
Skribent: Jan Tore Skråmestø


Mitt hjerte alltid vanker…
I Andesfjella heilt nordvest i Argentina – på grensa til Chile og Bolivia – ligg vinregionen Jujuy, som klarar kunststykket å både vera nær ekvator og samstundes ein av verdas høgaste vinregionar. Ein region som ufrivillig vart sentrum i frigjeringskampane frå Spania på tidleg 1800-tal, og utsatt for både massedeportasjonar og brend jords taktikk, noko som fekk store negative konsekvensar for utviklinga av området. I UNESCO-landskapet Quebrada de Humahuaca blir det dyrka druer på opptil 3300 meter. Inntil 2003 var det berre lov å dyrka tobakk og sukkerrør her, så dette er knapt vaksne druestokkar.


Urban Vin
Eg har i alle år trudd at Wien var den einaste hovudstaden som lagde vin, men det syner seg at også Lisboa dyrkar litt druer innanfor bygrensene. I parsellane hjå agronomi-instituttet på Universitetet i Lisboa går Catarina Moreira og David Picard på slang, før dei lagar vin i ein nedlagt bilverkstad i Belém, vest i byen.
Les meir «Urban Vin»
Profetar og piratar
Porto Santo dukka opp i Atlanterhavet for 14 millionar år sidan, men likevel tok det 13998582 år før øya vart oppdaga og ga livreddande ly for Madeira-oppdagar, og etter kvart 1.º capitão do donatário do Funchal, João Gonçalves Zarco. I takksemd fekk øya namnet sitt.
Les meir «Profetar og piratar»
Onkel Franc
Sjølv om Cabernet Franc er opphavet til meir berømte Cabernet Sauvignon, så får ikkje drua noko særleg merksemd, og er heller blitt den godt vaksne farbroren som har hatt eit vilt og spanande ungdomsliv, men som no lever anonymt ein stad på landet i Loire.
Eller? Noko ser ut til å endre seg – stadig oftare dukkar det opp positive meldingar og omtalar av Cabernet Franc. Er drua i ferd med å snika seg tilbake i rampelyset?

The Right Tool?
Arizona. Kjent for Grand Canyon, Alice Cooper og kaktus. Og vin?
Les meir «The Right Tool?»
God som Gutedel
Fendant i Valais, Chasselas i resten av det sveitsiske eidssambandet og i Frankrike, Gutedel i Bundesrepubliken. Viktig drue i Sveits – knapt ein ettertanke i resten av verda. Dette prøver tømrer Hanspeter Ziereisen å gjera noko med på vingarden han starta i Efringen-Kirchen saman med kona Edeltraud i 1991 – nærare både Basel og Strasbourg enn Stuttgart. Mantraet er druekvalitet og minimal innblanding etter hausting. … Les meir God som Gutedel

Grace Akeno 2020
Koshu Valley, Japan. 63 % Merlot, 28 % Cabernet Sauvignon, 8 % Cabernet Franc, 1 % Petit Verdot. Handplukka, og fermentert separat. Modna 17 månader på fransk eik. Økologiske prinsipp. Firehundreogåtti kroner.
Les meir «Grace Akeno 2020»
Parr og odde…
Det er heilt sikkert berre ein eksponerings-bias, men innimellom verkar det som all amerikansk vin har vore innom fingrane til Rajat Parr, ikkje minst med Sandhi-labelen som verkeleg har fått fotfeste i Noreg. Heilt i det stille driv Sandhi-partnar Sashi Moorman miniproduksjon av musserande vin på sjampanjemetoden.
Les meir «Parr og odde…»
Skalkontakt, baby!
Trebbiano Spoletino – obskur druevariant med DOC-status sidan 2011, som berre veks rundt Spoletino og Montefalco i Umbria, og sjølv med mikroskopisk produksjon er det lokal usemje om rett identifisering av drua…
Les meir «Skalkontakt, baby!»
Pirata da Viúva
Heimflyttar Diogo sitt jomfruprosjekt – dels i samarbeid med, dels i opposisjon til pappa – hjå Viuva Gomes i Colares. Eigentleg skulle han berre innom for å hjelpa til med rekneskapet, men fann fort ut – røter er rare sånn – at ideen om å laga vin appellerte sterkt nok til å flytta heim att frå Lisboa. Colares har vore dødsdømd som vinregion ei stund, men det verkar som eit generasjonsskifte har brakt med seg ein forsiktig optimisme.
Les meir «Pirata da Viúva»
Marsvinquiz 2024

de Bois are back in town
Frå ein av dei eldste vingardane i Anjou – med klosteraner attende til 1219 – kjem den biodynamiske duoen Géraldine and Xavier Cailleau med ei ikkje akkurat daglegdags drue. Pineau d’Aunis var visstnok ein favoritt hjå Henrik III av England, og med sin lyse farge den opphavlege Claret-en før Bordeaux tok hevd på namnet. Synonymet Chenin Noir har med drue-CSI synt seg å vera eit blindspor, ditto det påståtte slekskapet til Pinot Noir. Ei jordsmonnkresen og vanskeleg drue som vart i hovudsak skifta ut med Cabernet Franc etter phylloxera, men som framleis har asyl eit par stader i Loire.
Les meir «de Bois are back in town»
Slava Ukrajini II
Då eg sist skreiv om ukrainsk vin håpte eg nokon etter kvart ville importera den stadeigne drua Telti-Kuruk, og no ser det ut til at eg er bønnhøyrd. Midt mellom Odesa og Mykolaiv – ved Svartehavet, og berre to kilometer frå okkupert område, ligg Beykush Winery som lagar eindruevinar frå både eksotiske og meir populistiske drueslag… Nokre kjelder tyder på at dei også har fått ut 2023-årgangen, andre at dei har måtta evakuera. Vi vonar uansett at dei er trygge.
Les meir «Slava Ukrajini II»
Mine Store Fete Greske Bobler
2023 vart liksom året då retsinavitsinga forsvann, og gresk vin blei mainstream hjå tilfeldige konsumentar fortare enn du kunne sei Thymiopoulos Xinomavro. Entusiastane hadde allereie hamstra Assyrtiko frå Santorino, medan dei eventyrlystne utforska Moschofilero, Liatiko, Kontoura, Roditis, Malagousia og Plyto. Eg har smakt mykje vin frå Hellas etter kvart – både kvit og raud, men lyt medgje at manglande kunnskap om gresk musserande og gresk mytologi er mitt akilleskne – her må boblene testast!
Les meir «Mine Store Fete Greske Bobler»