Luke 14: Årets avtale, not..

To sider av brexit. «Deal or no deal», EU og UK, Champagne og Sussex, pest eller kolera? Framtida ser ikkje så bra ut for det britiske folk. Dei ville vere herrar i eige hus, men gløymde at rekkehuset heng saman med resten av Europa. No skal dei segle sin eigen sjø, men båten er liten og navigatøren har sagt opp. Har dei teke ut ein kurs, eller driv dei rundt i Atlanteren med håp om å bli plukka opp av EØS?

Sjølv om vinproduksjonen i England er på god veg, kjem dei nok framleis til å vere ein storkunde hjå andre vinproduserande EU-land, orsak, europeiske land. Vinhandlarar på dei britiske øyar er skeptiske til brexit og fryktar dårlegare handelsavtalar og dyrare vin. Han ler nok frå grava, Charles de Gaulle, som la ned veto mot at Storbritania skulle få bli med i EF. No vert det igjen avgifter på fransk vin, etter at han har flote fritt sidan 1973. Moahahahahaha!

Storbritannia er sjette største konsumenten i verda, så eigenproduksjonen på om lag 4,5 millionar flasker rekk berre til 1% av totalen. Land som du nok ikkje tenkte på som store vinprodusentar, grusar britane på volum. Har du tenkt på at dei har ein vinproduksjon i Bolivia, Kasakhstan, Cuba eller i Jordan? Dei har alle betydeleg større produksjon enn England, Wales, Skotland til saman. Og nokon meiner at tollsatsen på vin frå EU kan bli opp mot 32%. Det må nye bilaterale avtalar med Sør-Afrika og USA. Til og med landa som bøyer hovud for dronning Elisabeth II, New Zealand og Australia, kan no reforhandle seg til betre vilkår for sin plonk.

Engelsk vin har kome eit godt stykke sidan nokre spede eksperiment i 1945. I mi fyrste vinbok, Vinens Verden av Hugh Johnson frå 1994, er kapittelet om engelsk vin heilt sist i boka. Det står at det er om lag 800 hektar vinmarker på dei britiske øyer, og at det meste er kvitvin basert på tidlegmognande tyske druesortar som müller-thurgau, reichensteiner, huxelrebe. Altså ikkje druesortar som er forbunde med veldig god kvalitet. I byrjinga av 2000-talet merka mange seg at klimaendringane gjorde seg gjeldande, og fleire kom seg i gang og planta vindruer. I dag er det nesten 1900 hektar planta, og 1500 av dei er alt i gang med produksjon. Og no er det meir chardonnay, pinot noir og pinot meunier. Som vi kjenner som hovudingrediensane i eit anna nordleg vindistrikt litt lengre aust i EU, orsak Europa.

Det er musserande vin som førebels er det mest spanande England har å by på, og noko av grunnen ligg i grunnen. Kalkrik jord som er lik den vi finn i Champagne. Og no er vinen byrja å nærme seg idolet i kvalitet. For eksempel frå ein av dei mest lovande boblevinsprodusentane utanfor Champagne, nemleg Nyetimber. Dei fyrste druestokkane vart planta i West Sussex og Hampshire i 1986, og i dag har dei 170 hektar totalt. Eric Heerema kjøpte Nyetimber i 2006, og frå Canada har han henta ekteparet Cherie Spriggs og Brad Greatrix til å lage vinen. Metoden er som i Champagne, med same type druer og andregongsgjæring på flaske. Cherie og Brad sin fyrste årgang var 2007. Tidligare var all vin laga utan malolaktisk omdanning, men frå 2008 har dei introdusert malo i all Nyetimber musserande vin.

Nyetimber Classic Cuvee

Lys strågul. Generøse, litt store bobler. Pen og elegant boblevin. Fruktig, men også preg av strammare saker som sitron, kalk og litt sjø. I munnen er det fin fylde, og vinen har ei glatt og god munnkjensle. Litt rund på smak, men fin syre. Ettersmaken har bra med kalk og sitrus. Nesten på høgde med Champagne av god kvalitet. Framtida ser ikkje så verst ut for engelsk vin.

På den andre sida av kanalen, nordaust for Paris, i departementa Marne, Aisne, Aube, Seine-et-Marne og Haute-Marne, ligg det 32 350 hektar vinmarker i appellasjonen Champagne. I 320 landsbyar står bøndene på skuldrene til generasjonar av opparbeidd kunnskap. Medan høge prisar på druer har gjort det lukrativt å gjødsle seg opp mot maks tillaten avkasting, er det også dei som seier opp kontrakten med grande marques, og byrjar å lage vin sjølv. Ein av desse er Bérêche & Fils, der 5. generasjon ved Raphaël og Vincent har gjort seg bemerka langt utover heimstaden i landsbyen Ludes i Montagne de Reims. Dei overtok ni hektar vinmarker som er planta med om lag like deler chardonnay, pinot noir og pinot meunier. I vingarden arbeider dei etter økologisk sinnelagsetikk, men er pragmatiske. Nokre av vinmarkene er forsøkt drivne etter biodynamiske prinsipp. I tillegg til Brut Réserve vert det laga fleire enkeltmarksvinar i liten skala. Brødrene har også eit mikro-negociant-selskap under namnet Raphaël & Vincent Bérêche. Korleis tilhøvet til engelske vinhandlarar blir i framtida, er ikkje godt å vite. 

Bérêche Brut Réserve

Fantastisk farge på denne vinen! Champagne plar vere bleik strågul, men denne går mot oransje. Behagelige bobler. Lukta er prega av sylta sitrusskal, og med litt luft kjem det fram lukt av østers, kalk og våt stein. I munnen framstår dette som ein rein og fruktig Champagne med god syre. Ein ganske smal vin, men med konsentrasjon og intensitet så det held. Laga på 30% chardonnay, 35% pinot noir og 35% pinot meunier. Etter fyrstegongs gjæring blir malolaktisk omdanning blokkert. Basevinen får selskap av 30% reservevin som ligg på demi muids (600 l). Etter andregangsgjæring ligg vinen 24 månader på botnfallet, før degorgering for hand. Denne cuvéen vert produsert i om lag 60 000 flasker i  året. Totalproduksjonen hjå Bérêche er på ca 85 000 flasker. Eg har berre prøvd denne og Les Beaux Regards Chardonnay 2011 frå huset, men den inspirerer til å prøve fleire av enkeltvinmarksvinane.

PS: Min barndomskamerat som bur i London og har vore EU-motstandar på sin hals så lenge eg har kjend han, tykte utmeldinga til Storbritania var ein dårlig idé.

PPS: Denne artikkelen er lausleg basert på ein artikkel om brexit og vin for Sogn Avis i september 2017. Per desember 2018 er kaoset og uvissa om mulig endå større. Theresa May heng i taua, og tilliten er så tynnslitt at ho truleg tek telling innan Boxing day. Spørsmålet er: dersom fornuften skulle vende tilbake til britane, og dei mot alle odds skulle ønskje å bli verande i EU, vil remain skåle i engelske bobler eller Champagne..?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *