Gamalt nytt, 2x madeira

For oss i gruppa «Vi som ventar på flaskepost frå Madeira», er det nesten for mykje av det gode når novembernyheitene på Vinmonopolet kunne fortelje om 21 nye varelinjer! Sterkvinen frå atlanterhavsøya lever eit nisjeliv eit godt stykke unna populære naturvinsbarar og vinfluensarar. Medan brorparten av produksjonen er i den enklaste typen estufa-laga med tre års alder, er det ikkje mange flaskene som forlet øya med ein «10 years old» eller årgang på etiketten. Madeira er ein unicorn-fabrikk.

Dei fem store

Ut av samlebandet til Vinhos Barbeito, oppe i bakkane 610 meter over havet, har det kome eit par nye vinar som er verd å merke seg. Eg har smakt og er begeistra. Men litt bakgrunn først. Madeira har saman med naboøya Porto Santo til saman 495 hektar (ha) planta med vitis vinifera. Størst er den raude tinta negra med 277 ha. Så er det dei fire kvite «noble» sortane, verdelho (46 ha), malvasia (ca 40 ha), boal (18,2 ha) og sercial (17,8 ha). Dette er dei sortane som er best kjend, og som i størst grad opptrer på etiketten på vinar frå øya.

Og dei andre

I tillegg finst det ein del andre druesortar som er mindre viktige, men som kan gje gode resultat. Størst er den raude complexa (ca 38 ha) som vart planta frå 1970-talet. Ho inngår ofte i dei enklaste madeira-vinane saman med tinta negra. Bastardo er òg ei raud drue som har vore brukt på øya sidan 1800-talet. No er det berre 1,61 ha igjen. Listrão (palomino fino) er nesten borte frå Madeira, men det er litt igjen på Porto Santo. Terrantez er saman med malvasia av dei høgst verdsette druene, men etter phylloxera vart svært lite planta på nytt. Gjev svært ujamt utbytte, og det finst til saman litt over to hektar att. Moscatel finst i forskjellige variantar, men no vert druene brukt til konsumdruer. Elles finst og ørsmå mengder triunfo, caracol, rio grande, deliciosa og valveirinha.

Komplekst

Men så enkelt er det ikkje. For namna på druene er dels lokale namn. Sorten som på Madeira går under namnet boal, heiter offisielt malvasia fina. Av dei ca 40 ha med malvasia, er om lag 36 ha ein sort som heiter malvasia de são jorge. Denne vart kryssa fram ved statens senter for jordbruksforsking i Lisboa og planta på Madeira på 1970-talet, hovudsakleg i São Jorge på nordkysten av øya. I tillegg finst det om lag 4 ha med malvasia di lipari, som på Madeira går under namnet malvasia cândida. Denne er dyrka på lågareliggjande vinmarker nær havet ved Jardim do Mar og Fajã dos Padres. Denne var den opprinnelege malvasia på Madeira og truleg planta fyrste gong allereie på 1400-talet.

Er du ikkje mett på madeira? Her, her og her finn du meir. Enjoy.

Utvikling eller bevaring

Av dei åtte produsentane av den tradisjonelle sterkvinen på Madeira, er Vinhos Barbeito av dei mest innovative og spanande. Det ser ut til å vere ein større interesse og evne til å eksperimentere, med det mål om ikkje berre bevare, men òg utvikle kva madeira kan vere for noko. Det er ikkje slik at det berre er å ha vinen på eit eikefat på lageret i 20 år og så blir det gull. Kvar produsent har sin stil, delvis basert på typen fat og på temperaturendringane i lagerromma. Men Barbeito tek det altså endå litt lenger. Heldigvis, for madeira har behov for litt fornying.

Duo frå Diogo

Eg har smakt to nye lanseringar frå Ricardo Diogo, som er sjef på Barbeito. Det er ein bastardo og malvasia cândida. Ein vinbonde som heiter Téofilo Cunha planta i 2004 noko bastardo i São Jorge, og sidan 2007 har desse druene blitt vinifisert av Barbeito. Malvasia cândida-druene til den andre vinen kjem frå Fajã dos Padres. Begge vinane går under kategorien Reserva Especial, som betyr ein vin som ikkje har vore i estufa, men fatlagra i husets armazem og som er gjennomsnittleg ca ti år.

Barbeito Bastardo Reserva Especial Quatro Pipas Medium Dry

Lys brun. «Tørr» lukt med appelsinskal, treverk og krydder. Djup og lekker madeira med smakar mot tørka frukt, sopp og sitrusskal. Godt grep i munnen. Frisk og halvsøt madeira. Betre og meir kompleks enn ein Duas Pipas Bastardo som vart lansert for nokre år sidan. 19% alkohol, 69 g/l restsukker, 6,9 g/l syre. Kostar 699,90 for 50 cl flaske. Jaudå, madeira kostar, men dette er bra.

Altså gjennomsnittsalder på ca ti år. Vinen er sett saman av vin frå fire ulike fat på 450 liter. Tre av vinane vart gjæra på skalet, medan ein er pressa og gjæra som kvitvin. Alle fire fat har stått i lagerhus D, som ligg nede i Câmara de Lobo og har sinkplater på taket. Her er det varmt for vinen på sommaren og kaldt om vinteren. 2184 flasker vart tappa i november 2021.

Barbeito Malvasia Cândida Fajã dos Padres Reserva Especial

Ravfarga vin. Denne vinen er så god at han bør nytast med litt temperatur. Generelt kan ein prøve madeira frå litt ulik temperatur. Avkjølt vil vinen opplevast friskare, men noko kompleksitet går tapt. Dette kan ein leite opp att etter kvart som vinen vert varmare i glaset. Svært elegant og «lett» madeira. Eg finn knust stein, karamelliserte nøtter, kandisert appelsinskal og fløytekaramell. Smaken følgjer opp lukta. Dette er fleire hakk opp frå mykje anna madeira i kategori 10 year old. Søt vin, men med god syre og ein slik utruleg eleganse. Madeira er generelt litt digert, konsentrert og med rikeleg volatile syrer. Her klarer druematerialet å kome igjennom sukker, syre og framstillingsmetode. Ein ny benchmark! 19% alkohol, 90 g/l restsukker, 6,8 g/l syre. Kostar 799,80 for 50 cl.

Sidan 2006 har Barbeito laga vin på malvasia cândida frå Fajã dos Padres. Denne vesle hylla nede ved havet under klippa Cabo Girão var tidlegare kun tilgjengeleg frå båt. I 1984 vart det bygd ein heis oppe frå klippa. Vinstokkane er her bunde opp på ein type låg pergola, lokalt kalla latada. Vin frå fleire ulike fat er sett saman og tappa i 2366 flasker i november 2021.

Her kan du lese om to andre madeira på malvasia.

2 tankar på “Gamalt nytt, 2x madeira

Leave a Reply