Bokmelding: Barolo MGA Vol 1, 3rd Edition

Alle vinregionar skulle hatt dugelege sogeskrivarar. Slike som er habile, men likevel så nært knytt til ein stad at dei vel å bruke tid og krefter på å fortelje omverda om kva som ligg bak alle vinflaskene som tyt ut or produksjonsanlegga. Når eg ser over mi eiga samling vinbøker er det mykje generelle guidar til større eller mindre geografiske vinområde. Og dei er i … Les meir Bokmelding: Barolo MGA Vol 1, 3rd Edition

Skrukork – vri om til ei sikker framtid

Det er mykje i vinverda vi ikkje forstår fullt ut. Kvifor vert druene frå ei vinmark til ein slik vin, når nabovinmarka smakar heilt annleis? Kvifor er det så tydeleg aroma av “skifer” i Moselvin? Mysterier og undring er ei av drivkreftene til å kjøpe, lagre og smake stadig nye årgangar og vinar. Sjølv kjenner eg at eg lærer litt for kvar dag. Det var … Les meir Skrukork – vri om til ei sikker framtid

3 store vinar og eit paradigmeskifte

Kven har ikkje grave seg ned i ein fiks idé eller problemstilling, og etter ei stund funne ut at ting jo ikkje heng saman på den måten ein trudde. Der har du vinverda i nøtteskal, ei Pandoras øskje, eit kaleidoskop, eit stadig fornyande mysterie, eit hopp ned i kaninholet, med leddsetningar forma som nye spørsmål for kvar nye årgang som kjem ut frå tappelinja. For … Les meir 3 store vinar og eit paradigmeskifte

To kule frå nebbiolo-land

Når vi har turnert moter og trendar frå 60,70,80 og 90-talet nokre gonger, så er det alltid nokon som går grundigare til verks. Tilbake til røtene, lissom. Ja, altså heilt tilbake. Sjå berre på kor hipt old school qvervi-vin er blitt frå California til Alentejo. Slik ur-vinmaking med base i georgisk fleire tusen år gamal vinkultur skaper bølgjer i vinverda, og pengar i kassa på … Les meir To kule frå nebbiolo-land

God og småskala Champagne

Dei store spelarane i Champagne er husa, og av dei så er det 24 såkalla Les Grandes Marques. Desse står for ein stor del av eksporten, i tillegg til nokre større kooperativ. Men småprodusentane som lagar vin frå eigne druer har kasta om på dynamikken i Champagne. Mange av desse flinke og sterke stemmene har vore viktige i utviklinga av vin frå Champagne, der lokale … Les meir God og småskala Champagne

Cloudwalkers?

Stå utanfor og kritisere, eller bli med og forsøke å forandre frå innsida. Dette er eit dilemma som vi kan støyte på i våre liv. I politikken, samfunnet eller arbeidslivet er det fleire måtar å oppnå endring. I det sentralstyrte Frankrike kan det verke som eit uoverstigeleg hinder å forsøke å riste i lokale AOC-reglement- og styresmakter. Er det rart det finst naturvin? Natur eller … Les meir Cloudwalkers?

Sosialist-Champagne. No!

Eg hatar champagne. Eg elskar champagne. Industriell storskala-vin blir framstilt som luksus. Avkasting i vinmarkene på linje med stader der druer går til destillering. Chaptalisering over ein låg sko. Hemmeleghald om kvar druene kjem frå og produksjonsvolum. Det er ikkje mogleg å deklassifisere vinen til IGP eller Vin de France. Alt er topp skår. Champagne har eit forklaringsproblem. Nokon må gå. Churchill og Stalin Eit … Les meir Sosialist-Champagne. No!

4 nyansar av gult III/Louis Pasteur 200 år!

Det er ikkje mange som blir den æra til del, at namnet kjem inn i ordboka som verb. Louis Pasteur er ein av dei, og i dag er det 200 år sidan han vart fødd i Dôle i Jura. Livsviktig Men det er ikkje berre pasteurisering som står att etter denne vitenskapsmannen. Han verka innan fleire felt, og hadde den fyrste vaksina mot rabies. Som … Les meir 4 nyansar av gult III/Louis Pasteur 200 år!