Cantina Ribelà Bianco 2016


Malvasia, Trebbiano og Bombino, spontanfermentert, ingen skalmaserasjon, ingen svovling, ingen filtrering. Månekalender og nullintervensjon, kun druer og intuisjon…

Cantina Ribelà Bianco 2016

All things apples – eplejuice, eplesider, gult epleskal… Kruttrøyk, aprikos, mandler, sursøt frukt og surøl. Vin på vandring minutt for minutt. Behagelege duftar, tydeleg naturvin utan å vera for skitten…

Pilsbittert anslag. Friskt midtparti med gule eple, grapefrukt og kjørvel. Litt stutt avslutning. Med karaffeltid kjem det meir eplesyre, stein og lengde.

Vin på den bitre sida som lovar meir på snute enn han gjev på smak. God vin, men eg vart nok meir forført av pet-naten deira. Drukke til blåskjel med hot currypasta, noko som fungerte bra.

Daniel Lanois – For the Beauty of Wynona

På tidleg nittital var Daniel Lanois pendlande superprodusent. I Tyskland organiserte han det som skulle bli Achtung, Baby, parallelt i Storbritannia var Peter Gabriel arbeidsgjevar med det som etter kvart  vart US. For å nullstilla hjernen mellom dei to jobbane brukte han transportetappane til å skriva låtane som vart kultplata For the Beauty of Wynona i 1993.

Der debuten Acadie fire år tidlegare var eit meir utadvendt album, er vi no i eit introvert, atmosfærisk, draumande og ofte moody landskap. Lagvise gitarstemningar møter seig blues og americana ispedd eit fransk snitt, og melodiar som snik seg umerkeleg innpå deg til eit punkt der du syng dei på offentleg stad utan heilt å hugse kor du har det frå. I tilegg er han ein djevelsk god gitarist – både med surf twang og med støy…

Lyrikken er meir mystisk enn før – låtane framstår som små novelleglimt der dei vi møter strevar med sitt, og både lukkast og mislukkast med eit sjølvutslettande pågangsmot.

Høgdepunkt? Fleirstemte The Messenger, sjølvsagt.  Still Learning How To Crawl er ein personleg favoritt på plata saman med Death of a Train. Lotta Love to Give og Sleeping in the Devil’s Bed treff dei rock-orienterte, Indian Red og tittelsporet dei meir eksperimentelt inspirerte.

Framleis eit lågmælt meisterverk etter over 25 år.

Kjelder:

www.cantinaribela.it
www.daniellanois.com

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *