Ei flaske, Mythopia Lost Highway 2019

Eg må innrømme at eg var litt skeptisk. Naturvin til 700 kr, jaja, dette blir siste gong. No må du prøve å roe ned impulsen til å kaste deg på rare ting som vert tilgjengeleg, Håvard. Men så hadde eg jo lese om prosjektet Mythopia i den nye boka til Camilla Gjerde, og det var jo interessante idéer dei hadde, vinbøndene Romaine og Hans-Peter Schmidt.

Vinbønder og vinbønder, altså dei har betalt sivilt arbeid ved sida av, så dei treng ikke leve av det som vert tappa på flaskene. Då hadde det blitt lite salt i grauten. Dei produserer ikke så mykje. Med ca 3,5 hektar vinmark, som ser ut som ein hage eller villniss, får dei mellom 8 og 10 tusen flasker, men i 2021 vart det berre 400 liter..

Men la meg seie litt om kva som er i glaset. Lost Highway Pinot Noir 2019 er svært lys. Lys som ein svært utvikla vin, kanskje som 20 år gamal burgunder frå ein litt skrinn årgang. Den er litt uklar og det er små sediment som flyt rundt. Vinen luktar og smakar slik som han er laga. Det er openberre tekniske feil, men det fungerer for meg. Eg får lyst på ein slurk til. Og eit glas til. Det er gjer eg sjeldan med naturvin med mykje feil. Dette smakar som ein miks av gamal pinot noir, Barolo og madeira.

Druene går som heile klasar i ein tusenliter-tank med tett lok. Så gjærar vinen delvis med maceration carbonique i 9 månader før lett pressing. Vinen ligg så i tre år i brukte barriques. Hans Peter seier at vinen vert veldig stabil, og ikkje treng noko tilsetjing. Dette er nok ikkje ein vin for alle, ein litt aquired taste. Men eg må seie at dette var artig! Mykje på gang i den ortonasale lukta: ein utvikla vin med raude bær, te, nype, sjokolade, karamell og gamle fat. Det er noko trad nebbiolo-aktig over dette. I munnen er vinen både frisk og sliten. Sødme og frukt, men òg oksidative aroma og volatile syrer. Meir te, sjokolade, bær og gamle fat. I høgste grad ein levande vin. Men klart meir David Lynch enn Jerry Bruckheimer.

Vinmarkene til Mythopia ligg i Valais, ved landsbyen Arbaz litt ovanfor Sion, på ca 800 meter. Dei har valt ut vinmarker i utkanten mot skogen, i eit forsøk på å få minst mogleg kontaminering frå naboar som driv konvensjonelt. Dei tok ut annankvar rad med vinstokkar (ned fra ca 10 000 planter/ha til 5000 planter/ha)og planta ulike vekster som alfabønner og frukttre mellom radene. Det vert praktisert eit slags medvite laissez faire, for Hans Peter meiner at vinplantene burde kunne klare seg i stor grad åleine. I og med at vinmarkene ligg nær skogen, vil det vere 15-20 % svinn i utkanten av vinmarka til fuglar og villsvin som set pris på modne druer. Dette får vere greit, seier Hans-Peter.

Schmidt driv elles som forskar ved Ithaka Institute, eit open scource nettverk for karbonfangst med kontor i Tyskland, Sveits, USA og Nepal. Dei arbeider særleg med biokol (biochar) som ein måte å binde CO2, og dei har utvikla ein omn som kan omdanne biomasse til biokol. På Mythopia vert dette brukt i vinmarkene, der greiner fra vinstokkane og frukttrea går tilbake til jorda for både CO2-fangst og som jordforbetringsmiddel. Filosofien til ekteparet Schmidt er i tråd med det som Masanobu Fukuoka la fram i boka One Straw Revolution (1975), om å ikkje pløye jorda, ikkje bruke kompost eller kjemiske sprøytemiddel, ikkje nytte maskiner, og å la «ugras» og andre vekstar få vekse.

Om du er nyfiken på eit litt anna syn på kva vin kan vere, både i glaset og i vinmarksabeidet, er ikke Mythopia den verste plassen å starte ei reise. Dei lagar vin på pinot noir, chasselas og johanniter.

Leave a Reply