Nattverdens vinbingo 2024

Ja, så er eit nytt år framfor oss. 52 helger, 156 dagar med r, eller korleis du no legg opp til å få konsumert alle dei 65 flaskene med kvit Burgund som kanskje er oksiderte.. Neidå, livet er fint, glaset er halvfullt og framtida full av vindruer du enno ikkje har oppdaga. Kanskje blir 2024 året du fyrste gong smakar ein plavac mali, pelaverga eller picolit? Eller du kastar deg over South Australia, Sveits eller Slovakia?

Om du treng ein dytt i retning noko nytt, så last ned skriv ut og kom i gang med bingo! Nattverden vonar du klarer å få fem på rad, eller at du opnar nokre nye dører inn til den vidunderlege nye vinverda.

Leave a Reply