Ro i zelèn

 

I Slovenia er det nok  Stekar og Simcic som er mest kjent der dei ligg rett over Collio frå den italienske grensa, men ein liten time lenger aust skjer det også spanande ting. I skuggen av Alpene ligg Vipavadalen der mykje sol og mykje vind balanserer kvarandre på ein gunstig måte for både druer og anna frukt.

I Slap har familien Žorž laga vin sidan 1696. I dag har yngste generasjon overtatt og innført økologiske prinsipp, medan seniorane framleis bidreg med verdifull kunnskap. På 12 hektar dyrkar dei merlot, cab sav, barbera, pinot gris, samt lokale zelen og pinela.

Zorz Zelen 2017

100% zelen – ei lokaldrue med godt rykte på midten av 1800-talet, men nesten borte hundre år etter. I dag er ho på veg opp at igjen, ikkje minst fordi drua eignar seg betre enn meir berømte slektningar i vindfulle Vipava.

Våt stein,  nektarin og sitronskal parfymert med kvit blomst. Litt innestengt duft, får ein times strafferunde på karaffel. Fyrsteinntrykket kunne utan problem lurt meg til å tru at dette var ein riesling.

Fyldigare snute etter lufting. Fersken, blomstereng, litt laurbærblad og lavendel, pære. Eit ørlite sursøtt pickelspreg. Spanande og annleis duft.

Spiss i anslaget med tydeleg lime. Litt spinkelt midtparti med ananas og meir lime. Rosmarin, kjørvel-bitre urter… Rund avslutning med litt honning.

Annleis vin der eg så gjerne skulle ha bytta nokre tiarar i påslag mot berre litt meir konsentrasjon. Uansett ein kul vin til 160 kroner.

Esperanza Spalding – Emily’s D+Evolution

Bassist og vokalist Esperanza Spalding – vedunderbarnet som debuterte på fiolin som femåring, lærte seg sjølv å spela bass, og besto opptaksprøve på Berklee som 17-åring. Konkurransemiljøet frustrerte henne og ho forsvann etter kvart på vegen med Patti Austin og Joe Lovano. Undervegs har ho etablert seg som bandleiar, bassist og vokalist, blitt spesialinvitert for å halda konsert for Barack Obama og spelt på Nobelpris-konsert. Og så slo ho Justin Bieber med Grammy for Best New Artist i 2011… På overflata er Emily’s D+Evolution  ein songsyklus/konseptplate om Emily (som «tilfeldigvis» er mellomnamnet til Spalding) som strevar med sitt.

Når eg smakar vin opplever eg ofte å merka ein duft eller smak som eg veit eg kjenner, men er så flyktig at eg ikkje klarer å identifisera han i «biblioteket» før han er borte igjen. Denne plata er sånn. Spalding har pjåta inn hauger av referansar, men før du rekk å tenkja Jimi eller Joni eller Tori eller tidleg Genesis eller Stevie Wonder eller Weather Report er ho vidare med noko heilt anna som tek merksemda.

Vinylen har vore ein obsession for meg ei god stund, men eg veit enno ikkje heilt kvar eg skal byrje. Det meste er catchy pop, men samstundes prøver ho å sabotere seg sjølv med komplekse prog-linjer før ho igjen lét som ei blanding av Joni Mitchell, Al Jarreau og Prince. Produsentlegenda Tony Visconti prøver å kontrollera det heile, men det verkar som den viktigaste rolla hans er å hindra jazzmusikarane i å høyrast for mykje ut som jazzmusikarar.

Høgdepunkta er mange – Good Lava kunne vore eit tidleg samarbeid mellom Hendrix og Zappa, medan funkballaden Unconditional Love  er ei super Prince-låt.  Judas blir ei sånn Steely Dan møter Joni Mitchell i kjellarstova til Wayne Shorter. One kjem med mengder av elegante nikk til Jaco Pastorius, medan Rest in Pleasure vekslar mellom behag og desperate gitarlinjer.

Side B startar med eit nikk til McFerrin og Zawinul på Sportin’ Life før alvoret startar – her blir rasismen i USA adressert i Kendrick Lamar-stil. Elevate or Operate er ei prog-suite verdig King Crimson, før bassist-Esperanza tar rennefart inn i Funk the Fear.

Tilgjengeleg, komplekst og mystisk på ein gong – sjølv på ∞ gjennomlytting oppdagar eg nye detaljar…    

Kjelder:

http://www.sloveniaforyou.com
http://www.vino-zorz.si
http://www.bassplayer.com/article/only-24-jazz/may-08/35479
Div Wikipedia
http://www.esperanzaspalding.com/

2 tankar på “Ro i zelèn

Leave a Reply