Colinas do Douro Reserva 2015

With a vision of creating wines that transmit the unique character of the «UM DOURO SUPERIOR», we devote ourselves intensely and genuinely to our work, from sunrise to sunset, harvest after harvest. Colinas do Douro Reserva 2015 Touriga Franca 30%, Touriga Nacional 30%, Tinto Cão 20%, Tinta Roriz 20% Bjørnebær, tørt treverk, nellik, litt muskat, litt vanilje.  Glir over i blåplommer og rips med tid … Continue reading Colinas do Douro Reserva 2015

Ochota Barrels 5V OV Chardonnay 2015

When asked what wines he liked to drink he replied, «That which belongs to another.»

Når restaurantsjefar på besøk berre gøymer/gløymer vin i grønsakskuffa mi, så skal det ikkje stå på meg. Eg kan sjølvsagt ta kynismen til Diogenes eit hakk vidare og mistenkje at han har kvitta seg med flaska med vilje, men eg tar uansett sjansen på at han ikkje les dette…

Continue reading «Ochota Barrels 5V OV Chardonnay 2015»

Kalkspitzgefühlen

I Hollenburg, Austerrike har familien Hoch drive handel på Donau sidan 1640, før dei spesialiserte seg på vinproduksjon etter andre verdskrigen. Frå 2013 byrja yngste Hoch – Cristoph – å laga sine eigne vinar der han blandar tradisjonell vinlaging med antroposofiske idear, geologisk nerding og stor entusiasme. Målet? Inimitable wines with ageing potential. I know that a lot of winemakers state the same, but I … Continue reading Kalkspitzgefühlen

Jalliet Clos Espinous 2015

Carignan. Varmekjær og likevel seint moden, utsatt for sjukdom, utskjelt for å fylla opp «vinsjøen» i Europa med si enorme avkastning, og stadig hovuddrue i Languedoc. No er ein ny generasjon bønder på veg inn med nye ideal – her er det lav avkastning, spontanfermentering, ingen svovling, økologisk sertifisering og 80 år gamle drueplantar. Jalliet Clos Espinous 2015 Carignan 50%, Grenache 25%, Syrah 25% Sursøt … Continue reading Jalliet Clos Espinous 2015

Bogdan Riesling Italico 2015

Riesling Italico, Welschriesling, Laški Rizling, Olasz Riesling, eller Ryzlink om du vil… Ei kvit vindrue som ikkje har noko med det vi kjenner som riesling å gjere. Ei utskjelt drue som kommunist-jugoslavia pøste ut på marknaden i nær udrikkelege industrielle vinar. Ikkje rart at tyskarane vart sure – enkelte hevdar at namnelikskapen har vore medskuldig i det dårlege ryktet «vanleg» riesling i periodar har hatt. Welschriesling – … Continue reading Bogdan Riesling Italico 2015

Josef Chromy Non Vintage Tasmanian Sparkling Cuvee

Det vesle eg veit om antipodane i Tasmania er at ei av dei gifta seg med den danske kronprinsen, og ein annan har ved fleire høve prøvd å eta Snurre Sprett. Dette har likevel ikkje hindra den australske delstaten å ha ein vinindustri som nyttar eit kjøligare klima til å laga ein annan stil enn …øh… fastlandsaustralia, og den langsame mogninga er i tillegg er … Continue reading Josef Chromy Non Vintage Tasmanian Sparkling Cuvee

Knightor Classic Cuvée Brut

What’s all the fizz about? Etter første brexit då Storbritannia sa farvel til Frankrike for 450 000 år sidan, tok dei med seg geologien frå Champagne. Klimaendringane er i ferd å leggja til rette for perfekte temperaturar i Sør-England, og sjølvtilliten er stor nok til å yppe seg mot storebror i sør. Sjølv har eg hatt glede av Ridgeview Cavendish og rosa Fitzrovia, samt eit glas … Continue reading Knightor Classic Cuvée Brut

Il Palagio Message in a Bottle Bianco 2016

At musikarar interesserar seg for vinproduksjon har liksom blitt ei sedvane – i Noreg har vi Wongraven, Sambandsstatane har Les Claypool, og Storbritannia har… Sting? Jauda, Trudie Styler og ektefelle Gordon Sumner – novocastrianaren som ikkje hadde smakt vin før han nærma seg 30 – kjøpte og fekk restaurert Il Palagio i Firenze, der det i dag vert produsert olivenolje, honning og diverse frukt, i … Continue reading Il Palagio Message in a Bottle Bianco 2016

Domaine de Sahari Guerrouane 2016

At Marokko har ein lang vintradisjon burde knapt vera ei overrasking med tanke på at dei har vore under både romersk og fransk herredømme gjennom historia. Etter lausrivinga frå Frankrike i 1956 svann produksjonen, men Kong Hassan II – utdanna ved universitetet i Bordeaux – fekk entusiasmen tilbake, og Marokko tapper i dag meir enn 40 millionar flasker i året. Ved foten av Atlasfjella ligg … Continue reading Domaine de Sahari Guerrouane 2016

Hexamer Rheingrafenberg Riesling Spätlese trocken 2016

«Selv om det er rustikt, skal det være pent», sa Morten med restaurantsjef-røyst. Eg var henta inn som kokkeslask på choucroute-middag – han hadde spotta ein oversett potetskalflekk etter skrellinga, og gav meg ei påminning om at også det enkle skal gjerast ordentleg. Etter to dagar med sol og temperaturar over 10 grader går eg sjølv inn i ei årstid der eg søkjer det enkle … Continue reading Hexamer Rheingrafenberg Riesling Spätlese trocken 2016

Lyrarakis Vilana 2017

Det ser ut til at Kreta er staden for obskure druer. Vilana har eg korkje smakt eller høyrd om før eg fekk denne flaska i labbane. Visstnok ofte blanda med malvasia, men denne gongen heilt åleine… Lyrarakis Vilana 2017 Våt stein og honning frå nyopna flaske. Gule eple, litt parfymert blomsterduft. Gjer ikkje så mykje av seg på snuten, men har ein enkel og stillferdig … Continue reading Lyrarakis Vilana 2017