Jauma Hitzky Pet Nat 2016

«A natural wine is a wine you produce without a fixed goal at the end»

Antroposofvin frå Adelaide Hills i søraustralia, frå ein av stiftarane av Natural Wine Theory (saman med mellom anna Tom Shobbrook). James Erskine er kokken som lot seg oppsluka av vininteressa si, og sparar pengar på å la ungane designa etikettane sine…

Jauma Hitzky Pet Nat 2016

Handplukka druer, spontangjæring, ingen fjerning av botnfallet, ingen svovling. 100% Grenache.

Kraftig duft av jordbær og rabarbra, litt rosmarin og eukalyptus. Litt sursøt frukt og yoghurt naturell bakom, men på den moderate sida av naturvin-skalaen.

Fin prikking frå boblene og kremete munnkjensle. Modne jordbær og rabarbra følgjer med i smak – saman med litt bitter grapefrukt. Søtleg jordbær-avslutning med anstendig lengde.

Lettdrikkeleg og lett hedonistisk, som nok er ‘drikk no’, eller helst i førre veke. Kunne ønska meg litt mindre modne bær og litt meir syre, men uansett ein uvanleg rein pet-nat.

Solo Anthology – The Best Of Lindsey Buckingham

Det har liksom ikkje vore eit ordentleg musikkår utan ei skandale i Fleetwood Mac. Og ganske riktig – i april 2018 vart det klart at Lindsey Buckingham (igjen) ikkje lenger er ein del av bandet. I oktober kom 3 cd-ar med remastra høgdepunkt frå solokarriera – utvald av Buckingham sjølv.

Ikkje alt er like interessant, men heldigvis er mykje henta frå Out of the cradle og Gift of Screws – dei to beste platene. Eit par uutgjevne låtar, litt han skreiv til Hjelp vi er på Ferie (eller kva no den National Lampoon-filmen heitte på norsk) og Back to the Future. CD 3 er reint konsertopptak som også gjev oss nakne variantar av Never Going Back Again og Big Love (som i tillegg syner kor ekstremt dyktig gitarist han er) saman med ein del anna knask frå Fleetwood Mac-katalogen.   

Kjelder:

www.jauma.com
www.warnermusic.com/lbsite/

Ein tanke på “Jauma Hitzky Pet Nat 2016

Leave a Reply