Atlanterhavsdrua verdelho

Til å vere planta på berre 47 hektar på Madeira, er verdelho godt representert i Noreg. Nett no er det elleve vinar på denne sorten i kategorien sterkvin, og tre kvitvinar. Men det er ei diger øy på andre sida av kloden som regjerer i tal på verdelho-plantingar. Eg har smakt meg gjennom verdelho frå Azorene, Madeira, fastlands-Portugal, Sør-Afrika og Australia. Både som sterkvin og som kvitvin.

Når eg les eller høyrer verdelho, tenkjer eg fyrst på madeira, altså vinen frå Madeira. Men sjå på dei tørre fakta, tal hektar planta med verdelho: Madeira – 47 ha, Azorene (Biscoitos, Graciosa og Pico) – 60 ha, Sør-Afrika – 69 ha, fastlandet i Portugal – 93 ha, USA – 45 ha, Australia – 1761 ha! Ok, det er noko meir plass og sjølvsagt enklare klima down under enn ute på den delvis regnvåte atlanterhavsøya Madeira. Det er difor grunn til å tru at mykje av verdelho-vinen frå Australia kanskje er litt.. tja, keisam?

Kvar denne druesorten oppstod, er ei gåte som ligg gøymd i tida. Opphavet kan vere der ute i havet, anten på Azorene eller Madeira, som i seglskute-æraen var like sentrale som Schipool og Gardemoen er i dag. Men det kan vere at røtene fyrst kom frå fastlandet. DNA viser familie med savagnin, og det er jo ei flott grein i slektstreet, djupt forankra i det kontinentale Frankrike.

Verdelho har skapt seg eit betydeleg større namn på Madeira enn på fastlandet, og det var truleg ein av dei fyrste druesortane som gjorde det godt på øya. Koloniseringa av Madeira starta i 1420, og i 1485 har ein skrivefør mann notert at Francois I av Frankrike styrka seg på Malvasia og Seco (truleg verdelho) frå Madeira då han kriga mot engelskmennene.

Ein Sir Hans Sloane vitja øya i 1687, og noterte mellom anna at det var tre sortar som dominerte, og at den kvite (truleg verdelho) stod for om lag 2/3-deler av produksjonen. Han merka seg at fleire hadde oppdaga at vinen vart betre med eksponering for sol og varme. Dette var før vinen vart oppsprita. Akkurat kor tid madeira vart ein sterkvin er noko usikkert, og det var ein prosess som gjekk over lang tid, men midt på 1700-talet var det blitt vanlig. Verdelho var fram til phylloxera-utbrotet i 1872 den mest planta sorten. Men han vart ikkje rekna som ein av dei «fine» før på byrjinga av 1900-talet.

Vi veit at phylloxera-lusa kom til Frankrike då Joseph Antoine Borty frå Roquemaure, ikkje langt frå Avignon, bestillte seg nokre frekke amerikanske vinstokkar i 1860-talets ekvivalent til Ellos-katalogen. Men lenge før det hadde vinstokkar blitt sendt rundt i verda. Verdelho kom til Australia, fyrste gong truleg rundt 1817.

Ein John Macarthur med sønene James og William var i 1815 til 1817 på tur rundt i Frankrike, Sveits og Nord-Italia for å studere vindyrking og ta med seg stiklingar av ymse druesortar heim til sørlege halvkule. Med i bagasjen var mellom anna verdelho. Dr. William Redfern fekk sendt vinstokkar med verdelho frå Madeira, som han planta utanfor Sydney i 1824, og Australian Agricultural Company importerte mellom anna verdelho i ei sending frå England i 1825.

Men la oss starte lengst vest. 1500 km vestover frå Lisboa ligg Azorene. Det er ni bebudde øyer, og vinproduksjonen er i hovudsak på Terceira, Graciosa og Pico. Vindyrkinga starta ikkje lenge etter koloniseringa på midten av 1400-talet, men det var krevjande i starten. Det var knapt noko øvre jordlag å snakke om, så røtene til vinstokkane vart sett ned i sprekker i den vulkanske steinen.

Det er mildt klima, og mykje ver der ute i havet. På Pico stig landet opp frå kysten og mot vulkanen, som er Portugal sitt høgste fjell. Vinmarkene ligg så nært havet som mogleg, for å utnytte den ekstra varmen som er der. Eit intrikat byggverk av murar rundt vinmarkene, kalla currais, vart sett i gong på 1500-talet. Desse vernar mot sjøsprøyt, salt og vind, og gjev vinstokkane litt ekstra varme.

Det finst altså litt ymse vin laga på denne litt obskure druesorten. Diverre har eg ikkje fått tak i sterkvin på verdelho frå Australia. Det er ganske mange som lagar ein slik, og det kan sjå ut som dei vert gjort i tawny/madeira-stil med til dels lang, og lett oksidativ fatlagring.

Azorene

Entre Pedras D. O. Pico Verdelho 2022

Strågul+. God intensitet, Mogen sitron og søt-salt vulkansk stein er dei fremste luktelementa. Vinen har eit frisk anslag med ei leskande og spiss syre. På andre side av vektskåla er det god konsentrasjon og ein liten fedme. Sitrus mot sitron og appelsin og meir av det vulkanske uforklarlege steinete preget. På dag 2 og 3 har elementa i vinen gått endå meir saman og han framstår med meir balanse og drikkeglede. Det er altså truleg ikkje dumt å legge dette unna i eit par år.

12,5 % alk. 6,9 g/l syre, under 3 g/l restsukker. Naturkork. 85% verdelho, 15% arinto dos Acores. 449,50 speglar vel at det ikkje er billeg å lage vin på denne forblåste plassen, men det vert nok for dyrt for gjenkjøp.

Ilha do Pico Verdelho 2021

Strågul. Friskt «gult» anslag med sitron og sjøsprøyt. Men her er noko litt ureint som kan minne om svak oksidasjon, som forstyrrar det elles fine inntrykket. Slank og steinete vin som tydeleg kjem frå eit kjølig klima. Sitron og saltaktig stein som fremste fane. Pen og leskande syre. Men er totalen litt for anemisk? Frukta er skrinn, men det kan kanskje skje saker med litt lagring.

12,5 % alkohol, 6,6 g/l syre, under 3 g/l restsukker. Naturkork. 80% har gjæra på stål, resten i brukte eikefat. 6 mnd mogning på berme før tapping. Ilha do Pico Wine Cooperative er øya sin største produsent, med 270 medlemmer som leverer druer. Starta opp i 1949, og frå 2017 har Bernardo Cabral vore sjefsvinmakar. Prisen er 413,80. Flaska vart sendt av importør.

Eruptio Verdelho 2020

Djup gyllengul, klar. Djup og rik lukt av gul frukt som eple og plomme, og søt-salt vulkansk stein. Spanande! Glyserisk, rik og tørr kvitvin med god fylde og forfriskande syre. Vulkansk snert, mogne gule eple og gule plommer. Flott konsentrasjon og mykje greier på gang. Verkar å vere fullt utslått, så eg er skeptisk til noko vidare lagring. Artig vin.

12,5 % alkohol, 6,8 g/l syre, 0,5 g/l restsukker. Naturkork. Druene kjem frå den sørvestlege delen av Pico, kalla Candeleira. 80% er gjæra i ståltank, 20% i 500-liters fat. 6 mnd mogning før tapping. 429,90 kr er ein del pengar, men dette er jo dyrt å produsere. Små inngjæra vinmarker med steinmurar i kvadrat som er opp til 500 år gamle, ganske nært sjøen. Vinmakar er Bernardo Cabral. Eruptio er eit samarbeid mellom kooperativet Ilha do Pico og Abegoaria, som lagar vin i ulike distrikt på fastlandet.

Hunter Valley, Australia

Tyrrell’s Wines Old Winery Verdelho 2021

Strågul på farge. Lukta er svært fruktig, med litchi, papaya og gule eple. Men under ligg det noko som ikkje er i det fruktige og søte spekteret, men meir steinete og salt. Det minner litt om østers. God og forførande glatt munnkjensle. Middels fyldig og ikkje så veldig mykje syre her. Men det held akkurat, og vinen er då både god og interessant. Mykje frukt og eit hint av sødme. Smakar av gul og litt tropisk frukt. Eit godt alternativ om du likar vin av sauvignon blanc eller alvarinho.

12,5% alkohol, 6,5 g/l syre, 7,8 g/l restsukker. Skrukork. Druer frå Hunter Valley, gjæra i ståltank ved låg temperatur og stoppa med ein dæsj restsukker som skaper ein fruktig stil. Kosta 214 kr, ny årgang kostar 220 kr.

DOP Madeirense, Madeira

Colombo Ilha da Madeira Verdelho Reserva 2022

Lys strågul. Veldig pæresaftis i starten. Etter kvart smeltar isen, og vinen tek meir smak av mogne, gule eple, kvit fersken og stein og vulkansk jord. Over i kjeften, så viser vinen seg som ein fruktig og jovial, men tørr vin. Grei konsentrasjon. Flott djup vulkansk mineralsnert, litt som furmint frå Tokaj, som ligg bak all frukta. Gje det 2-4 år, så kanskje det kjem meir fram i smaksbilete, og vinen vert endå meir balansert og spanande.

12% alkohol, 7,1 g/l syre, <3 g/l restsukker. Naturkork. Druene kjem frå Estreito de Calheta, São Vicente og Cãmara de Lobos. Gjæra i stål og delvis mogna på eikefat. 1300 flasker produsert. Colombo er eitt av merkevarenamna til Justino’s. Prisen på 315 kr er kanskje litt i overkant i høve til kvaliteten, og seier vel meir om kor lite verdelho det er tilgjengeleg på øya. Flaska vart sendt av importør.

Jan Tore har òg skrive om verdelho frå Madeira.

Stellenbosch, Sør-Afrika

J. Raats Olindo Verdelho 2023

Lys strågul. Slank, syrleg lukt med eple og surblad. Litt pære og tørka tropisk frukt. Middels fyldig, tørr vin som ikkje heilt veit om han skal vise mest frukt eller mineral. Det smakar av gul frukt, marsipan, gule eple. Eit litt steinete preg dukkar opp. Spannade vin med ein nerve, og ganske forskjellig frå andre verdelho-vinar eg har smakt.

12,5 % alkohol, 5 g/l syre, <3 g/l restsukker. Diam 5 kork. Druer frå Stellenbosch. Fyrste verdelho-plantinga i Sør-Afrika var i 1991. Mest planta i Paarl, og mykje nytta som blandingskomponent. Her i rein form frå Jasper Raats. Gjæra på stål, mogna på eik. 299,90 er kanskje litt i overkant. Flaska vart sendt av importør.

Alentejo

Terra d’Alter Verdelho 2022

Strågul farge og klar. Open, rik, mogen og lett søtleg lukt av gul frukt. Gule eple, gule plommer, honningmelon og pære. Tørr, fruktig vin med litt fylde og varme frå alkoholen. Grei syre og pen mjuk tekstur til prisen. Det smakar av gule frukt.

13,5 % alkohol, 5,2 g/l syre, <3 g/l restsukker. Skrukork og PET-flaske. Druer frå Alentejo. 12 timar kaldmaserasjon før gjæring på ståltank ved låg temperatur. Ingen fatlagring. 142,90 er jo ikkje så dyrt, og er du i marknaden for å prøve noko heilt anna enn chardonnay, riesling, sauvignon blanc eller alvarinho til under 150-lappen, er dette ikkje det dummaste å prøve.

Paulo Laureano Verdelho 2019

Djup strågul på farge. Rik og interessant nase med voks, pære, tropisk tørka frukt. Tørr og ganske fruktig vin med smakar mot tropisk frukt og litt salt stein. Fyldig og rik tekstur med ei pen og mjuk munnkjensle. Lett bitter finish. Solid og god verdelho som tydeleg viser at han kjem frå eit varmare klima.

13 % alkohol, 5,5 g/l syre, 1,2 g/l restsukker. Diam 5 kork. Frå vinmarker i Alentejo planta med stiklingar frå Madeira. Noko fatlagring med botnfall. Tappa i juni 2021. 275,00 kr er grei pris for denne kvaliteten. Paulo Laureano starta å lage vin i familieforetaket i 1993, etter å ha jobba som agronom og vinkonsulent. Flaska vart sendt av importør.

Sterkvin

Så over til sterkvinssegmentet. Det er jo øya Madeira vi kanskje tenkjer på her, men det vert altså laga sterkvin på verdelho både under ekvator i Australia, og på Azorene.

Cossart Gordon Madeira Verdelho 5 Years Old

Lysebrun med oransje. Høgtona, frisk og søt lukt med svisker, tørka tropisk frukt, sitrusolje, petroleum, gamalt treverk og vulkansk stein. Søtt og tungt attakk i munnen, men bra syre. Rosin, sviske og appelsin. Litt tung og alkoholisk, jaudå, men til prisen er dette ikkje så verst madeira.

