Viúva Gomes Reserva Tinto 1934

Sand har vore ei velsigning og ein forbannelse for vindyrking i Colares, vest for Lisboa. Vinlusa – phylloxera – hatar sand, og dette gjorde at området kom uskadd frå raseringa av vinplantar i Europa på slutten av 1800-talet. På den andre sida har sand ein tendens å trekkja til seg den andre naturlege fienden til vinmakarar – eigedomsmeklaren –  noko som har gått hardt ut over areala det blir dyrka druer på. For tida er det berre 6 produsentar igjen i Colares DOCen.

Lokaldrua Ramisco er liten, har tjukt skal, og er tannninrik med mykje syre. Vinen er knapt drikkandes før etter lang lagring, til gjengjeld har han evig liv. Atlanterhavet kjem med kald luft, sanden magasinerer varme, slik at mikroklimaet balanserer.

Viúva Gomes Reserva Tinto 1934

100% ramisco, fermentering på store fat, lagring i ei blanding av fransk eik og brasiliansk treverk, flasking på 50-talet ein gong, 0.65 flaske.

Markant duft av raudt epleskal frå nyopna flaske, bakom vandrar vinen mellom lakris, asfalt og tjørebreidd naust. Litt kamferkiste, litt steinsopp, litt tobakk, litt blyantspiss. Essensen av meditasjonsvin – veldig behageleg å lukta på.

Overraskande friskt anslag, glir over i raude eple, tørka frukt og litt morell. Frukten forsvinn fort i glaset og blir overtatt av mahogni, traktkantarell, maldonsalt og jordlege tonar. Avsluttar med ei frisk kirsebær-syre. Bordsettinga einast om at tanninane er borte – men skinnet (pun intended) bedrar – etter tredje glaset har dei forsiktig og langsamt bygd seg opp så dei er merkbare.

Drukke utan mat – vil anta at rettar med skogssopp er storvegs matfølgje til vinen.

Terje Rypdal – Bleak House

Då Terje Rypdal debuterte som soloartist i 1968 var han 21 år gamal og hadde allereie ein unik posisjon innimellom jazz, rock og kunstmusikk i Noreg. Inspirert av Jimmy Smith og Jimi Henrix ville han gå ei anna retning enn The Vanguards.

Med seg fekk han mellom anna Jan Garbarek, Jon Christensen og Knut Risnæs – resultatet vart ei plate med spenn frå streit blues til psykedelia til  intrikate ensemblestykke, alle med eit allereie då Rypdalsk uttrykk.

 Side A startar i orgeltung mamboblues med Dead Man’s Tale der vi får høyre Rypdal synge og spele ein saftig fløytesolo. Wes er kul storbandmusikk med ein herleg ekspressiv Jan Garbarek på tenorsaksofon. Platesida sluttar med særare George Russell-inspirert impro.

The Gladiators-coveren Bleak House er ei knalltøff blanding av Hendrix og storbandjazz, med eit vanvitig trommedriv frå Jon Christensen. Legg til aggressiv saksofon frå Garbarek og psykedelisk gitar frå Rypdal sjølv, og du har høgdepunktet på plata.

Jazzballaden Sonority har med seg mykje av det som etter kvart vart det melodiske varemerket til Terje Rypdal – vakkert og stemningsfullt. Hadde vi han då? Neida – A Feeling of Harmony er bokstavleg talt latin-style pludring på akustisk gitar – meir kuriøst enn eigentleg interessant. Uansett ei spanande og veldig bra plate frå starten av ei gigantisk karriere.

Kjelder:
http://www.adegaviuvagomes.com/
Rob Young – Essay på platecoveret
ecmrecords.com
Diverse wikipedia

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *