Braida La Regina Langhe Nascetta 2017

Tyngdepunkt flyttar seg. Ein gong i tida var det Tenerife og Somló som lagde verdas beste vin, og vinane frå Rivesaltes sto på alle bord i Frankrike. Naturkatastrofar – det være seg vulkanutbrot eller bladlus, brutal realpolitikk eller moteluner har gått ut over både distrikt og druer gjennom historia.    

Nascetta er ei av desse omtykte druene som nesten forsvann for godt – antakeleg den einaste kvitvinsdrua med opphav i Langhe. I 1879 omtalt som ‘ei utsøkt drue, nesten eit stykke kunst’ – etter kvart hardt råka av phylloxera  og erstatta av meir produktive sortar. «Gjenoppdaga» av Elvio Cogno og Bologna-familien hjå Braida, og sakte i ferd med å få fotfeste og status igjen…

Braida La Regina Langhe Nascetta 2017

Kraftige duftar frå nyopna flaske. Blomstereng, mandlar, gule eple, gras og smågodthylle. Ei akvatisk kjensle langt baki – litt sånn salt sjø-aktig. Spanande snute, men duftane konkurrerar litt mykje med kvarandre og vinen framstår som noko kaotisk. Blindt kunne eg antakeleg snubla inn i både Austerrike og Loire.

Forsiktig anslag, dempa midtparti med sylta sitron og ananas. Sitronsyrleg avslutning gøymer seg bak fyldig frukt. Kjennes litt innestengt og får ein times strafferunde på karaffel.

Samlar seg og legg på seg eit tropisk fruktpreg med litt karaffeltid. Sakte, sakte kjem salte mineraler og sitronsyre i avslutninga, og får etter kvart ei anstendig lengde og crisp snert.

  Tja – ein hyggjeleg mandagsdate, men eg ser ikkje heilt for meg at det blir oss to. Matfølgjet vart semi-asiatisk laks, noko som antakeleg var litt urettferdig overfor vinen. Kanskje eit nytt forsøk med parmesankylling ved eit seinare høve? Eg ringjer ein dag…

David Lynch – Crazy Clown Time

Teknisk sett debutplata, men ein skal ikkje vere mykje filminteressert før ein kjenner til at David Lynch blandar seg tungt inn i kva komponistane sine driv på med.

Ikkje ulikt filmane, byrjar det heile tilsynelatande uskuldig. Karen O frå Yeah Yeah Yeahs  er gjestevokalist på opningssporet, og gjer ein framifrå jobb på noko som er ein ganske streit og luftig indierock-låt. Låt nummer to – Good Day Today – er disco i Kraftwerk-gata. Herifrå blir det mørkare…

Blues-ish stemningsmusikk – Lynch sjølv syng, snakkar, gryntar, og spelar nesten alle instrumenta sjølv. Låtane verkar meir – kanskje ikkje så overraskande –  som rare og dystre noveller meir enn songar med vers og refreng. Høgdepunkt? Dei to tidlegare nemnte opningsspora. Instrumentalen The Night Fell With Lightning skil seg ut – førestill deg at Shadows og Hank Marvin skreiv musikken til Hellraiser… Tittellåta er så koko at det nesten får ein eigenverdi. Musikk med ein slags mørk appell, men mest for spesielt interesserte.

Kjelder:
Oz Clarke, Margaret Rand – Druer og viner
Diverse Wikipedia
http://www.braida.com

2 tankar på “Braida La Regina Langhe Nascetta 2017

Leave a Reply