Om du no følgjer sånn litt med i kva som skjer i vinverda, så har du nok lagt merke til britisk musserande vin. Ja, ikkje berre har han oppstått, breidd om seg og blitt likt av mange, nei han er jamvel ein formidabel suksess. Kven skulle trudd, for berre 10, 15 eller 20 år sidan? For det har gått etter måten fort. Tenk på kor lenge dei har styra på i Franciacorta, Trentodoc, DOC Cava, og på sekteria i Tyskland og boblefabrikkane i California og Australia, utan enno å vere i nærleiken av å bli samanlikna med o store Champagne. Korleis er det mogleg, og kvar går vegen vidare?
Ny bok
Alt dette og meir til er skildra med stødig penn og klokeleg disponering i boka Vines in a Cold Climate, The People Behind the English Wine Revolution, av Henry Jeffreys, som kom ut i august i 2023. Boka klarer på 286 sider, utan bilete eller illustrasjonar, å samanfatte den moderne engelske vinhistoria, frå dei amatørmessige forsøka på 60- og 70-talet, og fram til dei siste chardonnay-stokkane som er planta i Hampshire-esk greensand. Det er ein av dei beste vinbøkene eg har lese på lenge. Godt språk, her er pedagogisk samanheng i tema og kapittel, og ein vert klokare på korleis det har vorte slikt oppstuss om britiske bobler.
Breidde
Sjølv om eg har smakt litt forskjellig britisk fizz, var det på tide å smake litt fleire i ein samanheng. Flasker vart handla inn, folk kom på døra og så sette vi i gang. Det var ein tanke om å få med ein flight med blanc de blancs, ettersom Susie Barrie og Peter Richards frå podcasten Wine Blast with Susie and Peter, hadde skrytt så voldsomt av denne stilen frå England. I tillegg vart det ein blanc de noirs og fleire cuvée-ar med dei tre champagne-druene. Når ein vel ut ti vinar, er det klart at det må bli nokre som ikkje får plass, og det er såpass mykje å få tak i her i landet av britiske bobler at slik må det berre bli. Det hadde heilt klart vore mogleg å lage ein nesten like omfattande og god smaking med til dømes å inkludere Nyetimber, Ridgeview, Hambledon, Coates & Seely, Chapel Down, Rathfinny, Camel Valley, Exton Park, Ambriel eller Black Chalk.
Prisen for popen
Men det får bli ved eit anna høve. Vinane som var vald ut, hadde litt geografisk spreiing, og var frå både store og små produsentar. Nokre var smakt tidlegare, medan andre vart med fordi eg var nyfiken på kvaliteten. Det var nokre overraskingar og kun ei svak flaske. For å gjere eit lite poeng ved samanlikninga med Champagne, vart to vinar servert blindt. Den eine var då frå Champagne. Prismessig låg vinane frå 330 til 720 kroner, det er ikkje særleg rimeleg i England lenger. Men så er jo mesteparten av produsentane ferske, og treng kapital for å kome over kneika. Nyetimber, som vart starta av ekteparet Stuart og Sandy Moss, var så vidt byrja å gå i pluss i 2000. Dei fyrste vinstokkane vart planta i 1988, og 1992 var fyrste årgang.
Vinane
Fyrste vin ut var Hattingley Valley sin Classic Reserve Brut, som med prislapp på 330 kroner (seinare sett opp til 350,-) var kveldens rimelegaste vin. Men han skuffa ikkje, og i høve til dei fire fyrste vinane var han absolutt på høgde. Kanskje den mest fruktige, men konsentrasjon og kvalitet teke i betraktning var dette bra. Så køyrde eg blindt Simpsons Chalklands Classic Cuvée mot Pertois-Moriset L’Assemblage Brut. Det var ikkje vanskeleg å plukke ut Pertois-Moriset som noko litt anna enn engelsk. Noko rikare frukt, solid kvalitet, litt rundare i uttrykket samtidig som det likevel er friskt nok. Simpsons skuffa ikkje berre meg, men fleire var samde om at den var skrinn, hard og litt ugjestmild. Noko autolyse-preg var det med hint av deig og ost, men det var overdøyvd av ei aroma av grøne, kartaktige eple. Som sagt noko hard syre i høve til totalen. Tja, kan det vere at det var samanlikningsgrunnlaget som øydela for vinen frå Kent?
Så var det tre vinar til på fleire druer. Oxney har vore økologisk sidan fyrste vinstokk fekk engelsk jord rundt røtene i 2012. Denne Oxney Organic 2019 hadde mest meunier i miksen (45 %), noko som skulle tilseie god frukt. Og her er då eplearoma i godt monn. Slank, überfresh stil, på grensa til for mykje av det gode. Mineralsk ettersmak. Wiston Cuvée 2016 har 55 % pinot noir, 33 % chardonnay og 12 % meunier. 5 år på berme er noko lenger enn dei fyrste vinane, men her er det fleire ting som gjer at denne er nokre knepp opp i kvalitet. Balansen er betre, eplene meir mogne, det er fylde, stilig autolyse som glir godt i hop med resten av elementa. Godt druemateriale som òg er godt forvalta. Men så er prisen 610 kr.
Det er irske Dermot Sugrue som står bak vinmakinga på vinen frå Wiston, men no arbeider han ikkje der lenger. No er det fullt fokus på sin eigen label Sugrue South Downs, og derfrå hadde eg fått tak i The Trouble with Dreams 2018, på 60/40 chard/pinot. Her er vi endå eit knepp opp i kvalitet. Detaljert og kompleks, lang i smaken, nydeleg balanse. Gul frukt vitnar både om eit rikt år og godt vinmarksarbeid. Hint av eik og vanilje betyr at basevinen har vore på fat. Kveldens dyraste med 720 kr. Flott vin!
Jan Tore har òg smakt engelske bobler.
Blanc de noirs
Eg tenkte å slengje med ein bdn, for å vise litt breidde i uttrykket. Balfour har Fergus Elias bak traktorspakar og gjæringskar. Ein vinmakar det vert snakka mykje fint om. Akkurat denne Balfour Blanc de Noirs Brut var litt rotete. Litt salt sjø, før raude eple og bringebær kitlar i nasen. Ikkje så rik og fyldig, men med mykje på gong i form av øster, villbringebær, gul frukt og barndommens snap n’crackle. Meir gøy enn pent.
Blanc de blancs
Så var det tid for blanc de blancs. Gusbourne har rike folk i ryggen og gjer ikkje mykje feil. Charlie Holland er vinmakar og fyrste vinstokkar gjekk i jorda i 2004. Gusbourne Blanc de Blancs 2018 er eit godt kjøp. Her er det pent og korrekt, med gul frukt og vanilje på nasen. Fyldig i munnen, balanse i smakane som går frå hermetiserte eple, vanilje og gjærdeig, før det snik seg inn ein østers før festen er over. Men er det litt for glatt og korrekt? Eg trur kanskje litt lagring vil gjere godt, og at det kan dukke opp ein x-faktor. Frå Kent gjer vi eit geografisk sprang til Buckinghamshire. Hæ, ikkje kjend med engelske grevskap eller nyare administrative inndeling? Ok, følg Themsen ein halvtime vestover frå Marleybone jernbanestasjon i London. Harrow and Hope planta her i 2009, og er ikkje større enn 6,5 ha. Blanc de Blancs Brut 2018 har eit fysteinntrykk av nyopna boks med fruktcocktail. Så følgjer gule eple, kaffi og urter. Noko friskare enn Gusbourne, og med høg konsentrasjon. Vel verd sine 520 kr.
Langham ligg i Dorset, og denne smakingas vestlegaste vin. Eigedomen er diger, og i 2009 vart det planta drygt 12 ha vinmark. Tommy Grimshaw er ny vinmakar og tok over frå Daniel Ham. Driv vinmarkene i retning øko, men tør ikkje heilt å gå fullt ut. I vinifikasjonen er det derimot låg intervensjon med spontangjæring av basevin og ingen filtrering eller klaring. Langham Blanc de Blancs Brut har basevin frå 2019, viser det seg på baketiketten. Ting er i balanse og harmoni i både lukt og smak. Sitrondrops, eik, kaffi. Lang og konsentrert i smaken, høg syre men på ein god måte. Faktisk kveldens vin for meg.
Fox & Fox er ein liten mann og kone-geskjeft i East Sussex, og ei flaske smakt i fjor gjorde at eg ønskte å ha dei med. Diverre var denne flaska ikkje heilt i orden. Det var ein Fox & Fox Essence Pure Chardonnay 2015, som var langt framskriden med oksiderte aroma og edikk-stikk.
Konklusjon
“Det brydder då etter plogen”, som det står i salmen til Blix, og sanneleg ser det livskraftig ut der borte i Brexit-land. Litt meir hit and miss enn i Champagne lyt vi nok rekne med, men om du passar på å finne deg favoritt-produsentar og følgjer med på korleis årgangane er, skal det vere mogleg å gjere spanande nye oppdagingar. Både for tidleg konsum og med tanke på å leggje i kjellaren. Så får vi berre håpe at dei ikkje prisar seg ut av folket sine lommebøker og inn i auksjonshus og milliardær-kjellarar. Dei med meir røynsle seier at chardonnay-dominerte vinar vil lagre betre enn blanc de noirs og pinot-dominerte blends.