Luke 11: Årets Rickroll

Bertani-brørne starta eigen produksjon i 1857 og er rekna som pionerar for moderne vingards- og forretningsdrift i Verona – rett aust for Gardasjøen, området som gjev oss Amarone, Valpolicella og Soave.

I dag har dei 200 hektar med druemark spreidd i Verona og ser på seg sjølv som innovatørar med stor respekt for tradisjonane. Mykje er Amarone, men dei lagar også Soave og Valpolicella, pluss litt blanda drops av kvitt, rosa og søtt…

Secco-Bertani Vintage Edition 2015

I handelskammer-arkiv frå 1888 vert Bertani framheva som eit godt eksempel for andre produsentar, der dei hadde oppnådd distribusjon over heile verda. Secco-Bertani ville markera dette, og har laga ein «Vintage Edition» som skal spegla spelereglane frå 1889. 80 prosent lokale druer, 20 prosent andre variantar, lang kaldmaserasjon på skalet, spontanfermentering, 12 månader på fat frå kirsebær og kastanje frå lokal skog. Etiketten hentar estetikk frå 1930-talet.

Weird drueblanding: Syrah 5%, Sangiovese 10%, Corvina 80%, Cabernet Sauvignon 5%

Kraftig duft frå nyopna flaske. Kirsebær og lakris, bjørnebær og  eit litt støvete og jordleg preg. Noko grønt paprika-aktig skjemmer ein elles behageleg snute. Dempar seg heldigvis med litt tid i glaset og får lysare bærtonar, svart pepar, kaffibønner og rund mjølkesjokolade. Med enno meir tid kjem fyldigare blåplomme og litt krydder. Fine duftar.

Litt tamt anslag, fint midtparti med plommer, sjokolade og kirsebær, grei lengde med litt krydder i. Får ei ‘varm’ munnkjensle av vinen der eg antok høgt alkoholnivå, men sjekk av etikett syner 13,5 prosent, så det er nok andre årsakar. Tanniner byggjer seg forsiktig opp med tid, det same gjer rips-syre i avslutninga.

Ein vin som lovar litt meir på snuten enn kva han leverer i munn, men rein og fin, og eit røverkjøp til 175,- Fungerte tipp topp saman med hjorteburgar.

Rick Astley – Beautiful Life

Eg antok Rick Astley i beste fall opna kjøpesentra i Essex, men jammen turnerer han konserthus og gjev ut plater framleis. Beautiful Life kom ut i 2018, og – dette smertar å innrømma – inneheldt eit solid pop-handverk og ei imponerande røyst.

Vaksenpop – til og med innpakninga har dobbel storleik og forma som ei bok slik at tekstane kan lesast av langsynt målgruppe. Litt ethio-pop og afrobeat, litt Fletwood Mac og Bon Jovi-allsong, litt trip hop og nikk tilbake til åttitalet.

Musikk som lét heilt ålreit, og som antakeleg fungerer best saman med lange bilturar…

Kjelder:

www.bertani.net

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *