unge Rita Ferreira Marques og familien hennar. Dei har levert druer til portvinsprodusentar i to generasjonar. Rita har ikkje vakse opp med druedyrking, og hadde andre planar då ho byrja å studere. Men midtvegs i ingeniørstudiet vart ho biten av vinbasillen, og byrja i staden på vinmakarstudier. I sidedalen Teja, i Douro Superior, har Rita tre ulike eigedomar, og ei vinmark er kun planta med Bastardo. I denne dalen er det mykje kjøligare enn elles i Douro Superior, og det gjer vinane herifrå friskare. Fyrste årgang av Bastardo var 2004. Druene vert plukka i august, før sukkeret skyt i veret og syra forsvinn. Så vert dei fottrakka i opne gjæringskar med stilkar for å få meir struktur. Sidan vert vinen lagra i brukte eikefat før flasketapping. Førre gong denne vinen var i Noreg, var 2011-årgangen. Den falt meir i smak enn denne, og prisen var mykje lågare.

Las Cepas Rebuzno Maturana Tinta 2015

Tett mørk raud, med litt lilla og brunt. Vinen luktar stein og friske bringebær. Prikkande og litt naturvinsaktig. Smaken er frisk, konsentrert og middels fyldig. God syre og moderate men lett tørrande tannin. Bringebær og bjørnebær. Juicy, lang og radikal. God til pizza. Men er dette trousseau? Var veldig mørk og anleis. Er det ein klone med særeigne trekk, som avviker frå mange andre trrousseau? Er det høg ekstraksjon? Er det seint hausta druer? Kloke hovud har kanskje svar. Notat frå august 2018. 14% alkohol, kr 185,-

Vi er altså i Rioja. Produsenten Las Cepas, byrja som leverandør av druer, men har sidan 2003 laga og tappa vin sjølv. Dei har vore opptekne av lokalmiljøet, og sidan 1996 har dei drive økologisk. Det betyr husdyrgjødsel, ingen syntetiske sprøytemiddel og ein god del meir arbeid i vinmarka. For å hindre uønska insekt som møll, vert det brukt feromonkapslar som vinbonden heng på oppbindinga til vinstokken. Desse dekkjer eit visst areal og lurer hannane til å tru at her er alle hoene befrukta. Dei flyg difor til ein annan stad. Maturana tinta, som er det lokale namnet på trousseau, dekkjer 154 hektar eller 0,26 % av vinmarkene i Rioja. Kua rautar, hesten vrinskar og eselet skryter. Det sa iallefall språkprofessor Arne Torp. På spansk seier eselet rebuzno, som er namnet på vinen. Kan jo vere ein funfact å skrive bak øyret. Til du ein dag sit som deltakar på ein quiz, for eksempel.

Ein tanke på “Bleik bastard

Leave a Reply