Eg elskar vin, på mange plan. Det er fleire ulike og på kvar sin måte viktige grunnar til at dette prosaisk sett enkle jordbruksproduktet, gjæra druesaft, er noko av det eg brukar mest tid og pengar på i livet mitt. Og av all verdas vin er vin frå Bourgogne i Frankrike den viktigaste. Det vil seie, ikkje no lenger. Bourgogne og eg har skild lag, og skilsmissen kom for fleire år sidan. Men mykje av det som Bourgogne står for når det gjeld vin, er framleis viktig for meg.
Inspirasjonskjelde
Det er òg viktig for både einskildaktørar og heile regionar andre stader i verda. Bourgogne er ei inspirasjonskjelde både mentalt og heilt konkret for vinbønder og vinmakarar frå New Zealand til California. Det viktigaste Bourgogne har gjeve verda, er forståinga av at jordbruksprodukt kan ha ein sterk og tydeleg identitet og eit opphav, og at små geografiske skilnader kan forståast gjennom eit verdsomspennande lingua franca: sansane våre.
Javisst er det ein viss grad av mytologisering rundt kor viktige desse skilnadane er, men det er ein del av den store forteljinga om vinen. Og gjennom å gjenkjenne smaks- og aromaskilnader i frå vin frå desse ulike geografiske einingane, kan vi få eit glimt av konteksten som vinen er ein del av.
Terroir, med andre ord
Smaken av terroir, seier franskmennene, og ordet terroir har vore nytta i Frankrike sidan middelalderen. Opp gjennom historien har det skifta på om det var med positive eller negative konnotasjonar. Men for at ein skal kunne seie at ein vin kjem frå eit terroir, må jord bli til ord. Det er i ordskiftet og samtalen om vinen ein har delt at terroiret blir til. Det må ei sams forståing av kva identiteten til vinen kjem av, for at han skal bli viktig og forståeleg for fleire.
Og ved at vinen vert smakt, omtalt, drukken og forsøkt forstått, blir han gjenkjenneleg og får eit namn som vi kan nikke til. Difor er ein brei distribusjon av vin i sjølv små kvanta, viktig for berekrafta til regionen. Dersom vinen hamnar i kjellarar hjå stadig færre, men rikare kjøparar, eller flaskene kun sirkulerer mellom auksjonshus, vil prisen på vinen gå opp, men verdien av Bourgogne vil synke.
Kø, igjen
Akkurat no sit det folk i kø utanfor nokre utvalde vinmonopol i Noreg og ventar på at dørene skal opne 1. februar for sleppet av Bourgogne frå 2021-årgangen. 484 ulike vinar vert lansert og truleg vert det rift om flaskene i år òg. Prisane har ikkje gått ned, trass i at årgangen ikkje akkurat har fått dei beste skussmål. Det er etter kvart svært mange rundt om i Noreg og verda elles som tykkjer at vin frå Bourgogne er det aller gjævaste.
Så mange at tilbodet ikkje er i nærleiken av etterspurnaden. Og det fører med seg det vert eit stadig større sal av flasker i andrehandsmarknaden. Dette har vore på plass i mange land lenge, men i Noreg kom dette inn i lovlege former med Vinmonopolet sine auksjonar på vegne av privatpersonar i samarbeid med auksjonshuset Blomqvist, fyrste gong i 2013.
Godt kjøp eller godt sal?
Og akkurat moglegheiten til å tene store summar på raskt vidaresal av knapt allokerte flasker med dei aller dyraste vinane, gjer at ein del av køen utanfor polbutikkane er fylt med menneske med fleire motiv for å få tak i dei presumtivt beste flaskene. Når eg no ikkje kjem til å stå i kø 1.februar, eller prøve å få tak i nokre av flaskene som vert lagt ut i nettbutikken dagen etter, skuldast det at prisane er heilt hinsides. “Godt kjøp” er for lengst ein saga blott som karakteristikk på vin frå Bourgogne.
Og det byrja for om lag ti år sidan. Det var då Bourgogne og eg gjekk kvar til vårt. Bourgogne tok ei klassereise opp til vinskåpa i direktør-villaer, medan eg sette meg på bussen til andre vinland. Medan vin frå Côte d’Or, den beste delen av Bourgogne, hadde ein moderat prisauke år for år, var det då 2011-årgangen kom på marknaden i Noreg at prisane plutseleg steig 50-100% frå årgangen før. Fram til dette, var Bourgogne heilt greit prisa, sett mot andre kvalitetsområde.
