Luke 16: Porca miseria!

Årets drue for meg er nok nebbiolo. Sjølvsagt ligg lengten etter pinot noir frå Bourgogne der i bakhovudet. Men no har det byrja å minne om barndommens avstandsforelsking. Ein kikkar på jenter som er uoppnåelege. Som vaksen veit eg no at dei finaste jentene somme tider enda opp, akkurat som dei finaste burgundervinane, som (sure) statussymbol for dei store gutane. Nei, då er det meir spanande å oppleve at jentene som ikkje stakk seg fram i barndommen, blømer i vaksen alder.

Då eg byrja å kjøpe litt vin for lagring på byrjinga av 2000-talet hadde eg fått smaken på raud Bourgogne. Eg vart litt einspora, og gløymde å tenkje på at nebbiolo, Champagne og Toscana-vin også kan lagrast. Difor har eg ingen mogen nebbiolo i kjellaren. Det er ferskvare alt saman. Men det betyr at eg vert tvinga til å smake det som kan drikkast ferskt frå Piemonte si edlaste drue. Og det finst godsaker ein ikkje treng vente i ti eller 20 år på.

Det finst produsentar, årgangar og vinar som fungerer i ung alder. Der ikkje tanninane tek knekken på munnhola eller daten reiser seg og går frå stevnemøtet etter ein slurk. Og så handlar det om tilvenning. Og forelsking. Og har du fyrst fått smaken på noko, ja så ser du ikkje etter feil, men den herlige heilskapen. 

Ta no for eksempel ein Langhe Nebbiolo. Det kan vere vin frå mindre gode vinmarker utanfor Barolo og Barbaresco. Det kan vere eit sop i hop frå yngre vinstokkar og det som er att etter at cuvéen med Baroloen er ferdig blanda. Men det kan også vere ein Barolo eller Barbaresco, berre ikkje i namnet. Tøysekoppen Luca Currado frå Castiglione Falletto og huset Vietti lagar ein slik. Og til ein god pris. Hjå Levi Dalton fortel han, innimellom sjølvironien og banninga, om oppvekst, trass og måten å lage vin hjå Vietti. Faren var ein av dei fyrste som brukte ståltank til gjæring. Han var ingeniør og laga eiga løysing for å stake ned kaka med skal og steinar som legg seg i gjæringskaret. Vietti var sentrum for heva augebryn og sikkert frekke kommentarar på lukka forum, då Krause kjøpte Vinen Perbacco vart til fordi samle-Baroloen Castiglione trengte ein strengare selektering. Etter utveljinga av fat til Castiglione er det alltid att nokre fat frå ulike vinmarker i Barolo. Desse kunne blitt tappa som Barolo, men blir heller Langhe Nebbiolo. Til halv pris av Baroloen er det eit godt kjøp.

Vinen har fått namn etter utbrotet til mora, då ho fekk smake vinen fyrste gongen. Perbacco er mild banning, og kan vel omsetjast med utbrotet å helledussen! Luca ville helst kalle vinen Porca Miseria, men då er vi på noko sterkare bannskap. Familien tykte det blei for sterk kost.

Vietti Perbacco Langhe Nebbiolo 2012

Medium raud burgunderfarga. Tett frukt, kompleks med ting i retning trekrydder, syrlige bær, nype, appelsin og sopp. Kraftig attakk i munnen med rikelig syrlig frukt. Tanninstrukturen tørrar og ettersmaken sit godt i. Litt uintegrert alkohol no. Treng litt tid. 14% alkohol, notat frå 23.04.16

Vietti Perbacco Langhe Nebbiolo 2015

Medium ung burgunderfarga. Middels ekspressiv på lukt. Fin søt og ung lukt av nebbiolo-frukt. Syrlige raude bær, treverk og litt søtleg rått kjøt. I munnen er vinen fruktig, men med eit godt grep frå frekke tannin. God syre. Lang og sursøt ettersmak. Frukta er litt uforløyst. Denne vil ha godt av litt lagring. 13,5 % alkohol, kosta kr 249,- Notat frå 10.12.18

Leave a Reply