Årets heimelagde currypasta

Det er eigentleg ganske enkelt å laga sin eigen currypasta – omkostninga kjem i form av at ingenting du kjøper på glas er godt nok etter dette.

Med utgangspunkt i ein krydderpasta frå chef Lonny Gerungan – brutalt bastardisert – tar vi rennefart gjennom det søraust-asiatiske kjøkkenet. Galangal kan byttast ut med ingefær, rekepasta med fiskesaus.

2 ss korianderfrø
1 ss spisskummen
2 ss svart pepar
1 ss kvit pepar
3 nellikspikar
1 stjerneanis
1 ts fennikelfrø
5 grønne kardemommefrø
1 kanelstang

i langpanne på 170 gradar i 8-10 minuttar. Det skal lukte så godt at tærene dine krøller seg. Knus i mortar (eller sjå smug ut fordi du har eigen krydderkvern) saman med 2ss salt og litt muskat.

Grovhakk

1 stort stykke galangal (ev. ingefær)
2 sitrongras (Den kvite greia i tjukkaste enden, ikkje det grøne)
8 små sjalottløk
8 fedd kvitløk
5-8 små chili (juster etter smak (og mot))

For å få mest mogleg smak er det best å bruka mortar og pistill. Klask og knus i veg til du ikkje gidd meir. Kjør alt saman i ein foodprosessor saman med

2 ts rekepasta (ev. fiskesaus (ev. sløyf heile greia))
Nøytral olje – litt etter litt – nok til at du får ei smooth blanding.

Ha på steriliserte glas – heldt seg i månadsvis

Nydeleg marinade for satay, dumplings, i wok, i fiskekaker eller i peanøttsaus

 

2 tankar på “Årets heimelagde currypasta

Leave a Reply