Cantina Ribelà Ribolie 2017

Eit steinkast sør for Roma ligg Frascati – antakeleg vinregionen med dårlegast rykte i Italia – berykta for kommersiell og billig vin retta mot budsjett-turistane i hovudstaden. Sidan 2014 har familien Presutti prøvd å gjera noko med dette. Dei fekk i starten leigd seg ein ‘ubesudla’ parsell og har etter kvart fått kjøpt nok land til å laga vin med eigne druer. På 350 meter har dei den høgaste garden i Frascati/Castelli Romani DOCen. Drifta er olistico som ein ventar seg frå eit avhoppa filosof- og arkitektpar som har gått på Steinerskulen; spontanfermentert vin som speglar staden druene vaks opp. Månekalender og nullintervensjon, kun druer og intuisjon…

Cantina Ribelà Ribolie 2017

Biodynamisk pet-nat – eller romanella om du vil, drueblandinga er Malvasia, Trebbiano, Bombino og Bellone – og vi må i drueleksikonet… Bombino Bianco er rosindrua som ofte blir brukt som fyllmasse i rimeleg vin, men som kan gje fin aroma ved streng kultivering. Bellone er ultralokal og lett – vinbønder med gode nerver plukkar seint og lagar søt vin…

Gjærduft (som dempar seg kvikt etter skjenking), sursøt frukt, eplesider, kvite blomar og appelsinskal. Naturvinsnute, men på den moderate sida. Gule plommer med litt luft.

Leskande anslag, lett midtparti med fin appelsin og litt bitre urter. Fyldig avslutning med mykje grapefrukt. Lett sødmefylt sitrus med tid i glaset.

Lettdrikkeleg kosevin for spesielt interesserte. Tydeleg naturvin, men utan kjensla av at hesten blei med i druekaret. Leskande og frisk som fungerte flott til speka saltmat.

Bill Frisell – Nashville

Det finns ein del plater som er så unikt flotte at absolutt alle burde høyrd gjennom dei minst ein gong. Allereie i 1992 byrja Bill Frisell å snusa på amerikanske komposisjonar – frå Charles Ives til Madonna, men  det var først i 1997 at det heile klaffa. Her møter Americana (Country & Western for folk som ikkje vil innrømma at dei likar Country & Western) jazzakkorder i ei av dei finaste platene eg veit om.

«One day Bob Hurwitz at Nonesuch asked me, «How would you like to go to Nashville and make an album?» Who, me? This had been done before. I’m thinking of a couple of my all-time favorite albums. Bob Dylan’s Blonde on Blonde and Gary Burton’s Tennessee Firebird. But, wow. Me? The dictionary defines avant garde as «new and unusual or experimental ideas.» I know some folks didn’t quite see it that way, but for me, this was the most avant garde thing I’d ever done. It was a big step into the unknown. I didn’t know what I was getting myself into. I was scared, but as soon as I got there I was welcomed with open arms. All kinds of doors were opened. Everyone wanted to play. The music took over. I learned many new things. I made many new friends. My mind was blown.»

Høgdepunkt? – You bet! Opningslåten Gimme a Holler dveler så lenge at du trur introen går i loop før verdas vakraste melodi tar over. Go Jake er jazzcountrybanjo og sjarmerande munnspel-jam som gjev deg lyst å avslutta alle setningar med y’all.

Gjestevokalist Robin Holcomb – ei slags c&w sitt svar på Laurie Anderson – hentar fram sine mest sentimentale sider på One of These Days (Neil Young) og The End of the World, og minnar oss på at køntrymusikk eigentleg handlar meir om grining enn om hestar.

Frisell sjølv har aldri vore redd for å overlata merksemda til andre, så det er plenty of pludring mellom eigen gitar og resten av bandet på dobro, banjo og mandolin. Pipe Down er verdas einaste countryfunk-låt medan Keep Your Eyes Open er blues som kunne vore bestilt til Twin Peaks.

Musikk du kan spela både for dei som seier dei ikkje likar jazz og dei som seier dei ikkje likar country. Ei av mine favorittplater endeleg på vinyl 20 år forseinka…

Kjelder:
http://www.cantinaribela.it
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner
nonesuch.com

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *