Årets beste i 2024

Årets nebbiolo Det har vore mange gode Barolo, så det er ikkje lett å velje. Til dømes to årgangar (2017 og 2018) Monvigliero frå Diego Morra til grei pris, var kjekt å smake. Ein litt overraskande tøff 2015 Cerretta frå Ettore Germano. Frå same nabolag: Poderi Sori Barolo Baudana 2019, enno svært ung og stram, men med potensiale. Eg må likevel framheve ein meir utvikla … Les meir Årets beste i 2024

Atlanterhavsdrua verdelho

Til å vere planta på berre 47 hektar på Madeira, er verdelho godt representert i Noreg. Nett no er det elleve vinar på denne sorten i kategorien sterkvin, og tre kvitvinar. Men det er ei diger øy på andre sida av kloden som regjerer i tal på verdelho-plantingar. Eg har smakt meg gjennom verdelho frå Azorene, Madeira, fastlands-Portugal, Sør-Afrika og Australia. Både som sterkvin og … Les meir Atlanterhavsdrua verdelho

Regnvatn på rute og i glas

Det ser ut til å bli ein fuktig haust. Igjen. Altså ikkje fuktig som i sveiseblind grøftefyll helg etter helg fram til og med julebordssesongen, nei eg snakkar om veret. Fukta stig vertikalt ned til oss her vest, som ho har gjort i uminnelege tider. Men august har vore ekstra fuktig. Eg har nemleg sett på statistikken. Det er 20. august i dag, og heile … Les meir Regnvatn på rute og i glas

Ca ca ca castelão!

Til å vere Portugal si (nest?) mest planta drue, er castelão ikkje mykje framme i søkjelyset. Og vi har vel ikkje vore så ivrige her på Nattverden heller. Det er på tide å kike på kva denne druesorten kan få til på eiga hand. Portugal har mange eigne druer, og dei har lange tradisjonar for å lage vin på fleire sortar. Usikre tal Kjeldene spriker, … Les meir Ca ca ca castelão!

Nattverdens vinbingo 2024

Ja, så er eit nytt år framfor oss. 52 helger, 156 dagar med r, eller korleis du no legg opp til å få konsumert alle dei 65 flaskene med kvit Burgund som kanskje er oksiderte.. Neidå, livet er fint, glaset er halvfullt og framtida full av vindruer du enno ikkje har oppdaga. Kanskje blir 2024 året du fyrste gong smakar ein plavac mali, pelaverga eller … Les meir Nattverdens vinbingo 2024

Bokmelding: Barolo MGA Vol 1, 3rd Edition

Alle vinregionar skulle hatt dugelege sogeskrivarar. Slike som er habile, men likevel så nært knytt til ein stad at dei vel å bruke tid og krefter på å fortelje omverda om kva som ligg bak alle vinflaskene som tyt ut or produksjonsanlegga. Når eg ser over mi eiga samling vinbøker er det mykje generelle guidar til større eller mindre geografiske vinområde. Og dei er i … Les meir Bokmelding: Barolo MGA Vol 1, 3rd Edition

Skrukork – vri om til ei sikker framtid

Det er mykje i vinverda vi ikkje forstår fullt ut. Kvifor vert druene frå ei vinmark til ein slik vin, når nabovinmarka smakar heilt annleis? Kvifor er det så tydeleg aroma av “skifer” i Moselvin? Mysterier og undring er ei av drivkreftene til å kjøpe, lagre og smake stadig nye årgangar og vinar. Sjølv kjenner eg at eg lærer litt for kvar dag. Det var … Les meir Skrukork – vri om til ei sikker framtid