Patrick Sullivan Amazon Yarra Valley 2016

Eksentrisk antipode-vin frå ekteparet Patrick og Megan Sullivan – utfordringa dei ser ut til å gje seg sjølv er å leggja mest mogleg av kvalitetsgrunnlaget i åkeren og gjera minst mogleg i kjellaren.

«For me, winemaking is simple,» explains Patrick, «you put the grapes into a fermenter, check to see if they smell OK, and if they do, then they’re probably fine… it’s all sensory.»  (thewineidealist.com)

Dei lagar morosame vinar med koko drueblandingar som duftar kaotisk fruktpai – men kan dei også levera seriøs Pinot Noir?

Patrick Sullivan Amazon Yarra Valley 2016

Handplukka Pinot Noir, spontanfermentert, modna i brukte fat og på keramiske egg.

Blåplommer, morell og nykverna svart pepar. Etter kvart søte jordbær litt eukalyptus og noko ørlite animalsk hengt vilt-aktig. Legg på seg lysare ripstonar og sånn – hald ut med meg no – behageleg duft du får frå nyriven bark til dømes når ein lagar seljefløyte. Innbydande snute heilt utan noko sylta naturvinpreg.

Friskt anslag, konsentrert og fruktig midtparti med kirsebær, morell og syrlege jordbær. Fyldig og samstundes leskande avslutning med bringebær og pepar. Tanniner byggjer seg langsamt opp, men er absolutt til stades – det som startar som kosevin, ropar etter ein kjøtbit frå tredje glaset.

Dårleg planlegging og  vinterfriksjon på vegane gjorde at dagens middag vart spagetti og tomatsaus, noko som gjekk veldig fint – vinen matcha både syra frå tomatane og fylden frå steinsoppen.  Leiken vin som syner at Patrick Sullivan verkeleg har noko å fara med.

PJ Harvey – To Bring You My Love

Dersom eit eller anna rasjonaliseringsdirektorat skulle finna på å slå saman Leadbelly, Captain Beefheart, Nick Cave og Tom Waits, så hadde vi antakeleg endt opp med PJ Harvey i andre enden. 1995-plata To Bring You My Love står framleis som eit unikt meisterverk. Mørkt, dystert,  sexy og hypnotisk. Vakre melodiar følgjer desperate liv og blir med dei på nedturen…

Lydbildet er røft rocka, og kan innimellom minna om Bone Machine frå Tom Waits, men for det meste er kombinasjonen av hypnotiserande gitarlinjer, analoge tangentar og pulserande bass unikt hennar eige.

For meg er høgdepunkta folk-popen i C’mon Billy og  den desperate fortvilinga i Teclo, der dyster tekst møter melodisk og Morricone-aktig arrangement.  Long Snake Moan er rasande alternativ-rock, medan The Dancer tar religiøs symbolikk, snedige gitararrangement og geniale vokalmelodiar til nye høgdar.

Plata er snart 25 år gamal, men lét framleis herleg friskt. Perfekt for dagar du vil vera litt nedfor, men likevel trampa takten…

Ein tanke på “Patrick Sullivan Amazon Yarra Valley 2016

Leave a Reply