Luke 5: Årets assosiasjonsrekkje

Jula handlar mellom anna om å dele. Ikkje som i “lik og del!” Men dele av vår overflod, vår kjærleik og vår tid med andre, av kjærleik. Vinfolk deler også med andre og kvarandre, har eg opplevd. Då eg var ein snartur i Oslo, delte eg ei stund og nokre ord med Henning B, om vin og surdeigsbakingens mirakel. Ole Martin S delte nett nokre ord på Facebook om flytting av vin frå kjellar til skåpet til vinar for snarleg konsum. Eg hadde også ein vin liggjande som hadde vore i kjellaren i mange år, og no var klar for å opnast. Han stod der i drikkevindauget og vinka. Laurdag, måtte det bli. Og medan eg hadde ein tur med joggesko på beina og podcast på øyra, delte Alf Tumble og Petter Alexis på Dela en flaska med Alf og Petter, nokre ord om maraton, madeira og nebbiolo. Tre ting som eg set pris på. Minus maraton, då. Eg har sprunge eitt maraton, og det var New York i 2001, og det var nett New York som var tema hjå Alf og Petter. Og vinen som venta meg heime var ein 2001. Gode flasker med årgang på etiketten, og helst ein årgang tilbake i tid, vert som postkort frå fortida. Hjernens random access memory snurrar seg varm på jakt etter minner. Og det er kanskje tilfeldig kva vi hugsar.

I 2001 var eg ein del yngre, og nokre kg lettare enn eg er i dag. Sikkert fleire som kjenner seg igjen i det. Eg tok svennebrev som konditor på våren, og flytta frå Oslo til Bergen i mai. Fekk meg arbeid og husly på Danmarksplass. I Italia vert Silvio Berlusconi vald til statsminister, for andre gong. Til glede somme, og sikkert til irritasjon for endå fleire. Håkon og Mette Marit giftar seg. 10308 par skil seg. Rosenborg vinn serien i fotball, som vanlig. Jens Stoltenberg overgjev makt og nøklar til statsministerens kontor, til Kjell Magne Bondevik. Dagen etter krasjar to fly inn i World Trade Center i New York. Lars Saabye Christensen gjev ut boka Halvbroren. Ragnar Hovland kjem ut med Ei vinterreise. Gode bøker på kvar sin måte. I midten av oktober er druene i Barbaresco komne i hus. Eit par veker seinare, medan røyken framleis stig opp frå dei samanraste tvilligtårna på nedre Manhattan, begynner eg og 30 000 andre på New York City Marathon.

Produttori del Barbaresco Barbaresco 2001

Medium brunraud vin i store glas, med lysebrun kant. Ein del botnfall. Lekker søtleg nebbiolo-lukt rett frå opning. God intensitet i luktuttrykket. Bær, nype, trøffel og tørka kjøt kjem til meg utan at eg treng å snurre på glaset. Godt med frukt igjen i vinen, rett frå skjenking. Men når vinen står ei tid i glaset, tørkar det litt ut, og frukta vert overkøyrd av syre og tannin. Altså; skjenk små glas og drikk opp, før ny skjenking. Utvikla, men ganske barske og tørrande tanninar. Nydelig vin med fin balanse mellom frukt og sekundæraromaer. Tvilar på om det er nok frukt igjen til vidare lang lagring. Kanskje eit par år til. Dei som var lure og kjøpte denne i kassevis, og framleis har noko att, er heldige. Treng litt mat for å temje tanninane. 14% alkohol. Kosta vel rett i overkant av 200 kroner i 2003 eller 2004. Smakt 01.12.18 frå Zalto Burgundy heime i fred og ro.

PS: Podcast-episoden eg høyrde på heiter Det är alltid madeira-säsong. Eg sleng difor på ein anbefaling på madeira. Vinen kom inn hyllene på polet i november.

Justino´s Madeira Malvasia Colheita 1997

Brun med oransjebrun kant. Intens og søt lukt av svisker, sjokolade og gamle fat. Litt volatile syrer, her er alt på stell. Smaken er søt og rik, men med frisk syre som reinsar opp. Her følgjer det på med tørka frukt, fiken, vanilje og gamle fat. Litt bitter appelsinmarmelade i ettersmaken. Fint utvikla 21 år gamal madeira til prisen av pressvinen som eit middels chateau sender unna i bulk. Aka godt kjøp! 20% alkohol, 395 kroner for heilflaske. Vinen er tappa på flaske 07.09.18, altså nesten 21 år på fat, med fordamping, konsentrering og utvikling. Smakt heime 05.11.18 frå Riedel Sauvignon Blanc-glas. Eg har madeira i kjøleskåpet og smakar vinen fyrst litt avkjølt. Sidan lar eg vinen varme seg opp i glaset. Vinen funkar vel best sånn midt på, ved om lag 12 grader, då meir aroma kjem fram, samtidig som vinen held seg frisk. I går smakte eg vinen igjen, og mykje positivt har hendt. Madeira er allereie død, så godt med luft er berre fint. Ein månad etter opning, med korken i flaska, har vinen dansa på seg ein kledelig eleganse i uttrykket. Kva kan du bruke madeira til? Denne er i søtaste kategori, og funkar til blåmuggost på tynne peparkaker i jula. Eller etter jul, når du oppdagar at du har ei flaske madeira i kjøleskåpet og ein nesten full kakeboks med peparkaker. Kor tid skal du drikke madeira? Det er alltid madeira-sesong.

Eg skulle gjerne reist attende til New York, men kanskje reiser eg heller tilbake til Madeira.

Leave a Reply