På denne tida av året er fleire menneske enn vanleg oppteken av vekt. Uansett fasong, så vert det sett mål om reduksjon. Vi ser på ulike måtar å redusere, trimme og skjære vekk unødig ballast. All denne mellombelse vektreduksjonen av befolkinga, er den så nyttig? Finst det andre plassar å kutte vekt som vil vere til meir glede for framtida og miljøet rundt oss?
Julegris
Sjansen for at du fekk nokre flasker vin til jul, er stor. Og truleg drakk du vin av litt høgre kvalitet i jula, enn du elles gjer på ein torsdag. Kjende du på vekta på flaskene? Ja, for det er diverre slik at dei dyraste vinane og prestige-cuvée-ane kjem i tunge flasker.
CO2-avtrykk
I ein studie som dei nordiske alkoholmonopola fekk gjennomført for nokre år sidan, fann forskarane at produksjon av glasflasker var den delen av vinproduksjon som gav størst CO2-avtrykk. Og jo større flasker, ja så blir det meir glas og meir energi for å produsere dei. I Noreg er vi flinke til å levere inn glas og metall til retur, men å smelte om glasflasker krev òg energi. Det finst ikkje så mange anlegg som driv med glasgjenvinning, og tomflaskene må transporerast dit. I tillegg vil tyngre flasker kreve meir energi i transport.
Mindre diesel
La oss seie at ein semitrailer skal frå Piemonte til Noreg med vin. Og at han berre er lasta med vin. No er det ikkje sikkert at det er slik transport fungerer, men du skjønar kva eg meiner. Ein stappa full semitrailer med to lag kan ta 66 europallar. Om det går 600 flasker på ein palle, vil traileren hypotetisk sett få med seg 39 600 flasker. Dersom vinprodusentane som sender avgarde vinen sin til Noreg har vald flasketypen Albeisa Leggera i staden for standard Albeisa, vil sjåføren ha nesten fem tonn mindre vekt å dra med seg over Alpane. Det blir mindre dieselforbruk av det.
Utan sjølvtillit
Det er oftast vinar i høgre prisklassar som kjem i unødig tunge flasker. Det er tydeleg av mange ikkje stolar på at vinen inne i flaska er god nok, og treng å skilje seg ut i butikkhylla. Men sjølv vinar som blir laga i små kvanta og blir seld med allokasjon fordi dei kunne seld tre gonger mengde dei produserer, vert tappa i tungt glas. Det er litt underleg at vinprodusentar som er så opptekne av å forbetre alle sider ved produksjonen, ikkje ser at ei tung flaske ikkje tilfører vinen noko meir enn ei lett flaske. Glasflasker er nøytrale, og innsida av ei flaske på 450 gram er like snill med vinen som ei prestige-flaske på 870 gram.
På vekta
Ein liten test heim med kjøkenvekta viste store forskjellar på tomflaskene. Ei (full) flaske med nebbiolo-vin på Albeisa viste ei vekt på 606g, når eg tek 750g som er innhaldet. Så veg jo kork og kapsel nokre gram. Det kan nok vere litt avvik i vekta, men standard Albeisa skal vere 575g. Ein litt rimelegare vin, ein Moulin-a-Vent frå mitt lokale pol, hadde ei vekt på 677g. Ei flaske frå Mosel var 426g. Men ein god Rosso-vin frå Montalcino hadde klart å finne ei endå lettare flaske: 404g. Når vi kjem til musserande vin er det òg store skilnader. Og sjansar for Champagne-hus med respekt for seg sjølv og papira i orden til å vise miljøengasjement i praksis. To gode Champagne-vinar i prisklasse 400-480 hadde flasker på 868g og 870g. Ei anna i om lag same prisklasse vog 1079g. Det er ein del som brukar champagne-flasker på 835g, og det finst endåtil slike flasker som berre veg 785g. Her er altså ein del lågthengande frukt å hente, som det heiter i corporate consulting.
Ditt val
Kan du gjere noko for å redusere vekt i det nye året? Sjå opp frå navlen din og kjenn på flaska i hylla, før du legg ho i handlekorga. Kva kan så alle journalistar og vinskribentar gjere? Vi kan byrje å ta med vekta av tomflaska i smaksnotat og melding av vinen. Det er eit objektivt fakta, som kjøparen då kan ta stilling til. Det er ikkje sikkert det vil endre vinverda, men det er i det minste med på å gje forbrukarar større innsikt, og ein sjanse til å gjere eit val.
Les gjerne denne saka hjå Tim Atkin, som gav meg inspirasjon til å ta fram kjøkenvekta.
Her har Linn skrive om andre typar miljøvenlegg emballasje for vin.
Og her er ei sak om ein chilensk vin frå Torres, med godt innhald og spesiell flaske.