Alt-claret II

«Fy fader, Bordeaux er så j********lig ute å kjøre!» Om lag slik kunne eg ha starta ein Tik Tok-video, eller ein 1 og ein halv times lang podkast, viss eg var ein slik 21-åring fra austlandet med høg sjølvtillit og låg impulskontroll. Eg veit ikkje om det finst 21-åringar som har høyrd om(eller smakt) vin frå dei drenerte grusbankane innanfor Biscayabukta. I alle høve vert det færre og færre av dei.

Bordeaux er litt som Arbeidarpartiet har vore ei lang stund, det blør tilhengjarar til alle kantar. Frå å vere raudt og trygt, har Bordeaux blitt keisamt, urelevant og passé. Dette er ei oppsummering som eg finn hjå fleire skribentar. Franske Michel Bettane seier det i konservative World of Fine Wine (Issue 85, 2024): sommelierar serverer ikkje Bordeaux, vinhandlarar kjøper ikkje lenger, og vinentusiastar har slutta å drikke vinen, godt hjelpt av desillusjonerte vinskribentar.

Det er noko som tyder på at marknaden etter kvart har utjamna ein underleg diskrepans mellom tilbod og etterspurnad. Der produksjonsvoluma er små, som i dei gjævaste appellasjonane i Bourgogne og Nord-Rhône har prisane gått opp, medan større merkevarer i Bordeaux og Champagne slit med å få seld vin i volum på 100 000 til fleire millionar flasker, til like høg pris som før.

Ettersom slottseigarar i Médoc og Libourne har hatt den luksusen å ikkje måtte forholde seg til kundar og eksportland, har dei i den nye tid med behov for sterkare interaksjon med media og konsumentar blitt hengande etter. Det er framleis mykje fasade, 1855, velfriserte hagar, stilig lyssette kjellarkvelv med sirlege rekkjer med barriques. Det er enno for lite om folka, druene, jorda og vinen.

Det finst heldigvis fleire flinke folk som ikkje kan lene seg nonchalant på ei troisieme cru-klassifisering, Michel Rolland, eller eit kjøpesterkt fast klientell med adresse i Upper East Side Manhattan eller San Fransisco. Det skal ikke så mykje til for å skilje seg ut i Bordeaux, og fleire av dei som har fokusert på ein grønare veg og eit blikk på ei fortid der vinen var lettare og friskare, finn vegen til nye vinelskarar.

Sidan den førre artikkelen om alternativ Bordeaux i 2021, har det kome til fleire vinar som ein kan setje i ein litt laus bås med merkelappen alt-claret. Det er vinar som har økologisk, biodynamisk eller berekraftig jordbruk som basis, og som i nokre tilfelle har mindre SO2-tilsetjing, eller er mogna på utradisjonelle metodar. Ein av desse rimelege men gode var Ch. Grenet sin Le Fruit de Grenet 2016, ein usvovla merlot frå høgste punktet i Entre-deux-Mers, mogna på amfora. Utseld no.

Chateau la Grolet Origines 2021

70% merlot, 15% cab. sauv, 10% cab. franc, 5% malbec frå Côtes de Bourg. Demeter-sertifisert eigedom. Druene gjærer og mognar i 80/20 betong og eik. Kun 12% alkohol er sjeldan vare i dei siste 20 åra. Rubinraud og transparent i fargen. Merlot-dominert på lukt med blå plomme i ein frisk og raud, lett jordleg stil. Slank og lettdrikkelig vin med digg syre og moderat fylde. Mørke bær, plomme og tobakk. Juicy og med moderat tanninstruktur. Vel verd å prøve for 275 kr. Flaska vart sendt av importør.

