Baga

Den store kloke boka om vindruer, Wine Grapes frå 2012 av Robinson, Harding og Vouillamoz, handlar om 1368 ulike druesortar. Det finst sikkert fleire, men desse 1368 meiner forfattarane vert brukt i kommersiell vinproduksjon. I starten av boka vert druesortane sortert etter kva land dei stammar frå. Italia er klart størst med 377, Frankrike nummer to med 204 og Spania kjem så med 84. På ein finfin delt fjerdeplass med Hellas, kjem dette rotete men akk så herlige Portugal med 77 heimlege sortar. Ein del av dei vert uttala som når ein full russar skal seie eit ord med sju stavingar og skarre-r på tre plassar. Men det finst ein druesort som sjølv barn heilt nede i eittårsalderen kan klare å seie heilt reint. Om dei prøver då. Men dei fleste eittåringar er nok heller opptekne med å seie “nei, ja, mamma, pappa,” og kanskje namnet sitt.

Om baga er lett å uttale, er sorten verre å dyrke. For mesteparten av dei 9 885 hektar med baga i Portugal, har røtene sine i kalk- og leirejorda i Bairrada. Her ligg det alltid noko lågtrykk på lur ute i Atlanterhavet, eit kjend fenomen for oss på det norske vestlandet. Men om vêret spelar på lag og druene vert tilstrekkelig mogne, kan baga bli ein svært interessant og lagringsdyktig raudvin. Skulle ikkje vêrutsiktene vere dei beste, kan druene kome i hus med litt lågare mogning og bli base for musserande vin.

Baga har altså ikkje gjort nokon klassereise. Det er nok få vinofile utanfor Portugal som har med ein baga-vin på årets topp ti-liste. Ei heller nokon utanlandsreise. Wine Grapes har inga oppføring om dyrking utanfor heimlandet. To av dei som står på for baga, er Luis Pato og dottera Filipa Pato. På kvar sin måte og frå kvart sitt domaine lagar dei vin på baga som fortener å få større nedslagsfelt mellom begersvingarar og Zaltofile rundt om i verda.

Luis Pato tok over garden etter faren João i 1980. Som utdanna ingeniør var Luis ikkje redd for å prøve å forbetre teknikkar og vinmarksarbeid. Han byrja med avstilking av druene, litt nye eikefat og å blande baga med touriga nacional. Rykte som rebell er kanskje noko han har funne på sjølv, men det vart ikkje mindre då han gjekk ut av DO Bairrada i 1999. Tider og nye idéar har også kome til Bairrada, men sidan Luis har lege både eit andedrag og eit hestehovud framom dei hine, har han blitt karakterisert som både modernist og tradisjonalist. Portefølgjen får stadig nye etikettar, og baga vert tappa i dei utruligaste variantar. Om raudvin av kvite druer er det siste kvakket frå Pato, er slett ikkje sikkert. Den (i Noreg) nylig lanserte Vinhas Velhas Tinto 2000 vitnar i alle fall om at baga er verd å lagre, og at Luis veit kva han driv på med. Sortementet frå Bairrada er førebels ganske tynt her til lands, så her må det finnast sjansar for importørar som vil noko. Om obskure Colares kan klare å skape interesse hjå vinfolket, så kan vel Bairrada også?

Eg veit ikkje kor mange born Luis Pato har, men Filipa er nok ikkje den stygge andungen. Ho har både gått i skule hjå far og ute i den store verda. I 2001 byrja ho å pusle med eigne vinar og har i dag ansvaret for 12 hektar vinmarker i Bairrada. Noko eig ho og noko er leigd mark. Vinane er reine og jordbruket inspirert av Rudolf Steiner. Det reine og i utgangspunktet enkle fruktpreget i fleire av vinane minner om andre neo-modernistar, eller det som kanskje er lågintervensjons vinmaking. Som til dømes Luis Seabra frå litt lengre nord i landet. Ho er oppteken av terroir og gode vinmarker med gamle vinstokkar. Men kvifor har då ikkje vinane namn etter vinmarka eller området dei kjem frå? Dersom baga skal bli den nye nebbiolo, må merkjevarebyggjinga snart begynne..

Luis Pato Vinhas Velhas Tinto 2000

Opak, og begynnande mursteinsraud. Behagelig og utvikla lukt med bringebærpuré, søtleg tobakk, lauv og gamalt treverk. Frisk og herlig vin. Saumlaus og på ein fin stad i livet. Mogne tannin som ikkje har så mykje motstand lenger. God fruktsødme. Bringebær og litt søte mørke bær. Syrlig fin bringebærfinish. Får lyst på meir. 12,5% alkohol, 380 kr. Notat frå 18.01.19

Filipa Pato Post Quecus Baga 2015

Brilliant mørk svartraud på farge. Transparent. Fin farge. Deilig lett søtleg lukt av jord og søte bær, men på ein raffinert og mjuk måte. Frisk vin med open lett frukt, nesten naturvinaktig. Mjuke tannin som kjem litt meir i gang utover i smaken. Litt perlande og rå i starten, men det forsvinn med litt lufting. Artig vin. Gjæra og mogna i nedgravde italienske amfora. 11% og på 50 cl-flaske! Eple fall ikkje langt frå stammen, men det trilla kanskje ein annan veg? Notat frå 06.10.17

Filipa Pato 3B Rosé Extra Bruto

Medium mørk rosé. Fruktig og mild, med lukt av jordbær og bringebær. Fin mousse. Frisk og fruktig vin, men knusktørr. Smakar av raude bær og sitrus, og med ein grapefruktbitterheit i ettersmaken. Artig musserande vin på baga og hyggelig prisa til 170,- Notat frå 10.10.17

Luis Pato AM Vinho Rosé 2010

Mørk roséfarga vin. Det luktar av sommarens raude bær, søtt og friskt. Noko haust er det her og med skogbotn og lauv. Søt vin i munnen med smak av bringebær, kirsebær og eit snev av teknikk? Fyldig rosévin med baga-drua sine tanniner og syre luskande i bakgrunnen. Ein “ærlig juksevin” frå raringen Pato. Ein søt rosévin laga på baga-drua og med hjelp av flytande nitrogen! Druene vert hausta ved normal mogning. Skalet får vere med i prosessen ei stund, til ein lys raudfarge er etablert. Når mosten så har gjæra til ca 10% alkohol, heller han flytande nitrogen over gjæringskaret, slik at gjæringa stoppar og ein del av vatnet i vinen legg seg som is på toppen. Så er det berre å ause ut isflaka, og att er ei rosa kraftpakke! No er det 2013 som er i sal og målbare data seier: 9% alkohol, 10 g/l syre og 121 g/l restsukker.

Leave a Reply