Nyttig krangel og funky vin

Vi kjem nok til å krangle om naturvin så lenge det finst folk som insisterer på å vinifisere kvitvin utan SO2. Og det er greit det. Eg lever godt med at det finst rar vin som eg nok ikkje kjem til å kjøpe. Det er litt på same måte som med Ornellaia eller Grange, det er svært dyr vin i ein stil som eg ikkje kjem til å bruke pengar på. Men om du skulle slumpe til å kjøpe ein litt rar vin som du ikkje likte til 170 kr, så er det ingen krise. Men om ein vin til 4000 kr ikkje leverer, er det eit ran.

Tilbake til start

Naturvin er, om ikkje anna, så eit korrektiv til vinverdas absurde utvekstar og fyrstevekstar. I alt mylderet av brands, NFT, einhjørningar, samleobjekt, auksjonsobjekt og flotte kjellarar teikna av verdas fremste arkitektar, viser enkel og levande vin at dette er eit skjørt og uforutseieleg næringsmiddel som vert skapt for å glede folk rundt bordet. Ja, av og til går det gale, og vinen er udrikkeleg, men dette gjeld då òg for vin til mange tusen kroner flaska. Alle premier cru i Médoc brukar framleis naturkork, og då er sjansen til stades for både oksiderte og TCA-infiserte vinar.

Og då kjem vi til dette med definisjon av kva type vin eg og du set pris på. Eg er ikkje så oppteken av ideologi i vinverda. Det er det andre som er, og dei får stå for sitt syn. Her kan de lese meir om eit par naturvinar eg har smakt i år, og om ei ny bok med naturvin som tema. Her står det litt om fransk sertifisering av naturvin.

To kategoriar

For meg er det to typar naturvin. Den eine er vin som er laga slik anna naturvin, gjerne utan svovelsulfitt, men som kjem frå eit klassisk område. Vinen vil vere lett gjenkjenneleg med tanke på druer og område, og prisen er difor gjerne høg og i samsvar med andre vinar frå same område. I denne kategorien finn vi både produsentar som ikkje gjer noko nummer av at dei faktisk lagar naturvin, og andre som gjer nettopp det.

Den andre kategorien naturvin er rimelegare vinar der druematerialet typisk ikkje kjem frå eit kjend/klassisk område med høge prisar på vinen. Eventuelt er det vinmakarar som brukar uvanlege druesortar som ikkje inngår i den lokale lovgjevinga. Her er både den gamle og den nye verda representert. I denne kategorien prøver eg å finne vinar som kan huke av på flest mogleg av punkta under:

  • Minimum økologisk jordbruk
  • Spontangjæra
  • Vinen kan ha eit snev av funk, men det bør ikkje dominere
  • Lettdrikkeleg stil, altså gjerne bra syre, men (for raudvin) moderat tannin
  • Rimeleg pris, helst under 200 kr
  • Jovial/naiv/teikna og ganske uforståeleg etikett
  • Helst med skrukrok/bruskork/champagnekork, som altså er enkle å opne

No er det snart sommar, og det passar å leite opp litt lett vin frå kategorien med “useriøse” naturvinar. Har dei noko å tilføre sommarvin-kategorien? Kan det finnast morosame vinar som kan utfordre Mosel riesling kabinett og feinherb, rosé frå Provence, cava, manzanilla, Chablis, Sancerre, Beaujolais, Bardolino og Brachetto d’Acqui?

Dei (nesten) nominerte:

Fyrst nokre vinar som er for dyre til å bli med, men som er svært gode. Så om du har eit større sommarbudsjett utan bekymringar for inflasjon og stigande rente, er desse her verd å sjekke ut. L’Austral Manta er ein cabernet franc-vin frå Saumur og er i ein frisk og lett stil som passar til sommaren. Gode aroma av bakt og røykt paprika og pent avrunda tanninar. Kvitvin utan sulfitt er eit sjansespel, og notorisk vanskeleg å få gjennom dommarpanelet til nokon som helst europeisk appellation. Frå Languedoc kjem La Sorga The Boyfriend VdF 2022, med berre 9,5 % alkohol, men godt med guts.

Det beste frå begge fargar

Eg har smakt fleire gode gender-blender-vinar, altså laga med både raude og kvite druer og ein farge som er djupare enn rosé. Julien Guillot skrur opp volumet på naturvinsklubben med MegaMix Vol. 2, ein artig sak med pinot, gamay og muscat blanc. Vol. 3 er visst på veg, seier ryktene. Vol. 2 startar litt vel funky, men med ein time lufting er det gode og lett gjenkjennelege aroma av syrleg pinot noir. Stefan Wellanschitz i Burgenland, Austerrike har òg ein fin slik vin med All Universe Together 2021 på muscat hamburg, blaufränkisch, pinot noir, zweigelt og furmint. Crispy og høgtona vin med mjuke tannin. Passar til beina på bordet og lite på programmet.

I år som i fjor er Azul y Garanza sin Salvaje Naturaleza Clarete ein foførande sommarvin, som med 13 % og druer frå varme strok i Navarra er noko meir jovial enn ein del anemisk naturvin med låg alkohol. Denne herlege vinen får opp varmen når grillen er blitt kald. Funkar til mat òg. Men han er litt for dyr til å kome med i den lettsindige kategorien.

Dei nominerte:

Det er som å gli inn på ein våg vi ikkje har visst um, å skulle navigere i polet sine søkekriterer med “Relevans: alkohol (lavest først)”. Men det har gjort at eg har oppdaga vinar eg nok ikkje ville kome borti gjennom livet sine vanlige algoritmar. Og då særskild lett og sommarleg raudvin som tangerer kategorien naturvin. Noko har vore på grensa til undermogne druer, andre har glidd ned og gjeve smil og glede.

Slik som Perrault Jadaud Les Joueurs de Nez 2018, er funky, lett, rimeleg og med uforståeleg etikett. Spanande på nasen med både bær, rabarbra og fiol, men i munnen er det litt kokt frukt. Truleg på grunn av den varme 2018-årgangen. Men eit gøyalt forsøk.

Endå lettare og endå billegare er Bainbridge sin Cuvée Crush, som òg kjem frå Loire. Bruskork, låg alkohol og låg pris her. Syrleg bærpreg og prega av carbonique maceration, men om du likar det, er dette verd å prøve. Over i rosé og naturvin, så klokkar Loimer sin Gluegglich Rosé inn rett under mi pålagde grense på 200 kr, med skrukork og joie de vivre. Lett og “naturvinssyrleg lukt av rips og bringebær. God og leskande utan å bli keisam.

I kategorien bobler, stiller Meinklang med til dømes Epic Dry Frizzante 2022 til 195 kr. Men det blir litt for pærebrusaktig og enkelt for meg. Det tidlegare nemde ekteparet Toby & Julie Bainbridge har kokt ihop ein rosa boblevin, Cuvée La Danseuse, type pet-nat til 189,90 som er grei nok og god til prisen, ettersom eg tykkjer mykje pet-nat er alt for høgt prisa.

Tilbake i raudvinskategorien er Samso Cinsault Nature 2021, frå Domaine Cazes i Languedoc til 185 kr og berre 10,5 % alkohol ein sterk kandidat. Litt jordleg og funky, men med noko snurring på glaset så kjem det fram lekre aroma av norsk bærplukking i fjellet. Blåbær, krekling og litt sydlandsk garrigue i ein frisk, leskande og kjølig stil.

Eg må ha med ein clarete òg: Folias de Baco Uivo Renegado Vinhas Velhas 2021, er alt.Douro frå Tiago Sampaio som syklar utanom Douro-dalen sitt konforme regelverk, og difor ikkje bryr seg lenger med å prøve å få vinen gjennom smakspanelet til det lokale DOC. Lett og juicy sommarvin i mørk rosa drakt og smak av diverse syrlege raude bær.

.. men vinnaren er:

Ein vin med druer frå to land, og ein druemiks utanom det vanlege. Bortsett frå DIAM3-kork, så hukar denne av på alle dei andre kriteria, pluss at han er ein god vin uansett om du bekjenner deg til naturvinskulturen eller ikkje. Kjøpt før ei prisjustering til 190 kr, no 196, og han held greie 12%. Ta vel imot: Weninger Ponzichter Bio 2019, med druer frå både Austerrike og Ungarn. 40 % zweigelt, 30 % pinot noir og 30 % cabernet franc. Lågsvovla, biodynamisk jordbruk og fin etikett. Eg har notert:

Noko uklar, utvikla fiolettraud farge. Ekspressiv vin med litt sulfitt i starten. Funk og volatile syrer i tillegg til flott litt sånn gamay-aktig og mørk bærfrukt. Det smakar av mørke bær, litt fiol og etter ei tid dukkar det opp eit fint inslag av sigar. God syre, greie tannin og litt volatile syrer som ikkje øydeleg. Gøy vin!

Leave a Reply