Blandy’s Madeira Verdelho 10 Years Old

Lysebrun. Bra intensitet. Sviske, rosin, knekk, tørka frukt før gamle fat og møbelpolish melder seg på. Eit lite parfymert hint. Halvsøt og litt tung madeira, slik stilen til Blandy’s er. Brend sukker, sviske, sitrus, gamle fat og litt petroleum. Ok syre, men litt rustikk vin.

19% alkohol, 6,3 g/l syre, 80 g/l restsukker. T-kork. Lagra i canteiro i det gamle lagerhuset i sentrum av Funchal. Gjennomsnittsalder er 10 år. Vinen kostar 299,90 for 50 cl.

Barbeito Verdelho Colheita Single Cask 13E 2007

Medium oransje på farge. Frisk og søtleg lukt av appelsinskal, eple og gamalt treverk. Intens, men på same tid nedtona og elegant. Lekker syre som ber vinen og gjer friskt og lettdrikkeleg. Det smakar av tørka frukt, sitrus, eple, tobakk og vulkansk stein. Litt volatile syrer, men ikkje påtrengande. Flott madeira i ein lett og elegant stil.

19% alkohol, 8,5 g/l syre, 66 g/l restsukker. Naturkork. Druene kjem frå vinbonden Agostinho Andrade Jr. som held til nord på øya i São Vicente. Eit fat som har vore i canteiro-en (E) til Barbeito i det nye anlegget som stod ferdig i 2008. Tappa i februar 2023. Vinen kostar 549,90 for 50 cl.

Eg har skrive om madeira opp til fleire gonger. Til dømes denne her.

Justino’s Madeira Frasqueira Verdelho 1999

Medium brun, slik mykje madeira er. Interessant og ganske luftig i fyrste sniff. Syrleg appelsinskal, gamle tremøblar, vulkansk stein og solvarm sand. Mindre sviske og tropisk frukt enn mange andre. Herleg frisk syre både i anslaget og i ettersmaken. Konsentrert sjølvsagt, men det er ein lett og ledig madeira med tanke på alder. Smakane går mot kandisert appelsinskal, rosin, whisky, eikefat og salt stein. Relativt søt til å vere verdelho, men den høge syra balanserer det heile. Moderat med volatile syrer. Fin tekstur. Stilmessig er dette noko i mellom Barbeito og Blandy.

20,22 % alkohol, 9,28 g/l syre, 83 g/l restsukker. Druene kjem frå vest (Calheta) og nord (São Vicente og Porto Moniz) på øya. Innhausting for hand i slutten av september. Avstilka, pressa i kontinuerleg presse. Gjæring i ståltank i 7-9 dagar før tilsetjing av 96% druesprit. Vinen har så vore i 350-liters franske fat i seks år i kjellar med moderat temperatur. Så er vinen tappa over i 80 år gamle amerikanske 650-liters fat og lagra varmt på øverste nivå i lagerhuset, i 16 år. Tappa på flaske 16. mai 2022. Vinen kostar 1500 kr, som jo er ein del. Men dette er faktisk svært bra vin. Og 22 års produksjonstid må jo koste litt.

Ilha do Pico Cooperativa Vitivinicola D.O. Pico Vinho Licoroso 10 Years Old

Medium ravfarga og klar. Relativt rein og fruktig stil med lukt av sitrusskal, tørka tropisk frukt, sviske, søtleg tobakk, røyk og gamle fat. Intens og konsentrert vin i munnnen med eit fint syrekick. Lett «madeira» med eleganse frå fatlagring og relativt låg alkohol. Flott konsentrasjon og på nivå med 10 years old madeira i kompleksitet. Flotte smakar med kandisert appelsinskal i front, medan svisker og gamalt treverk føljer på.

17,5 % alkohol, 7,5 g/l syre, 66,8 g/l restsukker. Verdelho-druer som veks nær sjøen i skrinn basalt på Pico. Gjæringa vert stoppa med nøytral druesprit. Fatlagra i gamle fat. Blanda saman av ulike årgangar verdelho, med minimum 10 års gjennomsnittsalder. Med tanke på stilen, er det truleg at fata er lagra i lagerhus som opplever skiftande temperaturar og klima, slik det vert gjord på Madeira. Flaska vart sendt av produsenten.

Leave a Reply