Johannes Hasselbach er sjette generasjon som dyrkar druer i Roter Hang, men han ser ikkje veldig lyst på framtida. Vil det vere mogleg i seks generasjonar til? Han er sertifisert økologisk sidan 2022, og arbeider med ein del biodynamisk metodar. Men han seier i ein nettprat med underteikna at om det kjem ein årgang til som 2024, vil han vurderer å trekke seg frå øko-sertifiseringa.
Mykje på spel
Saman med alle økologiske medlemmer i VDP og ein del andre øko-vinbønder forsøker han å få endra reglane for øko-landbruk i EU. I ei tid der så mykje står på spel, med krigar, opprustning og ein vinbransje rysta av potensielle tollmurar og påfølgjande økonomiske tilbakesteg i store deler av verda, har ikkje den økologiske rørsla gode tider. “På grunn av dette har dei som jobbar med miljøretta drift og berekraft mista fem år,” seier Johannes.

Ymse utfordringar
Johannes Hasselbach tok over drifta av Weingut Gunderloch i 2016, og er no leiar for Rheinhessen-avdelinga av VDP. Samtalen dreier stadig attende til landbrukspolitikk og økologi, og naturlegvis økonomi. Trass i trugslar om toll frå Trump, og dermed usikkerheit om den viktige amerikanske marknaden, vil ikkje Johannes vere bekymra og pessimistisk. “Vi såg litt av det same for fire år sidan, og vi klarte å navigere gjennom det då. Eg vil heller fokuserer på det eg sjølv kan gjere noko med,” seier han.
Ny teknologi
Og han har gjort store investeringar i produksjonslokale og i utstyr. I to år har han forsøkt sprøyting med droner. Førebels er det eit eksternt firma som gjer jobben, og Gunderloch samarbeider med andre vinbønder i Roter Hang som driv økologisk, om sprøytinga. Det har fungert ganske bra, og gjer at teamet i vinmarka kan få meir tid til å arbeide med tynning, beskjæring, og mindre på “keisamt” arbeid med jord og sprøyting. Men lovverket for droner og flyging går sakte i Tyskland, så den teknologien som Johannes får bruke er alt tre-fire år gamal og langt mindre effektiv enn det nyaste. I andre land er det ikkje like strengt, og der kan teknologien nyttast til det fulle.
Dronene kan mellom anna sprøyte ulike biodynamiske og førebyggjande behandlingar tidleg i sesongen. Ved soppangrep er det av og til behov for å få sprøyta undersida av bladverket, og her er ikkje dronene som kan nyttast i Tyskland gode nok enno. Det må difor framleis trakkast opp og ned radene med manuell sprøyting ved behov. Om droneteknologien og påfølgjande lovverk vert bra nok, er Johannes klar for å investere i eige utstyr. Med 30 hektar eigne vinmarker er det potensielt mykje å tene på å flytte arbeidsstokken frå sprøyting til andre oppgåver.
Berekraft
For å ha til salt i grauten, og for å kunne investere i framtidas teknologi, har Johannes ein liten produksjon på si med innkjøpte druer. “Det er viktig for den økonomiske berekrafta vår, og etikettane er heilt ulike. Det er ingen som vil forveksle dette med det vi vanlegvis produserer,” seier Johannes og viser fram ei flaske rosévin med namnet Fritz. I samband med Wurzelwerk-prosjektet som Johannes tok del i etter studia ved Geisenheim, saman med Teresa Breuer, Maximilian von Kunow, Alwin og Stephanie Jurtschitsch, vart det bygd nytt “crush pad” ved vinhuset.
Gamalt og nytt
Kjellaren er den same gamle som er gravd inn i bakken under huset. Men moderne og skånsame presser er noko som kan få kvaliteten frå vinmarksarbeidet med vidare i vinen, fortel Johannes. “Etterpå er vi veldig low tech. Når druene er pressa startar gjæringa og vi gjer så lite som mogleg. Eg trur dette er med på å syne fram kvaliteten i druene og det individuelle terroiret på ein god måte. Det er noko av det eg tok med meg frå Wurzelwerk-arbeidet.”

Skrukork
Far til Johannes var ein ganske så progressiv kar, i og med at han gjekk over til å tappe 100% av porteføljen med skrukork alt i 1999. “Det har ikkje vore utan problem,” seier Johannes. “Vin handlar òg om kjensler, og dei er ikkje rasjonelle. Sjølv om det er mange føremoner med skrukork, har vi mista litt kundar på det. Nokre vil ha flasker dei kan opne med ein vinopnar. Og så har vinane våre, særskild GG-vinane, brukt lang tid på å vise seg frå si beste side. Og det er ein av sidene med skrukork. Han held godt, men vinen treng mykje luft. Vi har difor vald DIAM-10, og frå den serien med bivoks som bindemiddel. Vi trur at GG-vinane no vil kunne vise seg meir opne i yngre alder.”

Vinane
Her føljer smaksnotat på fire av Gunderloch sine vinar. Flaskene vart sendt av importør.
Gunderloch Roter Schiefer Riesling Trocken 2023
Attraktiv, og open lukt med epleskrell og kvit steinfrukt. Tørr, intens og frisk stil. Raude og grøne eple, rabarbra og fersken. Ung, vill og rotete, men mykje fint på gang. God vin til prisen. 235 kr. Skrukork.
Gunderloch Jean Baptiste Riesling Kabinett Feinherb 2023
Reduktiv og med ei lett metallisk lukt. Svovel, raude eple og rabarbra. Ganske typisk for vin frå raud skiferjord. Frisk, vill og god feinherb riesling, med fersk sitrande syre og mjuk eplefrukt. Moderat feinherb-sødme. Kjem seg utover og på dag tre er vinen i meir harmoni, utan å miste det umiddelbare og ungdommelege i syrespelet. Fin feinherb til 220 kr. 27 g/l restsukker, 7,8 g/l syre, 9,5 % alkohol. Skrukork.

Gunderloch Niersteiner Roter Hang Riesling EG 2023
Denne er svært lukka ved opning. Med nokre timars lufting kjem det fram mogen og litt sylta frukt. På dag to er det aroma av fennikel, lakris, knust stein og eple. Tørr og syrleg vin slik han framstår no. Tydeleg godt laga vin med høg konsentrasjon, men smakane slit med å kome fram frå den tettbygde vinen. Her trengs det tid. På dag tre er det noko meir luft mellom molekyla og det slepp ut litt gule plommer, kvit fersken og hint av lakris. Litt bitterstoff i ettersmaken. 320 kr. Diam 10-kork. Druematerialet til denne vinen kjem frå Hipping, Pettenthal og Rothenberg.
Gunderloch Hipping Riesling GG 2023
Strågul, klar. Fullstendig lukka ved opning, og heile den fyrste dagen. Små endringar på dag to. Fyrst på kvelden på dag tre er det som om noko opnar seg og ein kan skimte at det er ein fullriggar som er på veg inn på ein våg dei ikkje sjølve visste om. Johannes Hasselbach visste nok kva han dreiv med. Dette er ungt og treng tid. Men no demrar det i glaset. Den kvite frukta er djup, konsentrert og rein. Ikkje brei og kompleks enno. Ikkje diger og flørtande heller, men kviler i vissa om eigen stordom. Hipping er meir sørvend, og er i følje Johannes den svulstigaste av trekløveret Rothenberg, Pettenthal og Hipping. Men her er det relativt stilig og sobert enno. Flott syre, men truleg kan dei to andre vere meir filigrane, steinete og stramme. Dei bør nok òg få liggje litt i mørkret og vente. Her er uansett eit stort potensiale. La gjerne vinen liggje i 3-5 år, og så vil eg tru utviklinga går pent og pynteleg fram mot rikare og gulare frukt ved 10-15 års alder. 500 kr. Diam 10-kork.
Er du nyfiken på meir stoff om GG-vinar? Her har Heine ei rekkje smaksnotat på i hovudsak 2019 og 2020-vinar.