Simpsons Chalklands Classic Cuvée 2018

Ah, britiske bobler. Der til dømes Hambledon vart starta av ein brite med koko tittel og bindestrek i etternamnet, er det noko meir edrueleg med ekteparet Simpson, som – etter ein tjuvstart i Languedoc – etablerte seg i Kent i 2012. Her har dei på rekordtid fått til ikkje berre musserande, men også stille vinar, både kvitt og raudt.

Les meir “Simpsons Chalklands Classic Cuvée 2018”

Murmel, murmel, murmel…

Eigentleg var Frode Refstad ferdig med vinbonding då han selde Tenuta il Sogno og flytta frå Asti til Valle d’Aosta for å bli fjellfant på heiltid. Imidlertid ser det ut til at han vart jordsjuk og kjøpte seg litt druemark, og så litt til. Dette er no blitt til eit par tusen flasker, fordelt mellom svært lokale druer og meir populistiske typar.    Cantina la … Les meir Murmel, murmel, murmel…

Ved foten av Ararat

Armenia er eit av desse eldgamle, fillerista Kaukasus-vegkryssa i historia, forsøkt utsletta av det Ottomanske riket, tvunge saman med Georgia og Aserbajdsjan som Den transkaukasiske sosialistiske føderative sovjetrepublikk, og omsider sjølvstendig stat igjen frå 1991. Oppi fjella prøver vinmakarar å sjonglera 6000 års tradisjon med koko druer og moderne innovasjon etter at Sovjetunionen rota til jordbruket deira. Zorah Voskì var mellom favorittane eg smakte i 2020, men hadde ein pris over 350,- Kan meir budsjettorienterte vinar gje drikkeglede?

Les meir “Ved foten av Ararat”

Grapes of What?

Som vanleg med italienske druer endar eg opp meir forvirra etter kjeldearbeidet enn då eg starta. Den vesle vinregionen Lugana – sør for Garda-sjøen, ikkje så langt frå Verona – har i hovudsak spesialisert seg på kvite druer, nærare bestemt turbiana. Fordi drua lokalt vart kalla trebbiano di Lugana antok dei som bryr seg om slikt at det berre var nok eit medlem av trebbiano-familien. Så kom vin-CSI med dna-testing og sånn, og hevda at drua berre var verdicchio med sexy namn. Dette vart ikkje godt mottatt i Lugana, og regionale krefter – antakeleg med mektige venar – har frå 2021 fått registrert turbiana som eit eige drueslag – dog tett i slekt med verdicchio. Dette i følgje nettsider som stort sett siterer kvarandre. Og enno har vi ikkje snakka om trebbiano di Soave. Eg resignerer og vil heller ha vin…

Les meir “Grapes of What?”

Vinema Paradiso

«No grape brings more joy or more pain» (Carlo Ferrini)

Sangiovese – Jupiters blod, og arbeidshesten i Italia si mangfaldige drueverd, brukt i alt frå enkle bordvinar til supertoscanarar til søt passito. Det er ei drue du antakeleg har smakt – enten i chiantien du tok med på ex. phil-fest i studiedagane for å visa din gode vinsmak, eller som matvin på ferien gjennom Italia. Drua er varmekjær, mognar langsomt, og kan enda opp som lett og ukomplisert eller kompleks og lagringsdyktig vin alt etter kven, kvar og korleis…

Les meir “Vinema Paradiso”

Vellukka Experiment

Trass den mørke fargen er prokupac tradisjonelt mest brukt til rosévin eller i raud blend med meir populistiske druer. Sjølv om drua er vanleg i det tidlegare Jugoslavia, er den hardføre sorten, som fint tåler temperaturar ned mot minus atten gradar, knapt kjend utanfor Serbia, Kosovo og Nord-Makedonia. I Serbia kjem ein ny generasjon med småskala vinprodusentar ut av garasjane sine – og Radovan Djordjevic hjå Podrum Čokot vil gjerne syna at prokupac kan fungera åleine som raudvin.  

Les meir “Vellukka Experiment”

Virtue in Wine?

I rekkja med musikarar som fattar interesse for vinlaging finn vi både Sting, Les Claypool, Wongraven og Lemmy, sjølv om sistnevnte nok var in it av marknadsføringsårsaker. Ein som har meldt seg på nyleg er Sondre Lerche, som har starta eit samarbeid med Non Dos og produsent Olivia Junyent hjå Castell d’Age i Catalonia. Etter kvart er det blitt ein cava, ein oransjevin, pluss – vinen vi skal smaka – ein garnacha som verkar å vera ein stad mellom raud og rosé.

Les meir “Virtue in Wine?”

I skuggen av Helikon

Med Pegasus gampande rundt i dalen, samt ni muser for estetisk inspirasjon og ein sjølvopptatt Narkissos, så badar druene i gresk mytologi der dei veks utanfor Askre halvannan times biltur nordvest for Aten. Her driv familien Samartzis berekraftig vindyrking – delvis med populistiske druesortar, delvis med lokale druer som malagousia og moutharo. Og kontoura, som bestefar Samartzis planta i skråningane under Helikon i 1962. Drua … Les meir I skuggen av Helikon

Slav to the Rhythm

Bulgaria er eit av desse landa som tevlar om å ha verdas eldste vinproduksjon, og har gjennom heile historia vore eit storpolitisk vegkryss. På sitt mektigaste gjennom 600-talet kvalifiserer dei til å bli hugsa som det storbulgarske riket, i moderne tid har prosessen frå brutal sovjetsatelitt til demokrati vore strevsam. Vinindustrien – som først kollapsa under angrep frå phylloxera, vart kollektivisert under kommunismen, kollapsa igjen økonomisk på nittitalet etter å ha vore ein av verdas største eksportørar. Det meste var blitt enkel bordvin for den russiske (og norske) marknaden før Gorbatsjov sin anti-alkoholkampanje råka knallhardt. I dag er produksjonen langsamt på veg opp igjen i ei blanding av lokale og internasjonale drueslag.

Les meir “Slav to the Rhythm”

Blant sultanar og okseauge

Noah dyrka jorda, og han var den fyrste som planta ein vingard. Då han drakk av vinen, vart han drukken og kledde seg naken inne i teltet. Kam, far til Kanaan, fekk sjå far sin naken, og han gjekk ut og fortalde det til dei to brørne sine. Då tok Sem og Jafet ei kappe og la over akslene sine. Så gjekk dei baklengs inn og breidde over far sin. Dei vende andletet bort, så dei ikkje såg far sin naken.

Les meir “Blant sultanar og okseauge”

Vin-Dráma

Nordaust i Hellas er det lett å sjå at det ikkje berre er norske fylkeskommunar som må kompromissa på namneval. Der ligg periferien ‘Aust-Makedonía og Thráki’, og inni der – heilt nord, oppunder fjella mot Bulgaria – ligg Dráma, ein liten region som trass høg kvalitet i vinproduksjonen enno ikkje har fått sin eigen opphavs-appellasjon. Her har Nikos Karatzas – med vinstudiar frå Bordeaux i lomma … Les meir Vin-Dráma