Alle vinregionar skulle hatt dugelege sogeskrivarar. Slike som er habile, men likevel så nært knytt til ein stad at dei vel å bruke tid og krefter på å fortelje omverda om kva som ligg bak alle vinflaskene som tyt ut or produksjonsanlegga. Når eg ser over mi eiga samling vinbøker er det mykje generelle guidar til større eller mindre geografiske vinområde. Og dei er i stor grad skrivne av vinskibentar som i tillegg driv med melding av vin i sitt daglege virke.
Ned i materien, tredje forsøk
Det handlar difor ofte mykje om personar, produksjon og produkt. Så er det alltid med historie i større eller mindre grad, og litt generelt om geologi, klima og andre føresetnader for vinproduksjonen. Men sjeldan er det bøker som i detalj går ned i geografien til mindre område, og i tillegg kan setje vinen inn i ein forståeleg kontekst av vêr, årgang, geologi og lokal kultur. Ein av dei som har gjort eit makelaust forsøk på å vise omverda Barolo, er Alessandro Masnaghetti. No har han akkurat kome med boka Barolo MGA Vol 1, 3rd Edition, og den er ei reise verd. I tillegg til nokre medskribentar har Paolo de Cristofaro bidrege som assistent i arbeidet.
Godt nytt
Dette er altså tredje utgåve, med mykje oppdatert informasjon og ein ny og betre måte å presentere karta over kvar vinmark. Fyrste bok kom i 2015, og andre utgåve kom i 2018. I tillegg kom Barolo MGA Vol 2 i 2018, som omhandlar historie, vêr, detaljert statistikk over innhaustingstidspunkt og årgangsvurderingar for Barolo frå 2000 til 2017. Alessandro Masnaghetti byrja som redaktør for det italienskspråklege nyheitsbrevet Enogea i 1997, og har dei seinare åra i tillegg laga detaljerte kart, til dels i 3D, over mange av vindistrikta i Italia, med eit særskild fokus på Piemonte.
Meir frå same mann
Det er kome ei tilsvarande bok for Barbaresco og Chianti Classico òg. Det er òg laga kart over nokre av appellasjonane i Médoc, og Sauternes/Barsac. Same mann står bak nettressursen BaroloMGA360.it, med bilete over vinmarkene i Barolo, der du kan fly rundt og zoome inn der du ønskjer.
Om du allereie har fyrste utgåva frå 2015, er det verd å kike på den nye. Det er særskild detaljoversikten til kvar MGA (*) som er kraftig forbetra frå fyrsteutgåva. Desse karta med høgdekotar var i fyrste utgåve i svart-kvitt, og med endra synsvinkel alt etter frå kva himmelretning vinmarka “var best synleg”. No er kartet større (i skala 1:12 500), i fargar, og slik at alle vinmarkene ligg nord-sør på boksida. Det er òg teikna inn parsellar i vinmarkene i ulike fargar etter kven som er eigar og/eller den som lagar vin frå parsellen.
Nye skot på kort tid
Det har hendt mykje i DOCG Barolo berre sidan 2015, og no har, så langt forfattaren har klart å finne, boka blitt oppdatert med nye eigarar av vinmarker og parsellar. Nytt er òg kart over kvar kommune med fargekode for dei ulike druesortane. Slik kan ein sjå kvar det til dømes ikkje vert laga Barolo, men dolcetto, barbera, kvite druer etc. Appellasjonen er i vekst, det kan lesast ut av statistikken for vinmarksareal. Her er det både for kvar kommune i Barolo og ein tabell for samla areal heilt attende til opprettinga av DOC Barolo i 1967. Den fyrste utgåva hadde med tal fram til 2013, (under 2000 ha) men no er heile Barolo komen opp i 2258 ha.
Eg har sjølv hatt stor glede av den fyrste utgåva, og det er det tydeleg av mange har. Då eg var på tur til Barolo i juni i år, hadde alle produsentane eg besøkte ulike versjonar av karta over Barolo, anten på veggen, på bordet, eller i dagleg bruk for å vise besøkande kvar dei hadde sine vinmarker og kva som er særskild for kvar plass.
Storverk
For ein som ønskjer å forstå eit vinområde, er slike bøker svært nyttige, både som referanseverk og som eit oppslagsverk. Men det er òg viktig for å halde interessa ved like. Om ein ikkje er ein einspora pinot-fil eller cabernet-kar, så er det gjerne slik at mange vinar og område slåst om merksemda. Med ei bok som denne, kan ein oppdage til dømes gløymde eller nyoppdaga vinmarker som gjev vin som enno ikkje er så dyr at vi ikkje lenger bryr oss.
Boka er flott laga, og er på 548 sider, mot 408 sider i fyrste utgåva. Litt småfeil er det, som litt sterkare korrektur kunne luka ut, men det trekk ikkje ned hovudinntrykket. Nokre vil kanskje sakne måten vinmarkene i fyrsteutgåva vart presentert. Med eit perspektiv frå skrått ovanfrå, fekk ein eit meir 3D-aktig bilete av vinmarka. Men større kart, fargar og tydelegare høgdekotar veg til dels opp for dette. Teksten er på både italiensk og engelsk, noko som bidreg til at boka vert lang, men det er vel ein grei måte å gjere det på, i stadane for å lage to versjonar.
Kjøp!
Er du glad i nebbiolo-vin frå desse åsane kring byen Barolo, er det verd å bruke litt peng på å dykke ned i materien som skjuler seg i geografien, geologien og meteorologien. Boka kan her i landet kjøpast hjå Vino Club.
* MGA står for Menzioni Geografiche Aggiuntive, som er ekvivalenten til det franske “cru”. Etter lang tids rotete praksis med namngjeving av ulike vinmarker, vart det 30. september 2010 vedteke i forskriftene for DOCG Barolo kva namn som kunne nyttast på dei 170 ulike vinmarkene i Barolo (MGA) I tillegg til desse 170, kjem 11 MGA, ein for kvar kommune som er ein del av DOCG Barolo. Til dømes kan det stå på etiketten: Barolo del Comune di La Morra.
Får du ikkje nok av nebbiolo? Her er nokre vinar eg har testa frå Barolo i det siste. Elles kan eit søk på ord som “Barolo” eller “nebbiolo” her på sida gje deg mange fleire treff.