Blood Sugar Sekt Magik

Champagne er under press frå mange kantar. England har meldt seg på i boblekonkurransen, Cremantar får stadig høgare kvalitet, og sjølv Tasmania vil vera med. Antakeleg er det eg som ikkje følgjer med, men tilsynelatande brått var det mykje musserande frå Tyskland å velje i – både frå kjende og ukjende produsentar.

Schloss Vaux har ei brokete historie heilt frå oppstarten i Berlin, 1868 – i stemninga etter første verdskrig var det greiast å selja vinmarkane i Loire og heller starta på nytt, denne gong i Rheingau. I dag har dei 6 hektar Riesling og 1 hektar Pinot Noir i tillegg til faste leverandørar frå området.

Vaux Riesling Brut 2016

100% Riesling, 12 månader på botnfallet, sjampanjemetode, økologiske prinsipp.

Raude eple, smoky flintstein, deig til heving og nybakt brød. Litt søtlege druer i bakgrunnen. Behagelege duftar.  

Spisst anslag, kremete munnkjensle. Fyldig midtparti med mykje sitron som glir saumlaust over i ei lang og rein avslutning. Litt honningsødme, men likevel markant på den syrlege sida. Med tid i glaset kjem eit sjampanjeaktig krittpreg, fyldigare sitrontonar og saftig Granny Smith.

Enkel, men velbalansert, sjarmerande og forfriskande bobleriesling som eg likte godt. Fungerte godt både til laksesashimi såvel som ein speka pølsesnabb. Tenkjer 250 kroner er ein real pris for kvaliteten – om ein går opp ein 50-lapp skal visstnok storebror Réserve vera markant fyldigare og meir kompleks, men det får bli ein annan gong.

Eberson – Empathy

Pappa Eberson – gitarlegende og premissleverandør i tussmørket mellom rock og jazz i mange tiår. Dotter Eberson – kommande tangentlegende og inntil nyleg profilert medlem av Highasakite. Saman har Jon og Marte laga plate.

Eg opplever musikken som ei forlenging av Machine Birds – smarte, lagvise synth-arrangement med uimotståelege vokalmelodiar over – men denne gongen avbroten av rebelske gitarlinjer som ikkje heilt vil føya seg til stilen – postpønk-gitarsoloen på Who am I tar meg rett attende til Pigs & Poetry . Det ligg eit melankolsk mørke her – mykje er atmosfærisk og vakkert, men vi er heile tida nærare Depeche Mode og Stephin Merritt enn Howard Jones.

«Constantly talking doesn’t mean we communicate»

Høgdepunkt? Gitarsoloane på Who Am I og Summer Rain er storvegs røffe. Attitude er herleg pseudo-latin-Anja-Garbarek der Marte Eberson også får vist seg fram som jazzpianist. Bye Little Bird har unike Jon Eberson-fraseringar, medan avslutninga Blue Mountain Dream  samlar svik og sving i alt frå pompøst åttitalsrefreng til stratosfærisk gitarbreak. Ei plate der du tar deg sjølv i å nynna melodiane lenge etterpå…

Kjelder:
www.schloss-vaux.de

Ein tanke på “Blood Sugar Sekt Magik

Leave a Reply