Johan Vineyard Petillant Naturel Pinot Noir 2017 

Antroposofiske grumsebobler frå ein nordmann i Oregon.  I Willamettedalen har Johan Vineyard 34 hektar druemark,  i hovudsak pinot noir, men også chardonnay og pinot gris. Vestavinden kjem med kjøleg bris frå Stillehavet, noko som er med på å halda temperaturen nede. Biodynamisk gardsbruk, demeter-sertifisert sidan 2010.

Johan Vineyard Petillant Naturel Pinot Noir 2017 

Spontanfermentert (duh…) lagra på ståltank, flasketappa i mars 2018…

Julebrus! – kraftig duft av jordbær og blomstereng. Ligg litt gjær bakom, men ikkje spor av noko funky naturvinpreg.

Lett prikking på tunga, appelsin, bitter grapefrukt, rabarbra, søte markjordbær, litt honning, varm og fyldig avslutning med litt bitre urter.  Sjølv med forsiktig skjenking går flaska frå limpido til sporco ganske så fort  – når flaska kjem ned i abyssopelagisk sone er munnkjensla meir kremete, men ikkje noko gjærstikk eller anna påverknad på smaken.

Ryddig og rein pet nat som kan vera ein fin introduksjon for naturvinsskeptikarar. Litt for søtleg for mi gane, men likevel ein gøy vin. Fungerte heilt greit til parmesankylling.

Min indre stril er usikker på om dette kan reknast som eit godt kjøp. For rett under 250,- er dette ein betre vin enn ein god del dyrare petillantar eg har smakt, samstundes er det ikkje til å komma i frå at dette er for spesielt interesserte…

Konkluderer med at handverket som er gått med til å laga ein så rein pétillant naturel fortener framsnakk – om du er nyfiken på ur-sjampanje og kjenner deg eventyrlysten så gje gass…

Beatles – «White Album» and Esher Demos

We sat in the mountains eating lousy vegetarian food and writing all these songs. We wrote tons of songs in India (John Lennon)

I november 2018 fyller White Album 50 år og kjem med heilt ny miks av året frå Giles Martin. Det nye lydbiletet er veldig detaljert og lét smashing.

Når ein i etterkant veit kor fiendtleg stemninga var under innspelinga av White Album så er det rart å høyra kor kjekt dei har det saman berre eit halvt år før. The Esher Demos har bandet samla i huset til Harrison der dei spelar akustiske versonar av låtane som endte på White Album – pluss fleire som ikkje nådde opp. Avslappa leirbålstemning, og det næraste ein kan oppleva heile Beatles på nachspiel med kassegitar…

Hoppet til det som vart det ferdige albumet er stort.  White Album er kaotisk, men for eit herleg kaos. Bandet er i ferd med å gli frå kvarandre – det er lett å høyre at låtskrivinga tar separate retningar. Samstundes er det Beatles, og summen er framleis større enn bidraget frå dei enkelte medlemmane.

Sjølv med alle sidespranga er det eigentleg ganske vanvitig – eit band drøymer kanskje om å skriva den eine geniale låta – men på White Album får vi servert Back In The USSR (med nikk til både Beach Boys og Chuck Berry), Dear Prudence, While My Guitar Gently Weeps og Blackbird. Pluss eit lite spark til Zappa med Revolution 9 og første forsøk på heavy metal med Helter Skelter. Musikk som lét like friskt som for 50 år sidan…

Kjelder:
www.thebeatles.com

http://johanvineyards.com/
Div wikipedia

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *