Det er nok ikkje berre eg som sårt håpar å finne ein heilt utruleg god pinot noir frå ein bortgøymd stad som enno kostar mindre enn det smakar. Men det toget har nok gått. Burgund er på veg mot stratosfæren, og det er ikkje mykje som osar av kvalitet til mindre enn tre-fire hundrelappar i andre pinot noir-grender heller. Men om vi skal rive i ein skikkeleg vin på den druesorten vi elskar, er det noko nytt som er verd å prøve?
Eg sat ned med A og to flasker som kosta det same. Ein frå vestkysten av California, og ein frå austkysten av England, eller nærare bestemt True Sonoma Coast og Essex. Eller Fort Ross Seaview og området mellom elvane Blackwater og Crouch, for å kome endå nærare. A fekk vinane blindt, og byrja å ressonere.
Vi er begge ganske begeistra for Hirsch Vineyards sine raude pinot noir-vinar. Men eg hadde med den nye listeføringa Bohan-Dillon Pinot Noir 2019, og den var ny for A. Det gjekk ikkje så mange spørsmål før han hadde sirkla seg inn mot at dette smakte då ganske så likt noko frå den garden.
Hirsch Vineyards The Bohan-Dillon Pinot Noir 2019
Litt utvikla lys burgundraud på farge. Mykje trøkk rett i nasen her. Rik, litt varm eller snev av kokt bærfrukt. Hint av dyrepels, stilk og eik. Dyr eik. Juicy, rik pinot noir med solid amerikansk sødme i bærfrukta. Men det er då òg så foførande. Raude bær meir enn mørk frukt. Mjuke tanninar og ein vin som ikkje treng lagrast. Litt temperatursensitiv, gjer seg best under 16 grader. Funka nok vel så godt i Riedel Performance Pinot Noir som i Zalto Burgundy. 13,1% alkohol. Vinen kostar 599,90. *
Jasmin Hirsch og faren David er sikkert velkjende for fleire lesarar her, og det er ein flott produsent frå kysten av Sonoma, som gjer eit litt anna uttrykk enn til dømes pinot noir frå Santa Barbara og underområda der. Det er diverre ikkje så rimeleg lenger, men om du kan like denne lett flørtande stilen er det berre å teste ut medan det enno finst.
Her kan du høyre podcast der Morten intervjuar Jasmin Hirsch.
Og her har eg skrive meir detaljert om Hirsch.
Så fekk A ein ny vin i glaset. Ja, vi kan vel utan å avsløre for mykje seie at det ikkje var like lett å plassere denne. Pinot noir vart raskt stadfesta som druesorten. Men kvar smakar han slik som dette? Her var det lysare frukt, litt reinar, mindre trøkk men meir tydeleg eik.
Danbury Ridge Pinot Noir 2020
Ung, lys burgundfarga. Frisk, høgtona og noko reduktiv på fyrste sniff. Dette reduktive forsvinn ganske raskt. Pen, rein bringebærtone, lys, frisk og «nordleg». Lita aning fruktsødme og ja, det er ein del eik som skin igjennom. Smaken er frisk, lett og bærprega pinot noir. Tranebærjuice og nellik og ein liten grøn kant. God konsentrasjon i smaken, men det er ikkje det bånndraget som til dømes Hirsch sin vin har. Snappy men snille tanninar. Kanskje er det ein liten tretørr tone som dreg ned totalinntrykket av munnkjensla. Og så er det lettare å kjenne at eikelagringa skin igjennom her, fordi frukta ikkje er like rik. Men flott vin då! 13% alkohol. Vinen kostar 599,00.
På dag to har vinane nærma seg kvarandre. Servert ved litt meir kjølige 14 grader, så vert Hirsch mindre rik, medan Danbury Ridge har lagd på seg litt og eika er mindre framme. Essex-vinen er også den som minner mest om ein Burgunder. Kanskje er det noko med eit lite mineralpreg og krydderet saman med dei fine lyse bringebærsmakane.
Begge desse produsentane er verd å følgje med på. Hirsch har gjordt det godt i mange år allereie, medan Danbury Ridge tappa fyrste vin i årgang 2018. Klimaet er marginalt samanlikna med Sonoma, og det vil nok vere store utslag i årgangane. Essex er likevel det mest lovande området i England for kvitvin og raudvin, og har tørrare og varmare somrar enn nede i sør. Danbury Ridge har vinmakar Liam Idzikowski som har røynsle frå Tyrrell’s Estate i Hunter Valley, Australia og Williams Selyem i Russian River Valley, California. På Danbury Ridge har han fått nærast frie økonomiske tøyler, så alt ligg til rette for at det vil kome mykje spanande frå denne eigedomen framover.
* Flaska vart sendt av importør.