Årets vinar 2023!

“Karar*, vi skulle ikkje skrive ein slik oppsumeringsartikkel med årets beste, verste, raraste etc?” skreiv Håvard. “Gøy. Jeg er med”, sa Nils Johan. “Kva med personlege kategoriar?” skreiv Jan Tore.

Ja, om lag slik byrja det. Og slik blei det. Her er nokre av Nattverden-skribentane sine høgdepunkt frå året som snart er forbi. Relativt personleg og utan haldepunkt i 100-poengskala eller rangering. Slik kan livet liknast med ei konfektøskje: når du har ete tilstrekkeleg mange, hugsar du ikkje kva for ein du åt fyrst.

Håvard

Årets syn for segn: Wurzelwerk 2016

Eller skal vi seie smak for segn. Dei tidlegare klassekameratane på Geisenheim, Johannes Hasselbach, Alwin Jurtschitsch og Teresa Breuer, hadde ein hypotese som dei ville teste ut: dersom druer frå eigen vingard vart knust, sendt til dei andre deltakarane og så gjæra i deira kjellar, ville ikkje då resultatet bli litt anleis, fordi kjellaren med sitt “terroir” vil gje ein anleis gjæring enn i eigen kjellar? Resultatet vart prosjektet Wurzelwerk, som held på frå 2012 til 2017. Eg fekk tak in vinen frå 2016, og fekk smake det artige og forbløffande resultatet. Du har kanskje lest om det i Vinforum 3/2023?

Årets “Kims lek”

Eg elskar Burgund, nett som millionar av andre vinofile. Oppskrifta er stort sett den same, medan terroiret varierer med millimeterpresisjon. Men så smakte eg eit par produsentar der eit par viktige ting var tekne vekk. Kva mangla i dei flotte vinane til Pierre Naigeon frå 2019? Ingenting, om du spør meg, dei var strålande. Men så snur eg flaska og ser at han ikkje har tilsett SO2. Men det smakar klokkereint likevel. Chapeau! (Eg har i år smakt Marsannay, Bourgogne Rouge og Vosne-Romanée frå 2019-årgangen til Pierre Naigeon).

Pierre Naigeon Bourgogne Les Maladières 2019

Mørk burgundraud. Opnar opp litt animalsk, funky og stilkete. Men det går ikkje lang tid før det er i harmoni. Topp druer, topp jordbruk og hands off vinmaking gjev mørk pinot-frukt med litt fiol og lakris. Sexy.. Saumlaus og flott vin i munnen med god syre og litt sandaktige tanninar. Dette viser vel at terroiret ikkje er like godt som betre plasserte vinmarker. Mykje burgund for pengane. (359,90 kr)

Ein Meursault frå Francois Gaunoux kom ein kveld på bordet attåt litt Mont d’Or. Mangla vinen noko? Nei, dette var ein av dei rimelegaste Meursault på polet akkurat no, men det smakte då svært bra. Men så slår eg opp produsenten, og finn ut at han brukar kun ståltank. På heile porteføljen! 

Francois Gaunoux Meursault Clos de Meix Chavaux Monopole 2018

Lys strågul. God- intensitet. Gule eple, gule plommer, hint av flint, østers og kalk. God munnkjensle, men det manglar litt opp til toppen i kommunen. Djup og deilig smak med stilig og moderat eikekrydder i bakgrunnen. Godt fenolisk grep frå botnfallet. På dag to er det meir østers og kalk. Litt låg syre, men det er vel årgangen. Verd å kjøpe igjen. (599,90 kr)

Årets tilgjengelege toppårgang

Det tynnast i “back-katalogen” på polet under kategorien “Barolo”. Av seinaste toppårgangar er 2016 enno godt inne, men er for ung. 2010 finst det nokre få, men dyre. Kva er så neste? 2008 seier Masnaghetti. Den for meg ukjende produsenten Dosio fanst med 2008 Fossati, ei framifrå vinmark på begge sider av grensa mellom La Morra og Barolo.

Dosio Barolo Fossati 2008

Med 15 år på baken har vinen enno ein sunn raudfarge, men med ein brun kant. Det luktar utvikla nebbiolo. Framleis ein sunn og rik frukt, med litt jordlege sopparoma og noko gamalt treverk. Balansert og utvikla vin med nedslipte og lett tørrande tannin. Raude bær, skogbotn og jern. Etter eit par timar open, vert frukta noko mørkare. På ingen måte over toppen, men for meg treng ikkje slik vin bli eldre. No er det ein god balanse mellom vitalitet og alderdom. (762,- i mars 2023)

Årets (ikkje akkurat) gjetargut

Alle som har forsøkt på sauesanking veit at det kan vere litt jobb med å få samla dyra. Men når dei fyrst har kome på rekkje så set flokkinstinktet inn. Vi som skriv om vin, tenkjer vel av og til at vi forsøker å få saueflokken inn på den smale veg, bort frå keisame industrivinar. Men sjølv ikkje ein topp raud burgunder klarer eg å flytte ut av hyllene. Topp vinmark, fin pris i høve til plassering, flott årgang. Kjøpt i januar. Og framleis tilgjengeleg i BU. Trur eg kjøper ei flaske til.

Bertagna Vougeot 1. Cru Clos de la Perrière Monopole 2019

Medium mørk burgunderraud. Solid litt mørk frukt med fiol og pent intergrert eik og søt lakrisrot. Jaudå, dette er ungt, men kvaliteten og ein fin årgang er ikkje vanskeleg å få auge/nase på. Sexy og mjuke chambolle-aktige tanninar og munnkjensle. Ung, frisk og rik kjøtfull frukt. I ettersmaken dukkar det opp litt cola og five spice. Balansert vin, men svært ung og litt kompakt. Mykje kvalpefeitt, men set du pris på litt høgre BMI er dette godt å drikke allereie. Eg er kanskje ei svak sjel, men du skal ha eit hjarte av den eklaste isotopen av plutonium for ikkje å trekke litt på smilebandet når denne vinen glir over tunga. (1099,90 kr)

Årets produsentmøte

Var så heldig å treffe fleire interessante vinpersonar i året som gjekk. Tiago Sampaio frå Folias de Baco/Douro, Patrick Ligeron frå Domaine des Carlines/Jura, Monica Soldera frå Soldera/Montalcino og ein lengre videosamtale med Alwin Jurtschitsch frå Kamptal. Men årets møte var nok på turen til Barolo, der Chiara Boschis brukte tid og energi på to fyrstereisgutar i nebbiolo-land. Ho har eit stort hjarte for Barolo, vinmarker, miljø og vinkonsumentar i mange land, og ein iver etter å formidle det.

E. Pira e Figili Chiara Boschis Barolo Via Nuova 2019

Transparent medium burgundraud. Sart og fin raudbærsfrukt, noko krydder og asfalt. Balansert Barolo, fin syre og solid men behageleg struktur. Ung og primær enno, det er nok ein del å hente på nokre års lagring. (Smakt hjå produsenten 19. juni 2023).

Jan Tore

Årets julekos-alternativ

Fylgje Desserteple frå Hardanger (Åkre gard)

Ullensvang, Noreg.  2019-destillat av Aroma-eple blanda med 2020-most, og lagra på fat i ytterlegare 3 år. 18 % og teknisk sett ein slags likør. Tydelege duftar. Calvados, nybakt fruktpai utav omnen, mild bålrøyk og  gule eple. Litt nellik, litt vanilje. Blir meir “eplete” med tid i glaset. Høg sniffefaktor.

Fyldig munnkjensle med søtsyrlege eple og karamell. Lang avslutning med lagvise eple og ein syrleg snert.

Morosam og annleis likør som startar som Calvados på snuten og endar som eplesider på tunga. Smakte godt til peparkaker med blåmuggost, og kan fort bli ein utfordrar til portvin i jula.

Årets Merlot

….kom frå Tyskland!

Katla Móa 2022

100 % Merlot. Druer frå Andi Mann sin gard i Eckelsheim. Tre veker skalkontakt, modning på eikefat frå Ardeche.  

Kraftig kirsebærduft, parfymert med blomstereng, jordbær og mandel. Ørlite sursøt pickles langt bakom. Behagelege duftar. Mjuk munnkjensle. Saftig kirsebær og morell, med litt blåbær og mokka i bakgrunnen. Lang avslutning med fyldig blåplomme og syrleg kirsebærsnert.

Smooth eleganse og skummelt lettdrikkeleg. Veldig godt til fenalår, enno betre til eit stykke hjort.

Årets restaurant

Bellies, Stavanger. Nydeleg blanding av full kontroll og lave skuldrer – velsmakande mat og ein smule meir normcore vinpakke enn ved førre vitjing, sjølv om det også vart plass til dei meir grumsete flaskene. Ekstra bonus for lumsk blindsmaking innimellom tygginga.

Årets servitør

Han som såg kor skuffa eg vart då BUÇACO BRANCO 2013 var utseld hjå Casa Da Dízima i Paço de Arcos, at han tok ein ekstra runde i kjellaren og fann den siste flaska.

Bairrada (og Dão), Portugal. Ein tredel kvar av Encruzado, Bical og Maria Gomes. Tolv månader på fransk eik. Kraftig duft frå nyopna flaske. Gule plommer, nyslått gras, lime, ananas og pasjonsfrukt. Litt knallpistollkrutt og mykje Colin Archer i steikande sol. Frisk og lett munnkjensle før rask crescendo inn i eit konsentrert midtparti med tropisk nektar og gule eple. Lime, honning og nøttemiks i ei avslutning som berre varer.

Nydeleg, energisk vin. Fungerte gjennom heile måltidet, både til grilla reker, ditto blekksprut og Carcavelos-bakt pære med Estrela-ost. Smattar på siste slurken ein time etter…

Årets ostesmørbrød

Taberna Oporto, Carcavelos

Morten

Årets restaurantvin

Det har vært et bra restaurantår i Bergen, og det er vanskelig å vite hvilken vin jeg skal velge. Det stod til slutt mellom Jessica Litaud Pouilly-Fuissé 1er Cru Les Crays 2020 på favorittrestauranten Lola, og Sandhis Bentrock Chardonnay 2016 på Pjoltergeists jubileumsmiddag på Damsgård restaurant. Det er ikke så mange Bentrock igjen rundt omkring, men om du ser en flaske må du kjøpe den! Det er min absolutte favoritthvitvin fra USA, og etter min mening på nivå med de fleste hvite grand cru fra Burgund. Dessverre har ikke Sandhi fått druer derfra på noen år, men 2016-årgangen var strålende. Fersk var den klart preget av kruttrøyd, sitroner og blomster, men nå var kruttrøyken borte. Det var likevel lite modning å spore, bare en åpnere vin som lente seg mye mer på frukt enn den gjorde da jeg drakk den sist, og hadde fått et hint av beurre noisette. Det var et strålende måltid bestående av rekke all stars fra den legendariske restauranten, men høydepunktet var faktisk vinen. For en vin!

Årets (gjen)oppdagelse

Domaine Merlin smakte jeg første gang i 2004, da jeg jobbet mine første ekstrahjelpsvakter på Boha Restaurant. De hadde deres Mâcon La Roche Vineuse på glass til en hyggelig penge, men jeg ble ikke revet med av vinen den gangen. Etterhvert som jeg begynte å jobbe mer, og lærte mer, konkluderte jeg med at vinen var litt vel feit – og hadde nokså mye fatpreg. Mer enn frukten kunne bære. De neste årene smakte jeg vinene fra Merlin i ny og ne på messer, men noterte meg aldri en stjerne i margen før jeg besøkte dem i 2015. Da la jeg merke til at vinene hadde blitt friskere, og fatet hadde roet seg. Kanskje hadde Merlin fått inspirasjon av samarbeidet med Comtes Lafon, eller kanskje hadde det skjedd gradvis av andre årsaker. Likevel, på en begivenhetsrik tur til Bourgogne ble ikke Merlins viner noe jeg noterte meg. De var fortsatt litt lubne, selv om de var bedre enn jeg kunne huske. Så kom årets undervisning på Norsk Sommelierutdannelse – der jeg forelest i fordypning i Bourgogne (blant annet), og under forberedelsene endte jeg opp med å nerde mye rundt Mâconnais. Det har lenge blitt laget mye vin i Mâconnais, og når man er i Frankrike er det ofte en god hverdagsvin på restaurant, men det ble klart for meg at her har det skjedd mye de siste årene. Det er en rekke unge vinmakere som har løftet Mâconnais, og noen fra den eldre garden har fulgt med. Deriblant Domaine Merlin.

Heine

Årets Champagne

Det har ikke blitt dødsmye Champagne på meg i år, men noen flasker har det blitt – og den som skilte seg ut i særdeleshet, var Clos Cazals 2012. Jeg husker at jeg for et par år siden drev og telte på knappene om jeg skulle ta meg råd til flasken. Med en prislapp på ca tusenlappen, er det for de fleste en viss investering for en vin, meg inkludert. Men som den leverte! Superfokusert og samtidig med lag på lag som viste seg etter hvert som vinen fikk luft! Frisk frukt og samtidig begynnende modning. En utrolig flott opplevelse av en vin som jeg mener konkurrerer i en vektklasse over det prislappen skulle tilsi, og det sier litt! Finnes fremdeles tilgjengelig i magnum, til rett under tre tusen kroner.

Årets vinopplevelse

Jeg har undervist ved Norsk Sommelierutdannelse i flere år, faktisk siden 2017. Men i år var første gang jeg var med på eksamensseremonien ved skolen, her i Bergen. Det var en utrolig fin opplevelse – og veldig kjekt å se en haug med nyutdannede vinkelnere, som har jobbet hardt gjennom hele året, få sine diplom og utmerkelser. NSU planlegger nye studier fra januar av, både i Oslo, Bergen og Trondheim. Hvis du har lyst å melde deg på, så rekker du fremdeles det!

Årets vinland

2023 var vel året hvor Hellas virkelig begynte å dukke opp i bevisstheten til vin-Norge. For egen del har jeg smakt en god del bra gjennom året, hvor Sigalas og Karamolegos var, jeg hadde nær sagt selvsagt, var helt på topp. Jeg hadde også en fin, lang samtale med en amerikansk vinkelner i en vinbutikk i Brighton spesialisert på gresk vin, som løftet perspektivene mine om dette gamle og samtidig nye vinlandet. Jeg er sikker på at Hellas kommer til å fortsette å virkelig få fotfeste som et av Europas seriøse kvalitetsleverandører i årene som kommer.

Nils Johan

Årets obrigado

Jeg er en av de som setter pris på den kontinuerlige oppdagelsesreisen når jeg drikker vin. Jeg vil egentlig bare prøve noe nytt hver dag, jeg vil være åpen for alt. Likevel er det jo sånn at man sitter igjen med noen favoritter etter hvert, noen produsenter man trives spesielt godt med og gjerne vender tilbake til. For meg er Luis Seabra i Douro en av de store i denne kategorien. Det var denne vinen som først slo meg da jeg tenkte tanken om å oppsummere vinåret.

Luis Seabra Xisto Cru Tinto 2021 er en elegant kraftkar med så lite som 12% alkohol. Druene er en eventyrmiks fra to 100+ år gamle vinmarker. Her er intense skogsbær med dirrende nerve i nesen. Rått kjøtt gnidd med pepper og krekling. Die Hard i Douro-dalen. Et bakteppe av vanilje komplementerer råskapen. Syrlige bringebær i munnen med mørke skogsbær i dybden. Det handler om balansekunsten mellom det kraftfulle og det delikate. (Det er vel dette de mener med klisjéen: “som en jernhånd i en fløyelshanske”.) Myke men markante tanniner – dette er en vin som egentlig strengt tatt bør ha noen år på langs for å blomstre til den beste versjonen av seg selv. Men den er jo så sjarmerende som ung og lovende. Gi den noen timer eller hele dagen på karaffel så treffer du den på et bra sted.

Hederlig omtale går til Seabras billigviner. Den røde og den hvite som begge heter Xisto Illimitado. Til litt over to hundre er disse så gode, friske og tilgjengelige at det er lett for å glemme at det finnes noe bedre.

Årets tirsdagsvin

Faksimile fra Verdens Gang

Kan fort bli min nye husvin” er sånt som vinskribenter liker å utbasunere i overskriftsform for å få deg til å klikk-klikk-klikke. Og neste uke er det gjerne “Dette blir min go to-flaske“. Da er det snakk om viner som kan brukes til mye og som koster lite nok til at man kan åpne en flaske uten at det er noen big deal. Litt i maten og litt i kokken. Eller det kan for eksempel være det skjer noe bra en dag, helt uforutsett, da kan du drikke den for å feire. Hvis det skjer noe drit kan du drikke den for å glemme. Og hvis det ikke skjer noe som helst kan du drikke den for å få noe til å skje. Det var en vis mann som sa det.

Skouras Assyrtiko Wild Ferment er en sånn vin. På hugget i nesen med sitrus, pære og Chablis-stein. Saftig i munnen med lime i toppen, grønne epler og hvit fersken. Presis frukt. Salt hav i anslaget går over i et vegetalt midtparti. Sitronkrem i bunnen med et dryss av zest i utgangen. Det finnes mange vidunderlige high-end-viner fra Santorini som virkelig fremviser den lokale druen assyrtiko sitt potensial. Dette er ikke en av dem, men Skouras får med imponerende mye av det i en vin til under 200.

Årets magnum

Fin vin fra Burgund har for lengst blitt så dyrt at det ikke er noe gøy lenger. Vi som ikke har ubegrenset likviditet kan lete i utkanter, grøftekanter og bregnekratt etter gode kjøp. I de mindre sentrale områdene som tradisjonelt ikke har optimale forhold. Oppi dette er det verdt å bemerke at klimaendringene har gjort at de kjøligere utkant-områdene nå kommer bedre ut av det, mens de klassiske områdene har utfordringer med høy temperatur. Irancy er en av disse utkant-appellasjonene, i det nordvestlige hjørnet av Burgund, rett vest for Chablis. Herfra har jeg vært så heldig å finne, bortgjemt på den øverste hyllen helt innerst på svalrommet, en magnumflaske med ferdig modnet pinot noir. Billig? Det kommer jo an på hva man sammenligner med; prisen er den samme som en helt ordinær (75cl) umoden flaske fra for eksempel Gevrey-Chambertin.

Gabin et Félix Richoux Bourgogne Irancy 2014 er jordsmonnpreget i nesen med dyp skogbunn, nøtter og roser. Jordbær som nærmer seg overmodne tangeres av friske spretne bringebær. Kalksteinete og jordlig stil også i munnen med mjuk frukt og det florale. Lys (illuminert) i stilen, men modningen gir dybde. God røff struktur med nedslipte tanniner. Mye å smatte på i en lang utgang.

Hvis du har kjelleren full av Burgund, de beste produsenter i selekterte årganger, er denne vinen sikkert ikke noe vits i. Men for alle oss andre udugelige dilettanter og spissrumpa amatører finnes det mye innsikt og læring i en flaske som dette. Ikke en stor burgunder, men en fin kombinasjon av god kvalitet, utvikling og betalbar pris. Det er jo sjeldne kvaliteter i disse dager. Nå er den selvfølgelig utsolgt, dette er sånt som kommer inn i små partier uten fanfare, som man kan snuble over hvis man har flaks.

Årets halvflaske

Halvflasker er undervurdert. I hvert fall for ensomme ulver og einstøinger som meg. Hvis du er nysgjerrig på en vin (som jeg er hele tiden) så trenger du jo ikke en hel flaske for å finne ut hva den smaker. Hvis det er en dyr vin du er nysgjerrig på så koster halvflasken bare (litt over) halvparten. Når jeg er turist i Frankrike ser jeg alltid sånne dresskledde menn som er alene på restaurant og spiser pen lunsj og drikker en halvflaske vin til. Jeg har tenkt at de er ganske stilige.

Lopez de Heredia Viña Tondonia Reserva 2009 er som hele Rioja i et flamsk miniatyrmaleri. Nøtter i nesen med lær, stall og gårdstun. Delikate friske kirsebær i toppen og tørket frukt som svisker i mellomtonen. Såpass rik og konsentrert at etter 37.5 cl er du god og mett. 

Den lille flasken jeg fant i hyllen på Oasen bydelssenter er i 2009-årgang, mens helflaskene er fra 2011. Dette gir mini’en et klart fortrinn; i dette tilfellet kan vi sette likhetstegn mellom modnere og bedre. Det gjør den også spesielt egnet til mat som stiller sånne krav – jeg skal i hvert fall prøve denne til pinnekjøtt!

Og då står det berre att å ynskje alle våre lesarar eit godt nytt år!

Leave a Reply