Hexamer Schlossböckelheimer Porphyr Riesling 2017

Eg er svak for Nahe generelt og Hexamer spesielt. I Nahe – med namn frå elva som møter Rhinen, og eit litt oversett distrikt aust for Mosel, tett opptil Rheingau og Rheinhessen – får vinen sødme frå varme dagar og syre frå kalde netter – og alle produsentane har dritkule namn som Dönnhof, Kruger-Rumpf og Schäfer. Og Hexamer… Harald Hexamer har frå han overtok garden i 1999 blitt kjend for å laga eiswein og andre søte vinar med konsentrasjon i verdsklasse, og veldig gode tørre vinar i budsjettklassen.  No er det komen ein ny vin i sistnemnte kategori – kan han halda kvaliteten oppe med ein vin til under 150,-?

Hexamer Schlossböckelheimer (*prosit*) Porphyr Riesling 2017

Brusande svovel ved opning og stort sett berre vulkan på snuten – ein times strafferunde på karaffel gjer godt – vinen opnar seg fint med gule eple, honning, bivoks, skumbanan, nyslått gras og litt våt stein. Rein og fin utan å vera påtrengjande.

Leskande anslag, fruktig midtparti med fersken,  honning og søte druer, akkurat når sødmen er i ferd med å bli emmen så sparkar syra til i ei balansert avslutning med honning, sitron og eplekart.

Ligg for meg akkurat i grenseland til å opplevast litt for søt, men godt nedkjølt balanserte syra akkurat nok til at det gjekk bra. Fungerte strålande til sashimi – flott kjøp til rett under 150-lappen.

Musikkbonus: Den Fule –  Skalv

I nokre intense år på tidleg nittital var det Den Fule som leda konkurransen mot Hedningarna og Transjoik om å vera det kulaste folkefusionbandet. Her blei skandinaviske feleslåttar fillerista i møte med rockeriff, samiske joikar vart funky jazz, og mordballadar fekk skeive taktartar.

Vokalist Henrik Wallgren har ikkje akkurat ei spesielt vakker røyst, men han tar det verkeleg igjen i ekspressiv rennefart. Bandet er bunnsolid, Jonas Simonson på fløyte og Ola Bäckstrøm på fiolin er begge framifrå solistar.


Høgdepunkt?  I Koptespakte går naturromantikken frykteleg galt over eit hypnotisk riff. Den Blå Slåtten/Ormslå glir umerkeleg frå Setesdalen til Konstantinopel.

Storebackepolskan  syner dei meir jazzete sidene med bandet. Musikk som paradoksalt er både ekstremt respektlaus og respektfull overfor historia på ein gong…

Kjelder:

weingut-hexamer.com

Ein tanke på “Hexamer Schlossböckelheimer Porphyr Riesling 2017

Leave a Reply