Luke 17: Your latest tic

Guffens aux Tourettes Syrah d`Endes 2016

I 1976 skulle flamlendingane Maine og Jean-Marie Guffens-Heynen vera i Burgund eit år for å læra fransk. Dei er der framleis. Etter litt vinstudier og vingardsarbeid starta dei så smått for seg sjølv med det som i dag er Domaine Guffens-Heynen.

I 1990 utvida dei med Maison Verget som henter druer frå Mâconnais, Chablis og Côte d’Or, men Jean-Marie var framleis jordsjuk. I 1997 kjøpte dei Château des Tourettes, som ligg nokre få kilometer frå Apt, og starta med det eigen produksjon i Rhône, og dermed vinen vi skal smaka i kveld.

100% Syrah, handplukka druer, fermentering på ståltank i 10 månader, ufiltrert.

Kraftig duft frå raude bær – glir frå rips til bjørnebær til bringebær og tilbake. Mjølkesjokolade og tobakk i bakgrunnen, pluss litt lyng og noko animalsk, hengt kjøt-aktig.

Søtleg og fruktig anslag, søte plommer, litt lakris, litt svart pepar. Grei lengde.

Meir komplisert og lover meir på snute enn du får på smak, men rein og tydeleg. Det fruktige preget gjer at eg opplever vinen litt i det søtaste laget, matcha for så vidt greitt med eit stykke hjort, men saknar litt motstand. Uansett eit supert kjøp til 140,-

Dire Straits – Brothers in Arms

Nemn to medlemmer i Dire Straits. Akkurat… Og Mark Knopfler må i tillegg vera verdas mest motvillige popstjerne…

Før 1985 var bandet ganske suksessfulle, men ikkje stjerner på noko vis. Den sofistikerte og melankolske pubrocken frå førsteplata hadde slått an, Sultans of Swing var ein solid hit, og den tidlegare litteraturstudenten Mark Knopfler fekk skryt for både tekstar og gitarspel. Making Movies og Love Over Gold var meir ambisiøse, men ville kanskje litt mykje på ein gong.

Det kan verka som budsjettet for Brothers In Arms var uendeleg. Sting var innom, det same var Brecker Brothers. Omar Hakim (Weather Report, +++) gjorde det meste av trommene, medan Tony Levin (Peter Gabriel, King Crimson) hjelper til på bass. Med god hjelp frå nystarta MTV (som i dei dagar var ein rein musikkvideo-kanal) vart Dire Straits med dette albumet brått verdas største band.

Det funka på midten av 80talet då eg bokstavleg talt sleit ut kassetten, lét det like bra i dag? Ny variant på ny vinyl – enkeltplate er blitt dobbelplate med to songar på kvar side og legg opp til i overkant mange turar for å snu plater, og dei har ikkje gidda å endra songfordelinga frå originalen på coveret. Om enn visuell feilinformasjon så er lyden veldig rein og klar.

Opningslåta, bittersøte So Far Away startar litt sånn Bob Dylan-melankolsk pub-rockaktig. Tøff groove. Money for Nothing er sjølvsagt monsterhiten – ironien har mange lag her –  MTV-satire som blei ein kjempehit på MTV og skapte superstjerner av kritikarane… Heftig gitar-riff, storvegs gjestevokal frå Sting, blitt parodiert av Weird Al…

Walk of Life er dansegolvlåta med fjollete orgel og oh-hoo-koring, medan Your Latest Trick kombinerer jazzy blås frå både Randy- og Michael Brecker saman med røykfylt barvokal.

Side 3 tar oss inn i ei meir atmosfærisk stemning der Why Worry blir kanskje litt for mykje Everly Brothers. Ekstra minus for retningslaus jam mellom Knopfler og Tony Levin på fretless bass. Så langt er det meste tidlaust, men no skal vi ned på jorda att – på Ride Across the River har nokon hatt ein Yamaha DX-fest med alt frå panfløyte til marimba, og det heile lét ekstremt midt-på-80talet. Til gjengjeld er både tekst, vokal og gitarsolo veldig bra.    

The Man’s Too Strong er jazz-country som gjev plass til Bob Dylan-inspirasjon, medan funky One World brått blir ein brutal krampetrekning før finalen.  Brothers in Arms har det meste for å havna i verdas-beste-ballade-kategorien: Anti-krig, sentimental tekst og vokal, gitar, kameratskap og håp, meir gitar,  Hammond B3 – men seriøst – finn ein betre ballade som handlar om noko anna enn samlivsbrot.  

Mindre jamnt enn opplevd i 1986, men framleis eit gigantisk album.

Kjelder:
http://www.verget-sa.fr/  

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *