Nøytral +-

Vin er naturlig i den forstand at det ikkje er naudsynt å tilsetje noko for å lage det. Gjærsopp finst på skalet og i lufta rundt oss. Druene må berre hjelpast gjennom ulike prosessar. Men skal det bli god vin, må vi godta at menneskeleg kulturell påverking er av eit gode. Vitis vinifera er ein klatrebusk, og utan oppbinding og beskjæring ville resultatet vorte ein villniss med alt for mykje druer. Korleis vinbonden steller, binder opp, vel ut klasar og gjødslar, har innverknad på druekvaliteten. Og kor tid han vel å hauste druene.

Når druene er i hus er det også ei rekkje val som vinmakaren må ta, og som spelar inn på korleis den ferdig vinen blir. Skal han avstilke? Knuse eller gjære heile klasar? Kaldmaserasjon eller køyre i gong gjæringa? Kontrollere temperaturen eller la gjæringa styre seg sjølv? Stake ned, pumpe over eller halde hatten nede med nett? Gjære i stål, eik, kastanje, glasfiber, eller kva med eit spansk keramikkegg? Etc etc. Alle val som vinmakaren gjer påverkar vinen i ein eller anna retning. Å hevde at dei eine er meir naturleg eller at noko er nøytralt, er ein modig påstand. At ein har subjektive preferansar for det eine eller det andre, det er ei anna sak.

Kulturrelativisme, perspektiv som går ut på å forstå alle kulturer eller kulturmønstre som likeverdige, noe som innebærer at alle samfunn må forstås ut fra sine egne premisser.

Alle mennesker tolker, oppfatter og forstår virkeligheten ut fra sin egen kulturelle erfaringsbakgrunn. Dette preger menneskers vurderinger og holdninger til andres samfunn og deres kulturelle skikker og levemåter. Dette er utgangspunktet for kulturrelativismen, som innebærer at man tar det for gitt at det ikke kan etableres noen felles verdiskala som ulike samfunn og kulturer kan vurderes eller rangeres i forhold til. På denne måten kan kulturrelativisme forståes som motsatsen til etnosentrisme. (Store norske leksikon).

Eg må vel tilstå at eg i vinkulturen heller mot etnosentrisme. Forstått som klassisk laga vin frå europeiske vindistrikt med lang historie. Det er det eg kjøper, lagrar og drikk mest. Det betyr ikkje at eg ikkje kan smake ein pet-nat frå California. Men hovudtyngda litt trygt planta i europeisk kalk- og leirejord. Har du tungtvegande argument for at eg er ein ignorant tulling, høyrer eg gjerne kanskje på dei.

Innanfor klassiske vindistrikt kan det også oppstå konfliktar, der skillelinjene kan gå rakt gjennom familiar, nabolag eller mellom gamle vener. Når nye tider eller teknikkar bankar på døra og utfordrar generasjonar med akkumulert tradisjon, kan det skape bitter strid i ein liten landsby. Det er naturleg å tenkje på alt det serravalliske og tortoniske støvet som vart virvla opp då Elio Altare, Domenico Clerico, Chiara Boschis & co knuste nokre egg på 1980- og 90-talet. I dag kan vi nyte herlig omelett, aka Barolo, frå langt fleire adresser, truleg takka vere Barolo Boys. Men i Barolo-krigen som i andre krigar, så var sanninga det fyrste offeret. Botte eller barrique vart merket på uniformen, og det som folk utanfrå oppfatta som skillelinja mellom ven og fiende, alt etter kva side i konflikten ein stod på. Men det handla naturlegvis om meir enn det.

Eikefat har fleire effektar på vinen. Fyrst og fremst er det den mikroskopiske oksygentransmisjonen gjennom veden, som er med på å mogne tanninane. Dette er særskild viktig i framstilling av raudvin med mykje tannin, frå relativt kjølige område. Det gjeld også for vinmakaren å finne eikefat som passar saman med vinen han lagar. Ulike eikeslag har ulike eigenskapar, og ulike bøkkarar har ulik stil. Jamie Goode hevdar i boka si Wine Science at “The house style of various coopers is probably the most significant factor influencing the effect of the barrel on the wine”. Eg hadde altid trudd at dei gjævaste barriques og piece kom frå franske bøkkarar, som Damy eller François Frères. Men så byrja eg å lese at fleire var så begeistra for eit firma nær Salzburg i Austerrike som heiter Franz Stockinger. Kvifor var desse barriques, tonneaux, stückfass og botti frå Stockinger så lovprist? Jau, fordi dei har evna til å bevare frukta i vinen, utan å setje noko eikesmak. Dei smelta så og seie saman med vinen. Dei får 1+1 til å bli 3. Og kven var det som snakka så fint om Stockinger? For eksempel Roulot og Hubert Lamy i Burgund, Chave og Graillot i Rhône, Trevaillon og Pibarnon i Provence. Men også fanebærarar i den “modernistiske” leiren i Piemonte som Scavino og Angelo Gaja! Eik er ikkje berre eik.

Barolo, forstått som ein tørr raudvin på nebbiolo, har røter iallefall tilbake til midten av 1800-talet. Før den tid vart nebbiolo i Langhe vinifisert som både rosé, søt, eller med bobler. Kong Vittorio Emanuele sat på trona då Italia vart samla til eitt rike i 1861. Samtidig utvikla han jakteigedomen Fontanafredda i Serralunga til å bli ein vinproduserande gard. Dei fleste som dyrka druer i Barolo-distriktet selde dei til store vinprodusentar som Fontanafredda eller Marchesi di Barolo. Nokre laga vin i primitive kjellarar til eige konsum i liten skala. Men ytre omstende sette kjeppar i hjula for framgang i Piemonte. Oidium på 1850-talet, phylloxera tretti år seinare. Då fyrste verdskrigen braut ut vart gutar og menn kalla til fronten, og mange kom ikkje levande tilbake. Vinmarkene var etter krigen i dårlig forfatning, og det var lite kapital til opprusting. Så kom dei harde 30-åra og andre verdskrig. Etter 1945 var det mykje fattigdom i Piemonte, og ungdomen såg ikkje noko framtid i vindruer eller fruktdyrking. Mange reiste til Fiat-fabrikkane i Torino. Noko av problema i Barolo-distriktet var mangelen på reint vatn. Folk var avhengig av brønnar, som ofte tørka ut om sommaren. Det var ikkje før på midten av 1980-talet at eit rørsystem som frakta vatn frå Alpane, var ferdig utbygd. Mangelen på reint vatn, kan til dels vere årsak til dårlig reinhald av gamle botti. Dette igjen gav ureine vinar med mykje volatile syrer. “Tradisjonell” framstilling av Barolo frå 50-60-talet og framover, var med svært lang gjæring av mosten saman med skal og steinar. Ein av grunnane, var at bøndene hadde andre oppgåver på garden, og ikkje hadde tid til å drive med til dømes mange daglege nedstakingar av hatten på den gjærande vinen. Det var korn som skulle streskast, hasselnøtter og frukt skulle plukkast, og gjerne ein plog som trengde reparasjon.

Det var problemer også med vinmarksarbeidet. Utover på 60- og 70-talet vart det brukt for mykje kunstgjødsel og utbytte vart for stort. Dette resulterte i låg fruktkonsentrasjon og for mykje syre og tannin. Bortsett frå nokre familiar som hadde vin som hovudinntekt, slik som Bartolo Mascarello og Cavalotto, var det dårlige utsikter og mykje skjemd vin i Piemonte. Ein av dei som tok eit oppgjer med den gamle patriarkalske generasjon og tenkjesettet og vinen deira, var Elio Altare. Og det på ein dramatisk måte. I 1976 reiste han saman med Enrico Scavino til Burgund. Han kom tilbake med nye idéar og pågangmot. Men å få faren med på laget var ikkje lett. Elio byrja å beskjære vinstokken slik at det vart færre skot. Han byrja med grønn hausting på sommaren for å minske utbytte endå meir. I 1979 vart han innlagt på sjukehus med forgifting. Det var insektsprøytemiddelet som faren brukte på frukttrea som gjorde utslaget. I 1983 kjøpte Elio ei motorsag og saga ned alle frukttrea til familien. Etterpå fôr han i kjellaren og gjekk laus på dei gamle rotne botti som dei laga vin i. Han vart erklært arvelaus, men inspirerte fleire av sine vinmakarkollegaer i appellasjonen til å endre kurs. Om enn med litt mindre drastiske verkemiddel.

Barolo-krigen er eit godt døme på korleis ein revolusjon gav nye og ulike tolkingar av ein vintype. På vegen fann somme også tilbake til noko av det som bra med “den gamle måten” å gjere ting på. Og sjølv om dei ulike metodane for å temje nebbiolo sine barske tanninar kan verke som motsetjingar, har ulike versjonar bevist gjennom vinen i glaset at det finst fleire vegar til målet. Ein annan allusjon til dette finn eg i Janosch si barnebok om den vesle tigeren og den vesle bjørnen, Til Panama, til Panama! Dei to venene finn ei banankasse med påskrifta Panama, eit draumeland, og dei legg ut på reise for å finne landet. Men dei går i ring og kjem attende til staden dei bur på. I mellomtida har vêr og vind fare hardt med huset deira, og gras og buskar har vakse vilt. Dei kjenner seg ikkje att, og trur dei har kome til Panama. “Å tiger,” sa den vesle bjørnen kvar dag, “så godt at vi har funne Panama, ikkje sant?” Forfattaren har ein moral i historia til slutt:

“Du meiner at då kunne dei like godt ha blitt heime? Du meiner at då kunne dei spart seg den lange vegen? Å nei, for då hadde dei ikkje møtt reven, og ikkje kråka. Og dei hadde ikkje møtt haren og pinnsvinet, og dei hadde aldri fått oppleve kor koseleg det er med ein slik god, mjuk sofa av plysj.”

Kva gjer fata til Stockinger så ettertrakta? Far og son Franz og Matthias har lang praktisk røynsle frå faget, og produksjonen er ikkje større enn det dei klarer med topp fagfolk. Franz er særs grundig i utveljinga av tre som skal nyttast i produksjonen. Mesteparten av eika kjem frå Austerrike og Tyskland, men også noko frå Russland, Romania, Ungarn og Kroatia. Franz likar sakteveksande tre med tette porer. Stavane ligg til tørk i to til tre år for barriques, og opp til ti år for dei største gjæringskara. Ettersom vintrane har blitt mildare, har tørkinga også blitt endra. Lang tørking av trevirket er med på å drive opp prisen. Stockinger gjennomfører ein lett toasting, som vert kalla LDL, long deep and light. Fata er gjerne sett saman av eik frå fleire stader. Ettersom det kan vere svært ulike poring på tre frå same skog, meiner Franz at ein miks gjev meir konsistent kvalitet over tid.

Truleg finst det konsumentar som held seg i den eine skyttargrava og ikkje ville finne på å kome den andre sida i møte. Men i Barolo må eg erklære meg som kulturrelativist, og eg vil utan skam omfamne både “tradisjonalistar” og “modernistar”, sjølv om desse merkelappane gjev liten meining i dag. Om du er usamd, ser eg fram til at du festar bajonetten, stikk hovudet opp frå skyttargrava og gjer deg klar til nærkamp i kommentarfeltet! Under følgjer nokre notat på vinar med veldig ulik framstillingsmetode.

Roagna Langhe Rosso 2011

Noko utvikla medium burgundfarga. Strålande nebbiolo-lukt med tobakk, tjære, gamalt treverk, tinte jordbær, mørk frukt og litt stall. I munnen er dette ein frisk tørr vin med utvikla frukt. Nedslipte tørre tannin med godt grep. Røyk, maltwhisky, gamalt treverk og lakris. Hmm.. interessant vin, men her var det litt mykje treverk og røyk og for lite frukt. Her er det kvalitet, men eg er ikkje begeistra. Vinen er 100% nebbiolo med fem år i botte. Druemateriale frå yngre vinstokkar i Pira i Castiglione Falletto og Pajé i Barbaresco. Eg stille spørsmål ved så dogmatisk eikeregime på dette druematerialet. Store fat er også fat, men alt gamalt er ikkje feitt. Neokonservativ stil, som nok er litt krevjande for allmugen. Har bestilt ny årgang for å gje han ein sjanse til. Det kan jo vere at 2013 viser seg frå ei betre side. Notat frå mai 2017. 13,5% alkohol, kosta 299,-

Paolo Scavino Langhe Nebbiolo 2013

Mørk burgundfarga, med lilla i kjernen. Transparent. Flott parfymert fruktmiks av søte jordbær, sure bjørnebær og lakrisrot. Smooth vin i munnen. Glatt tekstur og god konsentrasjon. Mykje frukt som går mot mørke bær, lakris og haustlauv. Tanninane kjem på slutten og tørrar i munnen. Denne har fleire sexy år framfor seg. Druer frå to vinmarker i La Morra. Her kan ein lese korleis vinmakinga nok spelar inn på resultatet. Scavino er svært oppteken av å få elegante tanninar. Metoden er gjæring i rotorfermenter og påfølgjande mogning i kombinasjon av barriques og botti. Men den yngre generasjon er på veg i retning tilbake til “old school”. Elisa Scavino har installert ny vertkal gjæringstank med “blandepinne” og muligheit for å halde hatten nedsenkt og fuktig under nett. Her blir det gjæring med skal i 10-12 dagar, mot 8 i den gamle rotorfermenteren. Etter pressing går vinen tilbake på tank for sluttføring av alkoholgjæringa. Sidan blir den malolaktiske omdanninga gjennomført i barriques. Men også her kan det bli endring. Elisa lurer på å nytte dei nye frekke botti frå Stockinger på heile fatmogninga. Inkje er nytt under soli, som det står i bibelen. Det gamle kjem attende. Notat frå februar 2017. 14% alkohol, kosta 239,-

Sjølv om desse notata frå 2017 viser tydelege forskjellar i tilnærming til nebbiolo, måtte eg prøve nye årgangar for å sjå om sanseapparatet mitt var i vater. Roagna er no i november 2018 tilgjengelig i 2013-årgangen, medan Scavino sin 2016 av Langhe Nebbiolo kjem på polet i januar.

Roagna Langhe Rosso 2013

Medium litt brunleg burgunderfarga. Sursøt haustleg lukt av rusta jern, speka kjøt, brune krydder, gamle fat, i tillegg til raude bær. Ganske mjuk og fin i munnnen, ikkje så langt unna elegant. Nedslipte og lett tørrande tanninar. Vinen ber preg av utvikling på fat og smakar fint av raude bær og haust. Eit lite preg av røyk i ettersmaken. Litt tilknappa enno, truleg vil vinen kunne opne seg opp med litt lagring. Her var det betre balanse i vinen mellom frukt og fat enn tilfellet var for 2011-årgangen. Smakt side ved side mot Scavino, kjem denne fram i lyset, medan Scavino sin Langhe vert utsett for eit press som belyser dei svake sidene. 13,5% alkohol, kr 339,90. Testa med Zalto Burgundy.

Scavino Langhe Nebbiolo 2016

Ung burgunderfarga, med lillaskjær. Det luktar herleg av ung nebbiolo med krydder, søte bær, lakris og sopp i retning trøffel. Vinen er rein, lekker og speler på strengar av instant gratificaton. God fruktsødme, litt mjuk frukt. Det er tydeleg at årgangen er god og at druematerialet har vore lytefritt. Polerte men kontante tanninar. Ah, god vin! Flaska er korka med Diam5, som vitnar om at Scavino følgjer med i timen, og forventar at vinen kan utvikle seg i nokre år. 14,5% alkohol og testa med Zalto Burgundy-glas.

Dette er to prisgunstige vinar som er gode representantar for nebbiolo frå Langhe, om enn på ulik måte. Noko som slår meg er informasjonen på etiketten. Kva skal ein forvente av ein Langhe Nebbiolo? Det geografiske området omfattar meir enn DOCG Barolo og DOCG Barbaresco, men ofte er det ein deklassifisert Barolo eller Barbaresco. Roagna har informasjon på baketiketten om vekstsone, druesort og metode. Dette gjev godt grunnlag for å forstå korleis vinen vil framstå. Scavino er ikkje like open. Litt søking avslører druene sitt opphav og metoden, men begge deler kunne godt vore delt med kjøparen av flaska. Elegansen og fruktkarakteren i vinen snakkar tydeleg La Morra og kort ekstraksjon, men for ein uinvidd som berre ser Langhe Nebbiolo er det ikkje innlysande.

Ja, for somme tider skal du ha ein vin til mat, medan andre gonger vil du berre sitje i ein mjuk sofa av plysj.

2 tankar på “Nøytral +-

Leave a Reply