Etna Eruption!

Verdas mest aktive vulkan, UNESCO verdsarvstatus, vinmarker opp til 1000 moh, nyoppdaga prephylloxera vinstokkar i gamaldags oppbinding, lyse, elegante raudvinar laga på ei mystisk drue. Grunnane for å interessere seg for Etna-vin er mange. Ja, ein ting til; Francois Pinault har enno ikkje kjøpt opp dei beste vinmarkene.

Eg har, sidan eg fyrste gong smakte ein vin frå Rangen-vinmarka i Alsace, vore glad i vin frå vulkansk jord. Mange har eit tydeleg preg av at vinstokken har slått rot i nystørkna lava, ryolitt eller andesitt. Ein av grunnane til at det kjem interessante vinar frå vulkansk jord, er at vinmarkene er vanskeleg å arbeide i. Det krev litt ekstra dedikasjon. Mange er bratte og heilt uegna for traktor eller maskiner. Dersom du forsakar idéen om at vinen kan ta smak frå vekststaden, eller har sett den apokryfe episoden av Folkeopplysningen der Andreas Wahl stolt hevdar at det ikkje finst restar av mineral i vinen som vinplanten har teke med seg frå jorda, ja då kan du slutte å lese no. Dersom du tek livsløgna frå gjennomsnittsmennesket, tek du lukka hans òg, som doktor Relling ville sagt om Ibsen hadde brukt landsmål. Og eg har ikkje tenkt å stele nokon si lukke, nei eg stryk deg medhårs og har kun blå piller. Derfor er utgangspunktet; vulkansk mineralitet gjev vinar med særpreg.

Vinområder med vulkansk berggrunn finn vi mange stader, men to områder har sterk appell hjå meg. Tokaj for kvitvin og Etna for raudvin. Visst finst det gode kvitvinar på Etna også. Spesielt på carricante. Men det er raudvinen på nerello mascalese som eg har vore mest borti.

For ei tid tilbake heldt eg ei smaking med Etna Rosso som tema, og under kjem nokre korte notat frå vinane vi smakte. Ein av grunnane til å smake Etna Rosso, var inspirasjon frå ei ny vinbok, Volcanic wines, Salt, grit and power, av den kanadiske sommeliéren John Szabo. Boka tek for seg vulkanske vindistrikt frå Chile, via Makronesia og Tyskland, til Rangen i Alsace og Santorini i Middelhavet. Her er greie kart og fine bilete. Dei viktigaste produsentane frå kvart område får ein liten omtale. Her vert det brei dekning på små område som Madeira og Rangen, medan Etna kunne hatt med fleire. For dei geologiinteresserte har boka med ei kort innføring i korleis kontinentalplatene bevegar seg, og livet til ein vulkan. Vulkansk mineralitet kan vere så mykje, for vulkanske bergartar har ulikt samansetjing og alder. Det er difor eit litt søkt tema, geologisk sett. Men boka er verd å ha for dei som likar vulkanske vinar og ønskjer meir informasjon om områda og produsentane. Szabo er ingen geolog, så han går ikkje like djupt ned i materien som for eksempel Jacques Fanet i boka Great Wine Terroirs frå 2004. Fanet si bok er god for den som har behov for å forstå meir av korleis dei ulike vindistrikta sitt geologiske underlag har blitt til og ser ut. Men den fokuserer mest på Frankrike, og det er kun eitt eller to område som blir dekt i Spania, Portugal og Italia. Dei vulkanske vinområda boka er dekkjer er Kanariøyane, Tokaj, Somlo og Balaton i Ungarn, Brasil og Auvergne.

Vulkansk mineralitet kan altså kome frå fleire millionar år gamle vulkanar, der dei vulkanske bergartane er brotne ned og ligg i fleire skikt i jorda, slik som for eksempel i Tokaj. Og det kan vere yngre vulkansk aktivitet. Nærast dagsferskt. Slik som på Etna, der det har vore utbrot frå både toppen og sidekanalar fleire gonger dei siste 15 åra. Vulkanen byrja sitt lange liv for 600 000 år sidan. Starten var ved havnivå, og sidan har utbrot etter utbrot bygd fjellet mot himmelen. I dag er høgste punkt om lag 3150 meter over havnivå. Denne relativt korte tidhorisonten gjer at den vulkanske steinen ikkje har blitt broten ned til organisk materiale som leire eller jord. Det materiale som røtene til vinstokken skal jobbe i, er for det meste støkna lava, stein og oske. Dette gjer at vinplanten veks mykje seinare enn det som er vanlig. Men dette er også ein type jordsmonn der phylloxera-lusa ikkje trivst. Det finst difor mange gamle vinstokkar med originale røter, og nokre av dei er planta for over hundre år sidan. Høgda over havet er med på å gjere vinane friske. Det er stor variasjon mellom dag- og nattemperatur, og dette gjer at syrenivået held seg høgt.

Det har vore laga vin på Etna i 3500 år, og vinen var mellom dei gjævaste i Stor-Hellas og Romarriket. Etter phylloxera-epedemien har det vore gått stabilt nedover på Etna. Men renessansen sidan 1990-talet har byrja. Med ein vinstil som burde appellere til pinot-file og nebbiolo-nerds, ser framtida lys ut for den vulkanske raudvinen frå Mongibello.

I Custodi Pistus Etna Rosso 2013

Mørk burgundfarga. Lett funky på nasen med jord, brettanomyses, dyrepels, kakaopulver og lær. Urein og rar i munnkjensle. Hmm.. ikkje heilt topp flaske, eller skal det vere vilt? Kjem nok ikkje til å prøve denne igjen. (kr 222,-)

Le Vigne de Eli Etna Rosso 2013

Lys burgunder på farge. Haustleg på lukt med burgundersk elegant preg av lauv, jord og rips. Raude bær, fin syre og lett perlande tanninstruktur. God vin! Kosta 219, men no sett ned til 199. Skal du berre kjøpe ein Etna-vin fordi du manglar gryn, er denne anbefalt. Dette er Marco de Grazia, som står bak Tenunta di Terre Nere, sitt sideprosjekt. (219,-)

Graci Etna Rosso 2013

Lys burgunderfarga. Elegant raudbærprega. Frisk og syrlig lukt, med noko vulkansk stein. God konsentrasjon, bra fylde og noko struktur. Denne vil nok kunne opne seg opp litt med lagring. (kr 249,-)

Benanti Etna Rosso 2014

Mørk burgunderfarga. Krydra på lukt og smak, i tillegg til syrlige mørke bær. Ein del strammare og meir knytt enn dei førre vinane. Litt tøffare tanninar. (kr 275,-)

Tenuta di Terre Nere Etna Rosso Calderara Sottana 2014

Frisk og elegant lukt av raude bær. Det er ein forfina kvalitet over dette. Raude bær, god syre og smak av noko i retning vulkansk oske. Balansert og god vin. Kan nok lagrast litt for å slipe litt på tanninkanten. (kr 395,-)

Tenuta di Aglaea Thalia Etna Rosso 2014

Lett søtleg frukt, litt fat, kjøt og haustlauv. Litt Barolo-aktig i strukturen. Kanskje litt hard på eikebruken, men det er noko ved denne som allikevel appellerer. Danske Anne-Louise Mikkelsen sin vingard som starta opp i 2013. Driv i dag om lag 4 hektar. Ho har laga vin på Etna saman med andre sidan 2008. (kr 258,-)

Le Vigne de Eli Pignatuni Etna Rosso 2013

Brunleg burgunderfarga. Pen elegant vin, med preg av mørke bær og fat. Fin syre og lang finish. Men den enklare vinen frå same produsent var ikkje langt bak. Litt forstyrrande eik. Vil han for mykje? La vulkanen strøyme! Liten produksjon her, om lag 1200 flasker frå vinmark på 750 meter over havet. (kr 329,-)

Passopisciario Terra Siciliane Contrada Guardiola 2013

Svært lys raud. Syrlige raude bær. Veldig forknytt i munnen. Smak av syrlige raude bær. Denne treng tydeleg mykje tid for å opne seg opp. (kr 660,-)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *