Luke 21: Lause notat og kontekst

Eg har ei notatbok som eg stort sett brukar å skrive smaksnotata mine i. Ho er med på smakingar og messer, og ved kjøkenbordet eller i sofaen. Alt etter korleis eg inntek eit glas vin som er verd å notere nokre ord om. Her kjem notat på vinar som ikkje har fått plass i artiklar, men som stikk seg ut som noko av det meir interessante i 2018. Eg har også prøvd å setje kvar vin inn i ein kontekst. Vi treng alle litt kontekst i livet. Og gode vinar fortener det også. Så, her er noko godt frå glaset mitt i 2018. 

Bobler. Eg begynner like greit med ein vin som eg smakte på tampen av 2017, så det er vel strengt tatt ikkje rett å ha han med på 2018-lista. Men det er eg som bestemmer. 

Philipponnat Royal Réserve Brut

Strågul, fin mousse. Fin kalkrik lukt + mogen sitrus, kjeks og brødskorpe. Elegant nase! Tørr med ganske rik Champagne med nydelig sitruspreg. Zest! Mogen syre, pen og rund i smaken. Heilstøypt vin. 2012-base, 8 g/l dosage, degorgert juli 2016. 415 kr.

Kontekst: Champagne er verdas mest interessante boblevinsområde å utforske. Morten seier: eg drikk for lite Champagne. Eg òg. Difor er det greit å sjekke om innstegsvinane til hus som tek seg godt betalt, er verd pengane. Kjenner ikkje veldig godt til Philipponnat, men dette er bra. Men no er det truleg ikkje den gode 2012 som er base lengre. Vanedrikkarar av produsenten kan gjerne kome med infyllande info om korleis nye versjonar evt ter seg.

Gyéjacquot Frères Anatom Champagne Blanc Vrai

Djup strågul mot gyllen. Mandlar, brød og autolyse og noko eik. Middels krema mousse. God “tart” syre. Eple og litt fedme og utvikling. Eg finn også kakaosmør og vanilje. Litt rik og flat i ettersmaken. Manglar det vesle syrekicket. Allikevel god og interessant Champagne. 100% pinot blanc. 36 mnd på botnfallet etter prise de mousse. 395 kr.

Kontekst: Champagne på lite brukt drue. Er det veldig preg av pinot blanc, eller er metoden og terroiret meir dominerande? Svaret er vel mot det sistnemde. Produsenten held til i Cotes des Bars og starta opp i 1970. Ut over det veit eg lite om korleis dei driv vinmarkene, om dei nyttar eik eller stål, har hest i stallen, eller om dei tilber kattar kvar tysdag. 

Kvitvin. Året byrja temmelig bra, då eg allereie 9. januar drog fram Breuer sin Schlossberg 08 frå kjellardjupet. 

Breuer Berg Schlossberg Riesling 2008

Lys gullfarga. Fint og feitt utvlikla preg på nasen. Her er både syre og rikdom. Søt aprikos og syrlige sitrondrops. I munnen er det ein lekker utvikla tørr riesling frå øverste hylle. Feit tekstur og smak av syrlige sitronar og regnvatn på stein. Elles lite mineralpreg på noverande tidspunkt. Lang og leskande syrlig finish. Dette kan nok lagrast nokre år til.

Kontekst: Breuer er respektert, men er han elska? Har vald å stå utanfor VDP, sjølv om kvaliteten er svært bra. Har vore ein og anna vin, mellom anna frå 2005 som har vore svak, elles har eg gode røynsler. Berg Schlossberg er bratt og varm, og ligg i svingen der Rhinen går nordover. Gutane i nyheitsbrevet Mosel Fine Wines skriv: This is a modern-day legend in the making, 99 points! Eg er samd i at dette er knall vin. Samtidig har eg smakt nokre tørre frå Künstler frå 90-talet som også gav bakoversveis. Men på ein annan måte. Rheingau kan vere bra, sjølv om det er Rheinhessen og Pfalz som er i vinden. Tørr riesling kan vere god på andre måtar også. For eksempel er Clos Windsbuhl 2011 frå Zind-Humbrecht utruleg bra. Tørr riesling det også, men mineralsk og streng på ein annan måte enn dette.

Vollenweider Wolfer Goldgrube Riesling Kabinett 2012

Til 160 kroner var dette årets kupp! Lys strågul vin. Søt, rik og feit riesling-lukt! Det luktar badeball, søte hermetisk eple og syrlige raude eple. Sursøt og mjukt fruktig, men allikevel sitrande vin. Konsentrert og feit kabinett. God syre som kjem utover i ettersmaken. 8,5 % alkohol, 9,5 g/l syre og 67 g/l restsukker.

Kontekst: Topp vinmakar, topp vinmark, 160 kroner! Diverre utseld. Det er bra for kabinett-fans at det lågaste prädikatet alltid er lågast prisa, sjølv om vinmarka er verdsklasse. Sjå for deg ein at ein produsent av Chambertin, lagar ein Chambertin med 10% alkohol i tillegg til ein vanlig med 13%, og at den kostar 195 kroner, medan den vanlige kostar 1950,- I Mosel kan du få gull til prisen av bauxitt. Det er mykje “density” i vinane til Vollenweider, for dei som likar det. Lettheit og eleganse finst hjå andre produsentar.

Maison de Vigneron Côtes du Jura Vin Jaune 2011

Mørk strågul. Nøttete florpreg, med litt kamomille, treverk og ost. Fyldig og svær vin med god syre. Knusktørr og med fint avdempa flor. Her er bra med gulfrukt som mogen sitron i tillegg til floren. Baketiketten tilrår å drikke vinen ved 16-17 grader. Eg tykkjer alkoholen vert vel tydelig ved den temperaturen. Uansett ein god vin, og den rimeligaste vin jaune i den norske marknaden. Verd å prøve, for dei eventyrlystne. Minner naturligvis om fino/manzanilla, ved fyrste sniff, men har mykje godt under. 14,5 % alkohol, 370kr for 62cl.

Kontekst: Eg har begrensa røynsle med vin jaune, men kjenner godt til fino/manzanilla/amontillado som jo dette minner om. Det er litt ulik praksis i korleis produsentane lagrar sin vin jaune i dei tilmålte seks år og tre månader under flor. Medan ein fino vert fylt opp 500 liter i eit fat som tek 600 liter, er det visst meir vanlig å fylle vin jaune meir opp, og så la vinen fordampe og gje plass til flor. Savagnin gjev bra med syre og ein annan smaksprofil enn fino.

Raude. Mykje nebbiolo også i år. Men det har vore gode Etna Rosso, amerikansk pinot noir og til og med ein merlot!

Chateau Simard 2000

Ganske utvikla på farge, mursteinsraud, med lyseraud kant. Mogen vin på lukt, med paprika, nype, søte bær og tørka kjøt. God sødme i frukta framleis. Frisk, fruktig og balansert i munnen. Syrlige bær. Ikkje kjempekompleks, men balansert og god å drikke. Og det er jo vitsen. 20% cabernet franc, 80% merlot. 270 spenn. Framleis på ein del pol rundt om i landet.

Kontekst: God årgang, og det merkast på robust frukt, trass alder. Eg drikk ikkje så mykje f**king merlot, men dette er sober og frisk stil, utan for mykje nougat og laktisk preg frå dyre eikefat. Det er Saint-Emilion, og frå 2008 same eigar som legendariske Chateau Ausone. Den manglande kompleksiteten kan skuldast at vinmarkene ikkje har dei same føresetnadane som dei meir kjende naboane. Eg drikk altså for lite Bordeaux til å setje dette i nokon god kontekst. Men til 270 er det ein god vin, om du likar litt utvikla Bordeaux. Det skjønar til og med eg.

G. Mascarello Barolo dai Vigne di Proprieta 2009

Lys transparent vin. Det ser ut som pietistisk utblanda raud saft. Altså tynn. Eg les rett frå notatboka: utruleg stilig farge! Eg lar meg fjetre av G. Mascarello sin kombinasjon av tradisjonell framstilling, burgunderske munnkjensle og seriøst lyse vinar. Ok, no må vi kome oss vidare; sursøt elegant nase med syrlige og søte raude bær. Eg finn rips og tinte jordbær, i tillegg til noko mineralsk og snev av tobakk og gamle fat. Lett og elegant i strukturen, men allikevel fast i fisken. Det smakar av raude bær, til dels sylta bær, det er kanskje årgangen. Ettersmaken er lang og ber bod om lakris og mørk sjokolade. Nam. Kosta i 2017 598 kr, noko som i 2018 viser seg som eit godt kjøp. Prisane er diverre på veg oppover i nebbiolo-land også…

Kontekst: Castiglione Falletto-druer (og muligens litt frå Santo Stefano di Perno, rett over grensa til Monforte d´Alba) laga på tradisjonell metode. Det er maserasjon i 25-30 dagar i ståltank, før tre og eit halvt år i botte før flasketapping. Ingen klaring eller filtrering. Den burgunderske stilen må stamme frå både vinmarksarbeidet og handteringa av mosten under gjæring. Eg veit ikkje om det er mykje nedstaking eller pumping, men resultatet er magisk. Somme tykkjer Baroloane manglar farge og trøkk, som nebbiolo “skal” ha. Eg seier: la alle blomar bløme!

Sterkvin. Vel, det blir jo ikkje dei store mengdene i høve til kvitt og raudt, men 2018 har blitt sherry-året, med ein del fino og manzanilla i sommar, og fem sjeldne vintage sherry på ei Tvitter-smaking i haust. I tillegg kan eg ta med desse:

Lustau Palo Cortado Almacenista Cayetano del Pino 1/22

Lys brunoransje. Insmigrande og pen lukt. Her er kamomille, tang og kalk som vitnar om starten som fino. Her er også karamelliserte tonar av gamle fat, og sitrus i retning appelsin. Det begynner smooth i munnen, før ein merkar intensiteten og alkoholen. Fin palo cortado med mykje sitrus og gamle fat på smak. Tørr, men balsamerande. Nydelig sherry! 21,5 % alkohol, 308 kroner for 50 cl.

Kontekst: Palo cortado er den mytiske og mystiske sherry-typen. Han blir liksom til utan at vinmakaren har herredøme over resultatet. Dette er sjølvsagt noko overdrive. Men til liks med amontillado, startar palo cortado som ein fino, for deretter å miste floren. Etterpå vert lagringa oksidativ. Men der ein amontillado har mange år som fino, før han vert sprita opp til 17-18 % og floren døyr, får palo cortado berre ei kort stund med flor. Det kan vere at floren er ustabil og døyr av seg sjølv, eller at vinmakaren tilset druesprit for bevisst å få floren til å døy ut. Etter ein del år med oksidativ lagring har vinen ein eleganse frå å vere vald ut som ein god base for fino, men også bra med trøkk og kropp frå mange år med konsentrering og oksidering. Her er jo også likskapar med vin jaune. Medan ein fino vert stadig friska opp med yngre vin for å halde på floren, vert vin jaune ikkje rørt medan han ligg på fat. Det kan tyde på at klimaet i Jura er gunstig for å halde floren i live, sjølv utan tilførsel av næringsstoff. Dette er ein av to tilgjengelige palo cortado i sortementet. Skulle du forville deg til Sverige, kan du velje i heile 9 ulike variantar. Det er verd å prøve denne spesielle sherry-typen. Men det krev litt meir jobb enn å få tak i chilensk pinot noir.

Fernando de Castilla Antique Oloroso

Ravgul mot oransje. Det luktar rikt og intenst av gamle fat, vanilje, tørka frukt og brende tonar (madeira). Tørr og ganske frisk. Stigande intensitet etterkvart som vinen varmar seg opp i munnen. Fine smakar av treverk, sopp, tørka kjøt og møbelpolish. Dette er ei flaske eg har hatt i kjellaren nokre år. Ein smak på vinen eit veke etter opning, avslørte at han vart endå meir harmonisk og elegant. 20 % alkohol. Kjøpt tidleg på 2000-talet. Diverre ikkje lenger i sortementet. Går det an å ønskje seg heile rekkja i Antique-serien, Stenberg og Blom?

Kontekst: Oloroso er ein oksidativt lagra vin, heilt frå starten. Ved klassifisering av vinen etter gjæring, vert vinar som ikkje er like elegante, sett til bruk for oksidativ lagring. Her er mange likheitstrekk med ein tawny portvin, men utan sukkeret. Ulempen med svært gamal oloroso, gjerne klassifisert som VORS (Vinum Optimum Rare Signatum, vinen er 30 år eller eldre) er at vinen er så konsentrert at det er nesten som å drikke kjøtekstrakt. På lukt kan det vere fantastisk, men smaken kan vere utmattande intens. Antique-serien som Jan Pettersen i Fernando de Castilla skapte då han tok over selskapet i 2000, får mykje skryt både av belevne storbyfolk og sherry-entusiastar i stille grender.

Leave a Reply