Luke 10: Årets aszú

I dag er det den internasjonale Aszú-dagen! Det er andre året at denne gylne vinen frå aust vert markert, så eg spår ei søt og rolig feiring rundt om i verda.

Den vesle byen Tokaj i det nordaustlege hjørnet av Ungarn har gitt namn til vinen frå vinmarker i ly av Zemplén-fjella. Området er fullt av gamle vulkanar, så mange av vinmarkene har rikeleg med vulkansk stein, oske og vulkansk leire. Klimatisk ligg det til rette for ein lang og varm haust med gunstige tilhøve for å få botrytis på druene.

Søt vin frå Tokaj var kjend og etterspurd i Europa allereie på 1500-talet. Men den fyrste vinen var kjend under namnet föbor. Aszú som tyder uttørka, er nemd på midten av 1600-talet, men det er nok ikkje før ut på 1700-talet at aszú tek over for föbor. Det er grunn til å tru at den protestantiske presten László Máté Szepsi var ein viktig figur i utviklinga av ein vin på botrytiserte druer. Szepsi var tilsett som vinmakar for Susanna Lórántffy, kona til prins George Rákóczi av Transylvania. Aszú skilde seg frå anna søt vin, ved at druer angripne av botrytis vart hausta eller selekterte for seg, og blanda til ein seig masse. Denne vart tilsett ein basevin, gjæra, og pressa. Etterkvart kom systemet med puttonyos der 2,3,4,5 eller 6 puttonyos var talet på bøtter med botrytisdruer per gönci. Gönc er det lokale tradisjonelle eikefatet med storleik på 136 liter.

I 2013 kom nye reglar for aszú. Den set ei grense på minimum 120 g/l restsukker i ferdig vin. Det vil seie det som var minimum for 5 puttonyos i det tradisjonelle systemet. 3 og 4 puttonyos er difor borte, og det er for å auke kvaliteten og verdien på aszú-vin, og heller oppmundtre til å bruke druer med mindre sukker til enklare variantar som szamorodni eller late harvest. Tokaji Aszú må etter dei nye reglane lagrast i 18 månader på eikefat og 12 månader på flaske før sal.

Eigedomen Királyudvar vart oppretta i 1997 av den amerikanske forettningsmannen Anthony Hwang, kanskje betre kjend som eigar av Domaine Huet i Vouvray. Med seg på laget fekk han István Szepsy fram til 2005, og Zoltán Demeter frå 1999 til 2008. Vinhuset ligg i byen Tarcal, vest for Tokaj, medan vinmarkene hovudsakleg ligg i Mád. I dag rår dei over 45 hektar totalt og Szabolcs Juhász er vinmakar. Med utanlandsk kapital og dyktige folk ved roret, var Királyudvar ein viktig inspirasjonskjelde for andre vinmakarspirer i den håpefulle men vanskelige tida etter kommunistregimets fall. Királyudvar forkuserte i den fyrste tida på søte vinar som aszú og ein type vin dei kalla cuvée, der det ikkje var noko krav til lang fatlagring før sal. Etterkvart har dei byrja å produsere større mengder i kategorien sec og demi-sec, kanskje etter inspirasjon frå Vouvray.

Det er ikkje lett å selje søt vin. I følgje István Szepsy jr. i ein artikkel i World of Fine Wine 61, ligg det millionar av flasker på lager i Tokaj. Få oppnår prisen det kostar å lage høgkvalitets søt tokaji aszú. For mange produserer aszú eller anna søt tokaji av for dårlig kvalitet. Ettersom utviklinga av botrytis på drueklasane ofte er ujamn, må ein plukkar gå gjennom vinmarka opp til 5 gonger før alle druene har oppnådd skikkeleg inntørking. Ein god plukkar kan klare opp til 7 kg aszú-druer på ein arbeidsdag. 

Kiralyudvar får gode skussmål for sine aszú-vinar, og 2006-utgåva av 6 Puttonyos er til sals på polet for tida.

Királyudvar Tokaji Aszú 6 Puttonyos 2002

Klar og fin lys oransje på farge. Galileo Galilei sa: vin er ljos halde saman av væske. Her er det mykje ljos! Rik og herlig lukt av hermetisk fersken, syrlig ananas, kokos og vanilje. Fløyelsmjuk og feit vin med seriøs sødme og ditto god syre. Rein, glatt og svært godt laga tokajer. Litt vanilje frå eik, men elles er eika godt integrert. Fin utvikling, vinen er i harmoni, men kanskje er ein slik vin like så spanande i fersk tapning, når det er litt meir “edge” over sukker og syre? Laga på 70% furmint og 30% hárslevelü, aszú-druer primært frå Danczka og druer til basevin frå Lapis. Gjæring på eik, lagring i 42 månader på 225l fat. 10,2 % alkohol, 197 g/l restsukker, 9,5 g/l syre.

Leave a Reply