Seriøs sercial

Det er berre 17,8 hektar sercial att på Madeira. Totalt er det i underkant av 500 ha med druesortar av vitis vinifera, og ein god del hybrid-druer som ingen likar å snakke så høgt om. Det er mest sercial i Jardim da Serra (8,6 ha) over Camara de Lobos. Her veks druene på 600-800 moh. På nordsida rundt Seixal er det 6,4 ha. I følje regelverket skal madeira på sercial vere tørr, altså med mindre enn 59 g/l restsukker.

I 2023 vart det seld 2 980 939 liter madeira, og av dette var det 46 208 liter sercial. Dette er då frå «5 years old», via 10, 20, 30 år gamle, Colheita og Vintage. Sercial-drua har naturleg høg syre, og treng i følje ekspertar lengre tid i fat enn andre sortar, for å verte harmonisk. Ein måte å «auke farten» på utviklinga, er å lagre vinen i mindre fat. Ein vin som har vore lagra i 450-litersfat vil kome til om lag same konsentrasjon på 8 år som ein vin lagra i 650-litersfat gjer på 10 år.

Eg hadde tre flasker med sercial-basert madeira på hylla. Her kjem notat på alle tre. Ricardo Diogo Freitas på Barbeito er kjend som ein som likar å eksperimentere, noko det diverre ikkje er for mykje av på tradisjonelle Madeira. Juan Texeira har teke Justino’s til nye høgder med fleire småskala-tappingar, som denne her med mest sercial i miksen. Det er ikkje så lett å finne informasjon om desse, men følg med på Instagram.

Justino’s Projects Fanal Madeira Achada do Louro Extra Reserve 15 YO

Lys brunoransje. Syrleg og mineralsk lukt, kompleks og interessant. Sylta sitronskal, vulkansk stein, steinstøv, betong er der i første rekkje. I midten kjem det noko jordleg, krydra og litt skitent, men på ein stilig måte. Etter kvart sviske og fiken. Konsentrert, frisk og intens med kick ass syreattakk både i front og bakfrå. Lett jordleg og steinete i midtpartiet, sitrusprega i finish. Halvtørr, og middels fyldig. Relativt lett altså, til madeira å vere. 19% alkohol, 33 g/l restsukker. Sett saman av 90% sercial og 10% terrantez, hovudsakleg fra Seixal på nordsida av øya. Etter gjæring og tilsetjing av druesprit, har vinen vore lagra i 450-liters eikefat i lagerhuset til Justino’s. Sett saman av vinmakarane Juan Texeira og Nuno Duarte. 1000 flasker vart tappa 09.05.24. Flaske sendt av produsenten.

Henriques & Henriques Sercial Madeira 15 YO

Lysebrun i fargen. Rund, varm og harmonisk lukt med søtlege tørka frukter og syrleg sitrus. Litt vulkansk stein etter kvart. Halvtørr, rund og mjuk i anslaget, før syra set inn. Her er fat, vanilje, volatile syrer, appelsinskal og sitrussyre. Fyldig og rund sercial med god konsentrasjon. Ein ganske anna stil enn Justino’s. Meir tradisjonell og oksidativ. 20% alkohol, 48 g/l restsukker. Lagra i fat i armazem-en til produsenten berre nokre få meter over havet i Camara de Lobos. Kjøpt i Sverige for 445 SEK.

Barbeito Sercial Curtimenta Colheita 2014

Medium ravgul farge. Frisk og lett i anslaget. Gul frukt, voks, urter, røyk og lavastein. Svært lett og slank til madeira å vere. Syrleg gul frukt, gule plommer, rosin. Konsentrert men likevel lett. Litt bitterstoff. Syrleg kick i ettersmaken. Artig og annleis. 19,5 % alkohol, 37 g/l restsukker, 9,2 /g/l syre. Druer frå Jardim da Serra på sørsida (700-800 moh) og Seixal på nordsida. Etter gjæring og oppspriting, fekk vinen 3 mnd skalkontakt (curtimenta). Lagra i Barbeito sine lokale 610 mot. 890 flasker (50 cl) vart tappa i mars 2023. Kostar 549,90. Spesialbestilling fra Winetailor.

Her kan du lese meir om ein annan madeira frå Justino’s. Og så kan du søke på madeira, om du vil finne meir stoff her på sida.

Leave a Reply