Les meir om ganske dyr vin frå Burgund her.
Ublu
Allereie på dette tidspunktet var interessa så stor at dei vinane eg før hadde kjøpt frå Bourgogne var blitt så sterkt allokerte at eg ikkje lenger fekk tak i dei. Prisen var òg byrja å kome utanfor rekkjevidde for ein lønsmottakar med andre utgifter enn vin. Kva er så rett pris på ein Bourgogne-vin? Marknaden bestemmer heiter det, men dei aller fleste har nok ei grense der dei ikkje lenger ser nokon samanheng mellom prisen på flaska og kvaliteten på det som er inni.
Romanée-Conti 2020 kjem for sal til 80 000 kr…
Fartsblind
Og ettersom denne grensa vert skubba oppover i direktørvilla-strøket, fell fleire av. Og så er prisane på dei aller dyraste vinane, slike som frå til dømes Domaine Leroy, DRC og Rousseau så mykje høgre enn mange av dei andre, at det verkar nesten som eit kupp å få tak i ein premier cru Nuits-Saint-George frå ein ukjend produsent og vanskeleg årgang til berre litt over 1300 kroner! Ein har blitt så vand med dei høge prisane at ein vert fartsblind. For det skal ikkje så mange Bourgogne-slepp der du handlar nokre dusin flasker til 1300 kr før kredittkortet kræsjar.
Grunngjeving
Ein av grunnane til at produsentane har auka prisane, er at dei ikkje ønskjer at den store verdistigninga skal skje i å selje flaskene vidare. Vinbonden eller vinhuset har jo teke heile risikoen og utgiftene gjennom vekstsesongen med å få druene mogne og i hus, og sidan kostnaden ved produksjon, eikefatslagring og tapping før sal. Ved å auke prisen, sit produsenten igjen med meir, og sjansen for å bli rik med raskt vidaresal blir mindre. Den same logikken vert nytta av importørane, som har sine utgifter ved å selje vinen.
Clos de Vougeot
Prisauke
Men uansett kva grunnen er til prisauken, så vil det tynnast i benkane i Bourgogne-kyrkjelyden. Vinverda vert fattigare om berre dei superrike skal få ta del i mirakelet i flaskene frå den gylne åssida sør for Dijon. Den viktigaste grunnen til at eg ikkje lenger følgjer med på kva som skjer i Bourgogne, er altså at vinen har teke spranget frå noko jordnært til at han ikkje lenger er i same sfære som prisen på flaskene. For om vin som eg kjøpte for ti år sidan no kostar tre hundre prosent meir, så har ikkje kvaliteten på vinen i dagens flasker auka like mykje.
Og det gjeld over nesten heile spennet av kvalitetshierarkiet i Bourgogne. Sjølv dei enklaste Bourgogne Rouge eller Blanc kostar meir enn det smakar. Og når den eine vinskribenten etter den andre hyllar kvar nye årgang og kvar flaske, trass i at prisane på ein halv kasse er tilnærma ei månadsløn, må det vere på sin plass med litt edrueleg kritikk av kritikarstanden.
Hobby
No tenkjer du kanskje at 1300 kroner for ei flaske er då innanfor om ein har vin som hobby. Men det held jo ikkje å berre kjøpe eller smake ei flaske til 1300 kr i året. For å verkeleg verdsetje vinen og kunne forstå han i konteksten, må ein jo smake andre vinar òg, frå same vinmark eller kommune. Gjerne frå fleire ulike produsentar og over fleire årgangar. Og då byrjar tusenlappane å fyke fort. For sjølv om ein urutinert vindrikkar kan setje pris på ein raud burgunder til 2500kr, er ein stor del av gleda, sjølve prosessen fram til at ein forstår kvifor vinen (nesten) er verd 2500 kr. Og den er brulagd med eufori, nedturar og overprisa flasker.
Eg har ingen gode forslag til løysing på korleis prisane kan bli meir berekraftige. Bourgogne lagar som alltid god vin. Men om ikkje noko hender med prisnivået, vil området eit stykke inn i framtida byrje å miste relevans hjå store skarar med vininteresserte. Då er det ein sjanse for at den særskilde posisjonen som området og vinane har hatt i dei siste, tja, 50 åra, vert overteken av eit anna vindistrikt.
*Vegen RN74 har skifta namn til D974, men mange vinnerdar kjenner han nok framleis som RN74. Køyrer du nordover har du billig beitemark på høgre hand, medan mykje av verdas mest kostbare vinmarker ligg til venstre.