
The Ocean Doesn’t Want Me Today
Ein liten sorteringsdugnad i eigen kjellar blottla uventa ei flaske Wechsler frå 2012 – antakeleg eit tips frå Gunnar Skoglund då han hadde Husets Vin-bloggen sin.
Ein liten sorteringsdugnad i eigen kjellar blottla uventa ei flaske Wechsler frå 2012 – antakeleg eit tips frå Gunnar Skoglund då han hadde Husets Vin-bloggen sin.
With a vision of creating wines that transmit the unique character of the «UM DOURO SUPERIOR», we devote ourselves intensely and genuinely to our work, from sunrise to sunset, harvest after harvest. Colinas do Douro Reserva 2015 Touriga Franca 30%, Touriga Nacional 30%, Tinto Cão 20%, Tinta Roriz 20% Bjørnebær, tørt treverk, nellik, litt muskat, litt vanilje. Glir over i blåplommer og rips med tid … Les meir Colinas do Douro Reserva 2015
When asked what wines he liked to drink he replied, «That which belongs to another.»
Når restaurantsjefar på besøk berre gøymer/gløymer vin i grønsakskuffa mi, så skal det ikkje stå på meg. Eg kan sjølvsagt ta kynismen til Diogenes eit hakk vidare og mistenkje at han har kvitta seg med flaska med vilje, men eg tar uansett sjansen på at han ikkje les dette…
I Hollenburg, Austerrike har familien Hoch drive handel på Donau sidan 1640, før dei spesialiserte seg på vinproduksjon etter andre verdskrigen. Frå 2013 byrja yngste Hoch – Cristoph – å laga sine eigne vinar der han blandar tradisjonell vinlaging med antroposofiske idear, geologisk nerding og stor entusiasme. Målet? Inimitable wines with ageing potential. I know that a lot of winemakers state the same, but I … Les meir Kalkspitzgefühlen
Mexico tok outsiderrolla si seriøst og presterte å gå vidare frå VM-gruppespelet på bekostning av Tyskland og Sør-Korea. Kan dei også produsera vinen som kjem inn frå sidelinja og markerar seg i sumarvin under 200kr-prosjektet mitt?
Les meir «Viña Doña Dolores Chardonnay 2015»
Carignan. Varmekjær og likevel seint moden, utsatt for sjukdom, utskjelt for å fylla opp «vinsjøen» i Europa med si enorme avkastning, og stadig hovuddrue i Languedoc. No er ein ny generasjon bønder på veg inn med nye ideal – her er det lav avkastning, spontanfermentering, ingen svovling, økologisk sertifisering og 80 år gamle drueplantar. Jalliet Clos Espinous 2015 Carignan 50%, Grenache 25%, Syrah 25% Sursøt … Les meir Jalliet Clos Espinous 2015
Riesling Italico, Welschriesling, Laški Rizling, Olasz Riesling, eller Ryzlink om du vil… Ei kvit vindrue som ikkje har noko med det vi kjenner som riesling å gjere. Ei utskjelt drue som kommunist-jugoslavia pøste ut på marknaden i nær udrikkelege industrielle vinar. Ikkje rart at tyskarane vart sure – enkelte hevdar at namnelikskapen har vore medskuldig i det dårlege ryktet «vanleg» riesling i periodar har hatt. Welschriesling – … Les meir Bogdan Riesling Italico 2015
Det vesle eg veit om antipodane i Tasmania er at ei av dei gifta seg med den danske kronprinsen, og ein annan har ved fleire høve prøvd å eta Snurre Sprett. Dette har likevel ikkje hindra den australske delstaten å ha ein vinindustri som nyttar eit kjøligare klima til å laga ein annan stil enn …øh… fastlandsaustralia, og den langsame mogninga er i tillegg er … Les meir Josef Chromy Non Vintage Tasmanian Sparkling Cuvee
What’s all the fizz about? Etter første brexit då Storbritannia sa farvel til Frankrike for 450 000 år sidan, tok dei med seg geologien frå Champagne. Klimaendringane er i ferd å leggja til rette for perfekte temperaturar i Sør-England, og sjølvtilliten er stor nok til å yppe seg mot storebror i sør. Sjølv har eg hatt glede av Ridgeview Cavendish og rosa Fitzrovia, samt eit glas … Les meir Knightor Classic Cuvée Brut
I ein region der det har vore dyrka chenin blanc sidan 800-talet, er Domaine Hüet med sine 90 år ein slags nykomar. I 1928 var det nettopp Le Haut-Lieu Victor Hüet kjøpte i 1928 då vinhuset vart fødd. Sidan 1988 har garden vore driven biodynamisk. At chenin blanc er verdsstjerne i Loire, men arbeidshest i resten av verda seier antakeleg noko om kor allsidig drua … Les meir Blood Sugar Sec Magik
Kanadisk merlot, eh? For rundtom eit år sidan hadde eg ein liten snorkeltur i vinar frå British Columbia, der eg tykte godt om både mooserande frå Blue Mountain og pinot noir frå Meyer.
Les meir «Lock & Worth Merlot 2017»
«Mitt beger skal de drikka, men kven som skal sitja på mi høgre og venstre side, er det ikkje mi sak å avgjera. Der skal dei sitja som Far min har gjort i stand for.» (Evangeliet etter Matteus) Det går mot Kristi Himmelferdsdag og – sjølv om det er lite dokumentert utanom Evangeliet etter Lukas – markeringa til minne om at Kristus vart teken vekk … Les meir Ascension Deficit
At Marokko har ein lang vintradisjon burde knapt vera ei overrasking med tanke på at dei har vore under både romersk og fransk herredømme gjennom historia. Etter lausrivinga frå Frankrike i 1956 svann produksjonen, men Kong Hassan II – utdanna ved universitetet i Bordeaux – fekk entusiasmen tilbake, og Marokko tapper i dag meir enn 40 millionar flasker i året. Ved foten av Atlasfjella ligg … Les meir Domaine de Sahari Guerrouane 2016
«Selv om det er rustikt, skal det være pent», sa Morten med restaurantsjef-røyst. Eg var henta inn som kokkeslask på choucroute-middag – han hadde spotta ein oversett potetskalflekk etter skrellinga, og gav meg ei påminning om at også det enkle skal gjerast ordentleg. Etter to dagar med sol og temperaturar over 10 grader går eg sjølv inn i ei årstid der eg søkjer det enkle … Les meir Hexamer Rheingrafenberg Riesling Spätlese trocken 2016