Sidan kyrkjelyden sist var samla, (las noko om Etna frå min penn, august 2018) har det vore minst seks større og mindre utbrot frå vulkanen, både oske og lava. Det er med andre ord heit materie å skildre vin frå ein av dei mest aktive vulkanane i verda. Og for tida opplever Etna at det verkeleg tek fyr i vinkulturen rundt vulkanfjellet.
I tillegg har det kome ei ganske ny bok (The New Wines of Mount Etna, Benjamin North Spencer, 2020) om vinane frå Etna. Diverre saknar eg litt fakta og grundigheit, det er ein amerikanar som er forfattar, og dei likar jo å vere i fokus. Men her er då eitt og anna å ta med seg frå teksten, det er trass alt ikkje mange bøker om vin frå Etna. Eg forsøkte å setje saman ei smaking av hovudsakleg raud nerello mascalese-vin til ein gjeng. Og for å snevre inn variablane fann eg at det var ganske mange 2019-vinar å få kjøpt.
Diverre kom tre av dei i ein annan årgang enn oppgjevne 2019. Men til slutt var vi klare med to kvite (2021) tre raude i den rimelegare enden frå høvesvis 2018, 2020 og 2017, og seks raude 2019-vinar. Fjellet kjem ikkje til deg, det er du som må gå til fjellet, heiter det i eit gamalt jungelord. Vel, då kan ei av og til bli skuffa. Slik var det her òg. Noko bra og noko som ikkje levde opp til forventningar og pris.
Etna Bianco 2021
Frå Terra Costantino, som held til i contrada-en Blandano på austsida av vulkanen, kom vinen de Aetna Etna Bianco 2021, laga på 80% carricante, 15% catarratto og 5% minella bianca. Ein djup strågul farge gjev forventningar om mogne druer og kanskje ein litt rik stil. Vel, det slår til. Interessante og gode lukter med litt fat, vanilje og appelsin. Fyldig og litt fenolisk vin. Manglar kanskje litt syre og nerve. Her er vi i ein søraustvend del på austsida og det betyr meir sol og varme vindar enn på nordsida. (289,-)
Graci stiller med ein kvit 100% carricante frå nordsida i Etna Bianco Muganazzi 2021, som er noko tilknappa og gjerrig. Her er det meir sitron, grapefrukt og stein i solid konsentrasjon. Men det fløymer ikkje over, akkurat. Kanskje treng det berre tid på å opne seg opp. (599,-)
Etna Rosso
Monterosso Volcano Rosso 2018 gjer mykje for pengane (200,-) i ein vanskeleg årgang. Berre 12% alkohol vitnar om ein regnfull sesong på fjellet. Her er då likevel umisskjennelege vulkanske tonar i tillegg til tinte jordbær og god syre. Noko manglande konsentrasjon gjer ein litt tretørr finish. Tornatore er største produsent på Etna med 70 hektar vinmark, hovudsakleg mellom 500 og 600 meter over havet på nordsida. Etna Rosso 2020 er nok ikkje heilt der oppe hjå dei beste vinar eg har smakt frå Etna. Nebbiolo-farga og med reine, fine aroma av friske raude bær og litt treverk i smaken. Det vert likevel litt for enkelt. (289,90)
Spanjolen Eduardo Torre Acosta har meir sving på sakene med sin vin Pirrera 2017, under IGT Terra Siciliane-nemning. Korken kan avsløre at druene kjem frå contrada Sciaranuova. Litt funky og fjøsete ved opning, men ved smakinga tre timar seinare hadde vinen stramma seg opp og viste god Etna-typisitet. God frukt og fine, litt påskrudde tanninar som i tillegg til ein mineralitet skaper ein barsk og energisk Etna-vin. (379,90)
Etna Rosso 2019
Tenuta di Aglaea er eigd og drive av danske Anne-Louise Mikkelsen sidan 2013, men ho har arbeidd på Etna heilt frå 2008. Vinen Thalia Etna Rosso 2019 viser Etna i ein sober og stilig tapping, ja ein kan jo bruke adjektiv som burgundsk. Jordleg, syrlege bær og noko steinete, og aromaen kjem så lett og ledig. Pen munnkjensle med godt integrerte tanninar over bær, granateple og litt støttande treverk. (489,50). Carranco Villa dei Baroni Etna Rosso 2019 er eit samarbeid mellom Tornatore og Giacomo Borgogno frå Barolo. Søte raude bær, minner litt om nebbiolo frå varm årgang. Hint av kakao og lava. Smaken er frisk og kjølig, men litt mykje tørring i ettersmaken. Treng kanskje litt tid på å kome ihop. (405,-)
Graci Etna Rosso Arcurìa 2019 var ganske knytt og fekk litt dekantering. Utover kvelden vart dette ein flott vin som viser vulkanen si indre kraft. Sursøte raude bær og kirsebær i nase og munn. Smak av gamle fat og ein svært heilstøypt vin. Her ventar det spanande utbrot av ny energi for dei tolmodige. (599,90). Belgiske Frank Cornelissen har halde på sidan 2001, og porteføljen har auka på. Eg har ikkje smakt dette på ei stund, men dette var bra! Munjebel Rosso CR 2019 kjem frå contrada Campo Re på rundt 730 meter over havet. Open og luftig uttrykk med raude bær, krydder, kakao og steinstøv. Kanskje litt volatile syrer, utan at det skjemmer. Saumlaus og lekker munnkjensle. Fyrst bær og syre, før tanninane bit seg fast. Lett krydra ettersmak. Spanande vin. Både særeigen og Etna-typisk. (499,90)
Så har vi to vinar frå Tenuta Tascante. Same årgang, men frå to ulike contrade. Etna Rosso Contrada Sciaranuova 2019 (599,-) og Etna Rosso Contrada Rampante (599,-). Begge vinar har fyrst litt av det typiske med sursøte raude bær og vulkansk mørke. Men dei har ikkje energien og råskapen til mange av dei andre vinane denne kvelden. Diverre er det aroma av karamell og eik som ligg utanpå. Dette gjev vinen ein silkemjuk struktur, men det vert vanskeleg å finne att Etna i det heile.
Tre av flaskene til denne smakinga vart sendt av importør.
Konklusjon
Etna har hatt ein god straum av nyetableringar dei siste åra, og det er med på å skape ny interesse for vinane. Dei som starta opp for 20-25 år sidan er veletablerte og har utvida portføljen litt etter litt. Mange har ein “piemontesisk” vinifikasjon med relativt lang maserasjon i betong eller stål, før vidare lagring i store botti i 12 månader. Det hadde vore kjekt å hatt med Tenuta delle Terre Nere, Benanti og Passopisciaro, men dei var anten utselde eller ikkje tilgjengeleg i 2019-årgang. Er du marknaden for karakterfulle vinar i prisklassen 280-600 er det kanskje på tide å kaste sine auge opp til fjellet.
Contrada kan omsetjast med nabolag. Det er altså ei større geografisk eining enn ei enkeltvinmark, men mindre enn ein kommune. Av og til i praksis nærare det fyrste. Ofte er det ein lavastraum og dertil ulike lag av lavastein, oske og jord som gjer at det vert skild mellom ulike contrade. Consorzio Etna DOC har no 142 namngjevne contrade, men det er ikkje noko skikkeleg detaljert kart som viser tydeleg kvar det er vinmark, og kvar grensa går mellom dei ulike. Her har dei ein jobb å gjere, om dei ønskjer større interesse frå publikum og ein måte for folk å forstå vitsen med contrade.