Etna Eruption!

Verdas mest aktive vulkan, UNESCO verdsarvstatus, vinmarker opp til 1000 moh, nyoppdaga prephylloxera vinstokkar i gamaldags oppbinding, lyse, elegante raudvinar laga på ei mystisk drue. Grunnane for å interessere seg for Etna-vin er mange. Ja, ein ting til; Francois Pinault har enno ikkje kjøpt opp dei beste vinmarkene. Eg har, sidan eg fyrste gong smakte ein vin frå Rangen-vinmarka i Alsace, vore glad i vin … Les meir Etna Eruption!

Bleik bastard

Trousseau/merenzao/maturana tinta/maría ordoña/verdejo negro/bastardo, grøderike og uekte barn får mange namn. Drua kjem frå Jura i Frankrike, og analyser av arvestoffet viser at savagnin er mora. Men kven er faren? Han stakk av utan å leggje att namn og nummer.. Ja, det er nok ein bastard, dette. Uansett er sorten sett i skuggen av sine meir kjende søsken. Dei går under namna sauvignon blanc og … Les meir Bleik bastard

Pinot of no return

Med naturvinbølgja fekk den rufsete vinbonden sin renessanse. På vinmesser vart skjeggete menn med svak duft av hest – tidlegare diskret gjort merksam på at Felleskjøpet-butikken ligg lenger borte i gata – no hylla som rockestjerner. Utfordringa dei ser ut til å gje seg sjølv er å leggja mest mogleg av kvalitetsgrunnlaget i åkeren og manipulera minst mogleg i kjellaren.

Les meir «Pinot of no return»

4 nyansar av chenin blanc

Av alle vinverdas grøne druesortar, er chenin blanc ein outsider. Kjend, men ikkje elska, av vininteresserte. Det er ikkje mange chenin blanc-vinar som dukkar opp i feeden, samanlikna med riesling og chardonnay. I min eigen kjellar, er chenin blanc godt plassert på ein 8. plass med 2,8 % av all vin. Størst, rangert etter drue er riesling med 24,5%. Men i retrospekt skulle eg nok … Les meir 4 nyansar av chenin blanc

Gyoza og nebbiolo

Det er høstferie og det øser ute. Madammen er på jobbtur til Gjøvik, hvor jeg aldri har vært og egentlig ikke helt ser hvorfor jeg skal dra så jeg kommer meg vel aldri dit heller – og jeg vasker klær. Poden tisset i sengen og Facebook er en strøm av irriterende reklamer. En reklame som irriterer og forundrer litt ekstra er reklamene til MyHeritage. Hvorfor … Les meir Gyoza og nebbiolo

Ego cogito, ergo vinum

Kanskje er Frankrike, Tyskland og Italia fanga av sine eigne tradisjonar? I alle fall opplever eg ofte produsentar frå ‘Den Nye Verda’ som meir respektlause og vågale overfor druejuicen. Det er gjerne der ein finn vinane med snåle drueblandingar, uhøgtideleg tilnærming og med morosame etikettar. Snålast av dei alle er antakeleg Pieter Walser sine Blankbottles frå Western Cape i Sør-Afrika.

Les meir «Ego cogito, ergo vinum»