Cogno Dolcetto d’Alba Mandorlo 2015

Etter mange år som ein del av Cogno-Marcarini, gjekk Elvio Cogno solo då han var nær 60 år, og produserte sin første vin under eige namn i 1991. I dag har neste generasjon overtatt med høgt medvit om å vera tru mot tradisjonane. Ikkje overraskande er det Barolo som har mest fokus, men garden har også meir eksotiske ting, som meir enn hundre år gamal pre-phylloxera barbera og obskure nascetta. Og dolcetto…

Dolcetto – druenamnet som ruller så elegant av tunga, som mange har høyrd om, men som så få drikk. Tidlegmoden kvardagsvin i  Piemonte, bokstavleg talt dømd til eit liv i skuggen av nebbiolo og barbera der ho blir planta i åkrar som blir vurdert som mindre gunstige. Til liks med oss alle treng dolcetto berre litt kjærleik og merksemd for å skine…

Cogno Dolcetto d’Alba Mandorlo 2015

100% dolcetto. Handplukka druer, økologiske prinsipp i drifta, spontangjæring og modning på ståltankar.

Heimelaga rispssaft og kirsebærkompott parfymert med fiol. Med tid kjem litt lakris sigande inn i bakgrunnen. Høg sniffefaktor, behagelege duftar.

Friskt og syrleg anslag. Leskande munnkjensle. Litt røft midtparti, men det kler vinen godt.  Rips og lag på lag med kirsebærtonar. Syrleg avslutning med mykje rips og anstendig lengde. Rundar av med tid i glaset – får eit fyldigare blåplommepreg, pluss at det legg seg ein lett bitter lakris-smak og mandel mot slutten.

Blir nærast for elegant med luft, og blir litt for rund i kantane i møte med andelår – eg saknar litt meir brutale tanninar i møte med fettet, men bevares – reine og behagelege smakar i ein balansert og herleg vin. Fungerer antakeleg best til pizza eller ein speka pølsesnabb…

Eg drikk for lite dolcetto…

Musikkbonus: Elvis Costello & Bill Frisell – Deep Dead Blue

I wish to God I didn’t love her so

Eit usannsynleg samarbeid mellom gitarmaestro Frisell og ditto låtskrivar Costello. Eller kanskje ikkje – begge har heile tida sett over gjerdet etter ting som utfordrar eigne tankemønstre. Saman fann dei sama i ein enkeltkonsert som heldigvis vart spelt inn og bevart for ettertida.

Bill Frisell klarar utruleg nok som einaste instrumentalist å halda styr på bass, akkordar og melodi medan han heile tida høyrest ut som – vel – Bill Frisell.

Elvis Costello høyrest ut som han trivst godt i rolla som historieforteljar med fokus på låter han ga ut på åttitalet. Litt Charles Mingus, mykje eksistensiell angst. Mesterleg minimalisme frå konserten i London 1995.

Kjelder:

Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner
www.elviocogno.com
nonesuch.com

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *