Beatrice & Pascal Lambert Chinon les Terrasses 2015

Sjølv om drua er ein forfar til meir berømte Cabernet Sauvignon, så får ikkje Cabernet Franc noko særleg merksemd. Sannsynlegvis stammar drua frå Bordeaux, men blir behandla med meir respekt i Loire der ho trivst godt i relativt kjøleg mikroklima.

Beatrice & Pascal Lambert Chinon les Terrasses 2015

Steinerskulevin med alle dei vanlege greiene… biodynamisk drift, handplukka druer, månekalender, hesten Isis som berre vil pløye når Jean-François går med, spontanfermentering, eit ønske om å laga eit produkt som speglar oppvekststaden med minst mogleg innblanding etter at druene er plukka… I dette antroposofiske Andeby har bruket 17 hektar med Cabernet Franc og Chenin Blanc fordelt mellom Cravant les Coteaux og Chinon i Loire.

100% Cabernet Franc.

Rips, blåplommer, toffee og caffe latte på snuten, solbær ligg som ein pedaltone bakom. Ørlite nellik. Behagelege duftar – tar meg sjølv i å utsetja første slurk for berre eit sniff til…

Bløtt og juicy anslag, elegant og konsentrert midtparti med plommer, kaffi, mjølkesjokolade og solbær men som mistar litt piffen undervegs. Reddar seg inn igjen med ei fin bringebærsyre i avslutninga, men ikkje all verdas lengde.

Reine og fine smakar frå ein litt nedpå vin som er konsentrert, men samstundes lett. I møte med mat dukka det også opp blåbær på tunga, og tanninane kjem i eit lite bakhaldsangrep etter tredje glaset.  Konsentrert nok til å fungera saman med eit stykke hjort med traktkantarell. Sjarmerande vin. NB! Mykje botnfall.

Boccaccio ’70 – Original Soundtrack

Filmen frå 1962 – og eit nikk til Dekameronen – med ei utforsking av kvinneleg seksualitet og frigjering i møte med mannleg tradisjon og moralisme. Tre kortfilmar (opprinneleg 4) frå mellom anna Frederico Fellini, og – nær sagt sjølvsagt – med musikk frå Nino Rota og Armando Trovajoli.

Her er det ei besynderleg blanding av latin, tivoli, jazz og orkestermusikk der komponistane har fått ei lp-side kvar.

Trovajoli er den mest leikne – han fyrer av Soldi! Soldi! Soldi! med ei energisk opplagt Sophia Loren på vokal, før tivolimusikk, cha-cha-chá, marsjar og jazztwist overtar. Og alt høyrest italiensk ut!

Nino Rota startar meir seriøst i orkesterland der A spasso per Roma minnar litt om Tchaikovsky, før energiske – på grensa til pompøse marsjar overtar. Resten av vegen er det sjarmerande sekstitalsjazz og ein liten vals. Variert og morosamt.

Kjelder:
chinonlambertbio.com
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner

2 tankar på “Beatrice & Pascal Lambert Chinon les Terrasses 2015

Leave a Reply