Orbite de Cantinot 2012

100% cabernet sauvignon frå 35 år gamle vinstokkar i Blaye. Handplukka druer og vinifisert med heile klasar i små rotorfermentarar på 710 liter. Ligg så i 24 mnd på 350-liters barriques. Fargen tyder på ein del utvikling, vinen er nesten transparent. På lukt er det fyrste dag mykje eik, og frukta er litt diger, søt og feit. På dag to og servert ned mot 14 grader så framstår vinen betydeleg meir balansert og med gode smakar av solmogne solbær, mørke bær og litt eikekrydder. Fin tørring i ettersmaken, men litt låg syre. Ikkje heilt min stil. Diam 30-kork tyder på ambisjonar, og vinen vil nok kunne lagre godt i nokre år til. 379 kr er vel innanfor.

Ch. Gomaude-Guillot Pom n’Roll 2019

100% merlot frå økologiske vinmarker i Pomerol, mogna på amfora i 12-15 mnd. Mørk, tett granatraud på farge, med ein del grums og botnfall i flaska. Kjølig mørk frukt mot plommer og søte mørke bær. Rein stil, mjuk vin med modne mørke plommer, mørk sjokolade og rik, søt og mørk frukt. Litt låg syre..? Pomerol er dyr adresse, men det treff ikke heilt planken for min del. 400 kr.

Closerie Saint Roc 2018

70% merlot, 20% cab. franc, 10% cab. sauv. Eigd av familien Amoureau som også eig Le Puy. Ligg ikkje langt frå Le Puy i Puisseguin-Saint-Emilion. Biodynamisk drift med permakultur og full pakke. Etter maserasjon og gjæring ligg vinen på store gamle fat i 24 mnd, og blir rørt i med jamne mellomrom. Ingen klaring eller filtrering. Mursteinsraud med tynn kant, litt uklar. «Syrleg» og lett, med plomme, mørke syrlege bær og merlot-typiske aroma. Hint av paprika og sedertre. Noko utvikla. Syrleg og pent anslag med raudt epleskrell, blå plomme, paprika og hint av nougat. Finkorna tanninar og pen syre. Godt å drikke og ein likandes vin. Vanskeleg å seie om dette lagrar så godt, men kan nytast no. Kanskje litt i overkant prisa til 485 kr. Men her er ein «nervøs» kvalitet som nok vil setje pris på.

Ch. Peybonhomme-les-Tours Cru de Prestige 2021

70% merlot, 20% cab. franc, 10% malbec frå Demeter-sertifisert jordbruk i Blaye. Avstilka, spontangjæra i betong. Mogna i betong i 23 mnd, lett filtrering. Rubinraud og transparent. Stilkete, syrleg og raudbærsfruktig lukt med noko søte blå plommer litt i bakgrunnen. Slank, lett Bordeaux med årgangstypisk raud og syrleg fruktprofil. Unge, men mjuke tanninar, nesten burgundsk i uttrykket. Rein og pen frukt, men det manglar litt kompleksitet. Likevel grei vin til 280 kr. Flaska sendt av importør.

L’Autre Mangot 2020

60% merlot og 40% cabernet franc frå økologiske vinmarker i Saint-Emilion. Mogna i 8 mnd i amfora og krukker frå 160-750 liter. Ikkje tilsett SO2. Tett og mørk lillaraud med nesten svart kjerne. Ein del grums i flaska. Luftig og lett uttrykk med mørke bær, plomme og litt grilla paprika. Juicy og lett stil med lett og syrleg struktur. Bæra er mørke og sursøte. Hint av kakaopulver og treverk i finish. Tanninane kjem på etter kvart, men dei er finkorna, unge og faste. Artig Bordeaux i ein «ny» og frisk stil. Verd å prøve til 409 kr.

Konklusjon

Her er seks ulike vinar, prega både av årgang, maserasjon og ulik type konteiner for vidare mogning. Som de ser er fargen skildra svært forskjellig, frå lys raud og transparent til nesten svart. Akkurat vinen frå Cantinot er kanskje ikke heilt innanfor her, men har frå 2023 økologisk sertifisering. Her er vinar med både Bordeaux-typisitet og kvalitet, men med sin eigen vri på det. Om du set pris på vinar som er litt mindre opulente, digre og alkoholvarme, er det truleg noko her for deg. I somme lettare årgangar er det mogleg å finne dette innanfor dei tradisjonelle slotta òg.

Leave a Reply