Årets beste i 2024

Årets nebbiolo

Det har vore mange gode Barolo, så det er ikkje lett å velje. Til dømes to årgangar (2017 og 2018) Monvigliero frå Diego Morra til grei pris, var kjekt å smake. Ein litt overraskande tøff 2015 Cerretta frå Ettore Germano. Frå same nabolag: Poderi Sori Barolo Baudana 2019, enno svært ung og stram, men med potensiale. Eg må likevel framheve ein meir utvikla vin: Palladino Barolo Parafada 2010, som framleis er i sal. Herleg nedslipte tanninar, men framleis støttande i ein vin som har både frukt og sekundæraroma i rikt monn.

Årets vinbok

Det har blitt fem-seks nye bøker i hylla i år, men eit par som fekk gode omtaler i World of Fine Wine skuffa meg litt. Marc Millon si bok Italy in a Wine glass, tek for seg heile støvellandet både historisk og geografisk, der ein del av samtidas vinar får belyse historia etter som han smakar seg gjennom landet. Det vart likevel litt for langdrygt, så den er enno ikkje fullbyrda fra mi side. Jon Bonné har laga ei diger bok om Frankrike, delt opp i ein del om geografi og appellasjonar, og ein om spesifikke produsentar. Det er visuelt og fagleg fint, men informasjonen har eg på ein måte allereie lese andre stader.

Ei heilt anna bok er sunnmørske Camilla Gjerde si, Natural Trailblazers. Her får du portrett av aktørar i fleire ulike deler av vinbransjen, og deira forsøk på å drive berekraftig, økologisk og framtidsretta. Noko som det viser seg at ikke berre er så enkelt. Wink Lorch har kome med ein etterlengta oppfølgjar til si bok om Jura, Jura Wine, Ten years on, som har oppdatert informasjon om nye produsentar, nye folk, nye vinar og korleis det går med aktørar som har gått gjennom generasjonsskifte eller starta å drive biodynamisk sidan sist. Det kjem lite grundig info om Jura, så denne er ei naudsynt bok om du vil henge med på dette vesle og spanande område.

Årets vinbok er likevel Pascal Lepeltier si One Thousand Vines, som gjev slik undertittelen seier, ei ny forståing av kva vin er for noko. På svært pedagogisk vis, og ved hjelp av ei rekkje flotte illustrasjonar, går Pascaline til verket, djupare og betre enn alle andre basisbøker om vin. Med filosofibakgrunn er det ikke til å undrast over at ho likar å stille spørsmål ved etablerte sanningar, og det har gitt nokre fasinerande nye svar. I dei tilfella der det ikke finst noko fasit eller etablert sams forståing, er ho heller ikke redd for å la slike spørsmål stå opne, etter fyrst å ha forsøkt å belyse så godt ho kan.

Årets openbaring

Du tenkjer sikkert at Champagne er eit område som osar av suksess, luksus og storslåtte foretak med ærerik og spanande historie. For det er det heile etablissementet fortel deg i alt dei gjer. Diverre er bilete ikke like skinande, og då er det ekstra viktig at det er røyster som Caroline Henry som kan trampe i bakken og fortelje at keisaren er kliss naken. I allefall har ho teke store deler av champagne-industrien med buksene nede, både når det gjeld eigne reglar, avkastning, økonomi og økologi. Terroirchampagne.substack.com er årets (og framtidas) side å følgje med på.

Årets leseoppleving

Det er sjeldan at det kjem bøker fra hotell- og restaurantbransjen som ser bak fasaden. Andreas Tharaldsen er ikke berre servitør, fagforeningsmann og folkeopplysar, han har fått meg til å oppsøke nokre litterære godbitar som passar attåt ein perfekt temperert pinot noir. George Orwell si bok På bunnen og blakk fra 1933, er ei delvis sjølvopplevd perle om livet som oppvaskar på hotell. Litt meir dagsaktuell, og kanskje med ørlite meir realisme er Mathias Faldbakken si strålande The Hills frå 2017. Synes du ikkje miséren var fæl nok, kan eg for eiga rekning leggje til Erik Fosnes Hansen si bok Et hummerliv. Mykje gjenkjenning i begge to for dei som har vore i bransjen, og det er jo ganske mange. Men få med deg Tharaldsen si bok frå i år, Hvem drepte kelneren, eit opplysande historieverk om eit yrke i forfall.

Årets haug

Sta. Rita Hills er ikke gamle appellasjonen, men for eit område! Eg har dykka ned i materien, mest gjennom linsa til pinot noir, men òg nokre chardonnay-vinar. På vegen har eg blitt kjend med nye og dyktige produsentar som Donnachadh, Marc Piro, Storm, Racines, Ryan Deovlet, Justin Tyler Willett, Sandhi og Chanin, for å nemne nokre.

Racines Sanford & Benedict Pinot Noir 2020 er litt kantete og lett eikeprega rett etter opning, men etter fire timar (og dagen etter) er det skjedd mykje positivt. Frisk og høgtona med raude bær og hint av stilk. Forførerisk miks av fruktsødme og jordlege element, og ei mjuk munnkjensle. Vert meir balansert og behageleg, samtidig som vinen held på ein finish med syrlege raude bær. Kan nok truleg liggje ein 2-3 år for å finne toppformen.

Årets Jura

Det er gjerne tre vintypar eg grip etter i vinskåpet om eg ikkje heilt veit kva eg skal nyte: Barolo, Champagne eller kvit Jura. Då er det helg, beina på bordet og ikke krav om å skrive ned noko om vinen. Det har vore mange gode flasker i år òg, frå Ganevat, Domaine Baud, Berthet-Bondet, Bourdy, Eric Thill og Buronfosse. Men eg vart kanskje mest overbevist av ein vin frå Arbois.

Domaine de la Touraize Chardonnay Les Voisins 2022 er ekspressiv og frisk i anslaget med mergel og berme før det slår inn med sitron, ferskost og noko fat. Balansert og ganske fruktig Jura chardonnay med både gule og nedfallseple, bakt sitron, og bermelagring. Fin konsentrasjon og flott fylde. Steinete men samtidig rein og pen. Ein Montrachet-dödare til 1/20 del av prisen.

Nyfiken på Jura? Her og her kan du lese meir. Og så er det endå meir om du har tid. Berre å søke.

Årets bobler

Mange gode flasker Champagne i år òg, særskild ei Suenen Oiry Blanc de Blancs på Villani i Bergen. Men kanskje mest interessant var eit par boblevinar som eg smakte på besøk hjå Black Chalk i Test Valley, mellom Andover og Southampton. Dei har ikke halde på så lenge og produksjonen er liten. Men vinmakarane Jacob Leadley og Zoë Driver hadde saker på gang som var originale og litt utanom det som resten av den engelske vinbransjen har gjort. I Noreg er det førebels vinane Classic og Wild Rosé som er tilgjengelege.

Black Chalk Inversion 2020 er ein blanc de noirs på 83% pinot noir og 17% pinot meunier. Svært frisk og elegant til å vere bdn, med fersken og tydeleg kalk-mineralitet i tillegg til litt raude bær. Svært stilig laga, balansert og leskande vin med høg, men innafor syre. Primært ståltank-lagra men ein liten del har vore på burgund-fat. Ingen malo eller klaring. Ein produsent å følgje med på.

Leave a Reply